fredag 27. april 2012


ADDIS ABABA

Sightseeing i Addis Ababa lørdag 21.4.

Organisert rundtur med buss i Addis Ababa. Først besøk på Nasjonalmuseet , deretter på Etnografisk museum. Interessant, sjølv om ikkje samlingane var store verken i breidde eller med tanke på det som er utstilt. Mykje er frå Haille S si tid og den kongen som var før han; Milik.
Det eg synest var mest interssant var å bli bevisst at Etiopia er det moderne mennesket sin opphavstad. Såg blandt anna skjelettet ( iallefall deler av det) Lucy som levde for 3.2 millioner år sidan. Lucy har også vore utstilt i Oslo. Homo sapiens blir rekna for å vere 200 tusen år gamal.

Addis ligg ca 2200 meter over havet og er omkrinsa av høgare fjell. Besøkte på ettermiddagen eit høgt fjell med god utsikt over byen. Dessverre var det både skya og regn så utsikten var ikkje den beste. Det kjem nokre voldsomme regnbyer no og då, men temperaturen er som ein fin norsk sommardag. Folket her synest det er kaldt......
På veg både opp og ned fjellet vart både Chathy frå Malawi og eg sjokkert over sjå kvinner berande på store og tunge bører av stokkar på skuldrene sine.
Var også innom to store marked, det eine visstnok det største i Afrika. Har ikkje handla noko. Har ikkje plass i bagasjen til meir. Om eg skal innom her på veg heim vil eg nok kjøpe meg sko. Dei har mye fint lær her i dette landet som jordbruk er hovudnæringa.

Fattigdom ser vi overalt. Og tiggarar. Men også folk som ser ut til å ha det bra. Store kontraster!








Søndag 22.4.

Skulle med Almaz frå Nord- Etiopia og Judith frå Uganda på ortodoks messe. Den var dessverre slutt når vi kom9.30. kl , men vi fekk kikka inn i katedralen og sett på folkelivet. Almaz som kjem frå nord i landet der dei bur og lever enkelt, nøda oss til å bli med til fotograf. Ho ønska eit minne frå turen. Ho og nokre få andre har knapt sett ein pc og digitalkamera. Ellers er dei fleste her godt kjendt med det. Utruleg at det er afrikanarane som klager på standaren her. At vi bur enkelt, dårleg internettforbindelse og lignande. Vi norske tek det meir som det er. Seinare på formiddagen var eg i ei kyrkje like ved senteret der vi bur. Ei kyrkje som minner om Pinsebevegelsen heime. Det var det heftig forkynning og sang. 2 par gifta seg. Brudene var utruleg vakre. Som fotomodeller. Kvinnene her er generelt svært pene og i tillegg flinke å pynte seg både med klær og sminke.

Var med Stian og Liv for å få sydd seg dress og drakt. For stoff og arbeid betalte Stian 400 norske kroner! Ikkje noko å sei på den prisen for attpåtil pent arbeid. Har seinare ogå fått sydd meg skjørt for 70 kr. Skal hente det straks.



                                                                      Tiggarnonne




                                                                        Hope frå Zambia


Fredag 27.4

Dagane har gått med interessante foredrag og hyggeleg selskap. Har hatt mange gode samtaler med deltararar frå ulike afrikanske land. Dei fortel meir enn gjerne om liva sine. Blir igjen takknemlig over å bu i Norge. Som sagt sjølv om mange har krevande liv, virkar det også som om dei på mange måter har større evne enn hos nordbuarar til å glede seg over små ting.


I går var det farewel -party med mykje god mat og dans. Afrikanarene har verkeleg sans for rytme.



                                          "sonen " min  Peter frå Uganda


Gruppa frå Norge framførte Per Spelmann som sangdans i dag tidleg. Ganske tregt i forhold til kva dei afrikanske framførte..........

I morgon tidleg går turen til Malawi. Spennande tider !

