torsdag 28. februar 2013

FARVEL OG TAKK


FARVEL OG TAKK TIL MALAWI

I midten av mars er eg tilbake på Brattholmen. Noko eg ser fram til. Tenk å komme heim når det begynner å bli vår og lysare dagar!
På tampen av opphaldet sit eg igjen med ei kjensle av takksemd over å ha fått denne muligheten til å arbeide og bu her i dette landet i nærmare eit år. Vil nok for alltid vere prega av all den openheit, tillit og varme eg er blitt møtt med hos folk her. Det overskuggar det som ikkje alltid har vore så lett.









STOR TAKK


Eg og personalet på kirurgisk avdeling retter ein stor takk til familie, venner, kjente, Bugøynes omsorgs-senter, Bugøynes helselag, og andre som har sendt pengebidrag til kirurgisk avdeling. Trudde ikkje når eg kom hit at eg skulle komme til spørje nokon heime om pengar. Veit at stort sett alle har sine prosjekt og saker dei støttar.
Behovet for grunnleggande utstyr og ei skrapa kasse hos Fredskorpset, gjorde at eg ikkje kunne la det vere. Til mi og andre si glede har eg fått tilsendt pengar som eg trur gjer ein forskjell på avdelinga på fleire hald. Pengane er brukt til å kjøpe trillebord og diverse utstyr til kirurgisk avdeling. Noko av dette er kostbare her. Dette vil venteleg vere med å redusere både infeksjonar og feilbehandling.




INFORMASJON OG DEKORASJON


Den minste summen er brukt på det som er mest synleg, og ikkje minst viktig. Ein heller trist avdeling er blitt penare med maleri på fleire rom. Mange pasientar ligg i vekevis til sengs og kan ha glede av noko pent å sjå på. Folket her i det store og heile tradisjonsbundne. Midt opp i all elendigheten er dei fleste paradoksalt nok svært stolte av sin kultur. Landsbyen dei kjem frå søker dei gjerne tilbake til. Om dei bur og jobbar andre stader, gjerne heile sitt vaksne liv, er draumen der om ein gong å reise heim. Røtene til heimstaden er sterke. Bilete som beskriv daglegliv er folk glade i. Og kanskje litt stolte over at landsbylivet, som er det mest vanlege, er verd å illustrere ?
Dei uttrykker iallefall glede over bileta.





På avdelinga er plasterlappar på dører med informasjon på det lokale språket, bytta ut med skilt som har ein illustrasjon og kort tekst på chichewa. At nokon i si tid har valt å henge opp plaster med tekst på chicewa er prisverdig. Det såg etter mi meining midlertidig og sjabby ut. Språk er ein del av ein person sin identitet. Sjølv om engelsk er det offisielle språket, er chichewa morsmålet. Dei med minst skulegang kan gjerne berre det, og dei utan skulegang har bruk for illustrasjonar. Ein sjukehusverden kan vere framand nok som den er om ikkje språk og mangel på forståeleg informasjon skal gjere det verre.



















 


I dusjromma er det måla illustrasjon om korleis bruke dusjen. Pasientar frå landsbyane som ser ein dusj for første gong veit ikkje kva der er. Nokon trur holet i golvet er til å tisse i. Kan du ikkje lese veit du ikkje kva shower er. Eg synest kunstnaren Rashid Banda har greidd å illustrere det godt, og pent. 



 

Ein lokal snikkar har laga rammer til å ha diverse prosedyre i. Desse heng lett tilgjengeleg, og sikrar i større grad at pasientar får behandling i tråd med faglege retningsliner.





KORLEIS HJELPE ANDRE TIL Å HJELPE SEG SJØLV ?

Har meir spørsmål enn svar til det. Det er slåande i kulturen på sjukehuset her i Nkhoma at dei er vane med å FÅ. Og at det er dei kvite som set i gang med forbetringar. Sjukehuset eksisterer på grunn av donasjonar frå ulike land, både i form av pengar og utstyr og personell. Legar, anna helsepersonell, og mange studentar kjem for kortare eller lengre periodar. Nokre legar har vore her over mange år og styrer det medisinske og økonomiske. Det er berre ein ung utdanna malawisk lege på sjukehuset. Resten av legane, har ei kort medisinsk utdanning. Mange gjer etter mitt inntrykk ein imponerande innsats. Dei fleste virkar å vere oppriktig engasjerte i yrket sitt, og glade for å hjelpe folket sitt. DET er oppmuntrande å sjå. Fleire er i gang med å undersøke faglege spørsmål og nokre vil utarbeide nye rutinar. Utruleg kjekt å sjå nokon av dei lokale tek tak i ting det kan gjerast noko med.

At sjukehuset manglar mykje det er rett. Mi meining er at dei har - eller kan utvikle, det VIKTIGASTE. Og det med heller små midlar. Det eine er å forbetre dei hygieniske forholda. Det kostar svært lite. Både vatn og klorin som er desinfeksjonsmiddelet dei brukar, er nesten gratis. Det andre er å følgje opp pasientane på ein meir omsorgsfull måte. Her krevst ikkje anna enn menneske med gode haldningar. At pasientane og pårørande opplever å bli godt behandla når dei er i kontakt med sjukehuset er avgjerande for at dei skal få tillit til helsevesenet. Får ein folk si tillit kan dei i kanskje i større grad bli mottakeleg for helseopplysning, og sjølvsagt til å oppsøke helsevesenet ved behov. Ikkje i så stor grad ty til alle desse heksedoktorane som ofte gjer meir skade enn gagn.

Helseopplysning er det i høgste grad bruk for: om familieplanlegging, hygiene, kosthald, og HIV, for å nemne noko.