Gir lyd frå meg igjen når det blir mulig i Malawi. Alt vel til dåke alle frå Bjørg.

fredag 20. april 2012

Helsing frå Addis Abeba


Bildet øverst; nokre av deltgarane; Ketty som er på veg til Bergen, A.. frå Sør- Afrika til Zambia. Frøydis som skal med meg til Malawi, Liv som jobber i Statisk sentralbyrå og skal til Sør Sudan . Bildet nedanfor er frå festen tirsdag kveld.Nederst Frøydis på eit av dei mange framlegga vi må ha etter gruppearbeid.

Hei alle der nord!

Skriv nokre ord no onsdag kveld. Har nett vore på internett ei lita stund, men det forsvant plutseleg – IGJEN !

Internett kjem og går her også, nett som det vil bli i Malawi. Litt frustrerande, men eg må lære og leve med det.
Har vore her sidan lørdag kveld, kurs frå og med mandag. Har fått mye nyttig informasjon og møtt mange kjekke mennesker. 26 afrikanar og vi er 4 norske. Dei fleste er fødd på 70 og 80 talet. Eg er den eldste, og Frøydis som eg reiser med den yngste.

Er ein uformell og god stemning. Går forbausande bra kommunisere på engelsk. Litt folkehøgskule-følelse. Litt mye lyd til tider. Over gata er det ein pub der det er ganske livleg om kveldane. Allerede halv sju om morgonen, om ikkje før, starter aerobic i etasjen under! Er ikkje glad for alt vi eksporterer til Afrika.......Aerobicen for full musikk startar igjen etter undervisninga ca kl. 17. Altså ikkje mye ro å få for ei på min alder.
I staden for å ligge å ergre meg i dag tidleg, gjekk eg ein morgontur . Bytur på ettermiddagen med bla Solveig, vår koordinator. Er ikkje noko spesielt sentrum slik eg har forstått det gater med grus, folk overalt. Mange smykkebutikker. Trur kvinnene er glad i å pynte seg her. Drosjesjåføren som køyrde meg heim fortalte at heile lønna til forloveden gjekk til lebestift , kremar , frisør og lignande. Han måtte skaffe pengar til hus og mat. ( skal gifte seg om to veker og inviterte meg i bryllupet)

Er nyttig å få prate med dei to sjukepleiarane frå Malawi som skal til Norge.


Torsdag: frå og med natt til har eg hatt oppkast og diare. Har vore på rommet i heile dag, bortsett frå ein tur til sjukepleiaren og fekk noe pulver å blande i vatn for å unngå ut-tørrking. Begynner no å komme meg. Har nett ete ei banan. Kjem no til å legge meg under teppet snart.

Fredag: Hatt undervisning om interkulturell kommunikasjon . Nyttig det også, som det meste vi har som tema. Dei unge afrikanarane imponerer meg med sitt mot og optimisme og sin intelligens. Ellers er magen bedre. Heldigvis. I morgon er det rundtur i byen som står på programmet, bla besøk på museum og visst nok

søndag 15. april 2012

Kjære alle der nord.

Kom vel fram  til Addis Ababa seint i går kveld. Alt gjekk greitt på reisa bortsett frå at Frøydis ikkje fekk bagasjen sin. Reknar med den kjem i morgon. Ho får låne det ho treng av oss andre, så ho stresser ikkje med det. Dei fleste her er ortodoks kristne og feirer 1.påskedag i dag. Dei har våka i heile natt med sang og bønn i kyrkjene. Dei gongane eg har vore litt våken i natt kunne eg høre salmesang i det fjerne. Personalet her på Røde Kors senteret er dermed veldig trøtte. Godt at ikkje kurset begynner før i morgon.

Har ein roleg dag her på kurssenteret. Er ikkje så mange deltakarar som har kommen enno. Ingrid og Gunhild, som er på veg tilbake til Norge frå Malawi, og Frøydis som eg reiser med, har tatt turen til eit hotell for å bade og sole seg. Sola forsvant i stad, men det er fin temperatur her.

søndag 8. april 2012

Førebuingar

No er det berre dagar igjen til eg reiser til Malawi. Det vil seie lørdag 14. 4 reiser eg til Etiopia for eit to vekers førebuingskurs. Deretter begynner kvardagen i Nkhoma Malawi. Spennande tider.