Kunnskap må til for at folk kan ta eigne val, ikkje berre eksistere frå dag til dag. Men først av alt må dei ut av fattigdommen, som aukar frå år til år.

Løysinga på det, sit ikkje eg med. Måten vår å hjelpe på har så langt ikkje har ført til betring i levekåra for dei som treng det mest.





fredag 15. februar 2013

Gleder, fattigdom og strikkekurs

GLEDER OG GÅVER OG ALMISSER

Trur det er allmennmenneskeleg å bli glad for at nokon tenker på ein og for gåver som symboliserer dette. Utruleg kva glede eg ser når eg deler ut babyhuer, eller gåvene til VVF pasientane.

Masse huer er delt ut, nokre sokkar og tepper. Skulle ønske alle dåke strikkande der heime hadde fått sett dette. Glade mødre med skjønne ungar. Med huer frå blant anna Ruth på Brattholmen, Eli på Stord, Torill i Bergen for ikkje å snakke om frå pasientar på Sunniva dagavdeling, og damer i Bugøynes og Lindås og andre. Akkurat no for tida kan det vere litt varmt med huer av ull midt på dagen når sola skin. Men mødrene er så stolte!
  
Berre forsett å strikke dåke somm har tid og lyst. Den mest vanlege oppskrifta gir litt små huer for dei fullbårne ungane. TIPS; legg opp 70- 74 masker ( istadenfor 60) og strikk 11- 12 cm før felling. Då kan ungane bruka hua lenger, dei fleste har berre denne eine.





                                                   Patric 1 månad med hue frå Bugøynes

           


Vilfred som har vore her i nærmare to månader hadde med forskjellig hit frå sitt og andre sitt overskot. Blant dette var det mange slips frå svoger Tor. Dei var lett å finne plass til i ellers fullstappa bagar. Like før jul fekk alle pasientane på sjukehuset ei gåve. Eg leverte blant anna slipsa til dei som stod for utdelinga. Må ærleg tilstå eg var litt flau over å ha med desse «unyttige» slipsa. Mange fortsatt var innpakka og aldri brukt. Etter utdelinga var over fekk eg telefon med takk. Vart fortalt at slipsa var det som hadde gleda mest, og mange hadde tatt dei i bruk der og då. Nok eitt eksempel på at vi menneske er ikkje så ulike. Pynt set vi pris på. Vi treng vel det og på eit vis?




Det er kjekt å dele ut gåver å sjå gleda hos mottakaren .Men det å vere i ein slik situasjon at dei er avhengige av «almisser» for å kunne få nødvendig klede på kroppen, eller anna dei treng. Kva gjer det med sjølvbilete ?
Ei av sjukepleiarane sa noko om det når vi to sat og prata ein dag. Det er ei som aldri har ymta frampå at ho treng støtte til noko. Eg jobbar mykje ekstra fortalte ho, når ho var i form til det. Har ein stor familie å forsørgje. Ville ikkje tigge. Sa det gjorde noko med verdigheita å skulle gjere seg ynkeleg og tigge.



«DEI ER JO SÅ MANGE» FATTIGDOM OG TIGGING

Mange tiggar. I forbifarten på vegen, eller dei kjem til huset vårt. Like gjerne eldre som unge kvinner med barn. Oftast er kleda fillete og skitne, og dei seier dei manglar mat, klede og pengar. Kan gi til nokre, men ikkje alle. Til det er det ALTFOR mange. Når eg ser flokkar av fattige er det ikkje mogeleg å ta inn over meg enkelt skjebne. Heldigvis trur eg vi menneske slikt laga. Vi treng å ha psykiske beskytteles-mekanismar. Samstundes er det noko urovekkande i dette. Det kan fremje likegyldighet,

Kom til å tenke på ein episode frå Bugøynes i forfjor. Det var lemenår. Det krydde av lemen over alt. Frå Vilfred sitt hus kunne vi sjå gutar springe etter og plage desse små til døde. Var ubehageleg å vere vitne til. Når vi i kveldinga gjekk ein tur spurte Vilfred gutane om korleis dei trudde dette var for lemena? Ein av dei svara spontant; men dei er jo så mange.....

Når enkelte derimot står på trappa, med ein unge på ryggen eller i handa, er det verre. Den siste tida har det vore mange på døra her, gjerne før eg skal gå på arbeid. Denne tida på året er visst ekstra vanskeleg. Dei har lite mat igjen etter avlinga frå i fjor. Det er enno eit par månader før dei kan hauste på nytt. Vi har gitt nokre som kom på døra både chitenje og mat. Eg trur det må ha ryktast. Denne helga har det vore fleire å kakka hardt på døra. Eg har dessverre måtte avvise dei.

Ei ung kvinne med eit barn på ryggen gav seg ikkje. Sat utanfor huset i lang tid. Eg fekk etter ei stund hjelp av ei nabo til å forklare henne at vi hadde ikkje chitenge og mat til alle. No var det ikkje meir. Ho vart likevel sitjande. Til slutt kom eg på eg hadde litt maismjøl.( det vart ikkje noko av planen å lage nsima til Vilfred når han var her. Tenker også det smakte betre på restaurant) Eg gav henne dette mjølet, sjølv om eg der og då var usikker på kor lurt det var. Håpa på at ho då ville gå, noko ho ikkje gjorde. Etter ei stund stilte ho seg opp rett utanfor døra.
Eg venta besøk av nokre amerikanske misjonærar frå Lilongwe og held på med å bake skillingsbollar. Samstundes vaska eg klede i maskina ( Vatn på dagtid for første gong på veker)

Kontrasten var slåande. Utanfor døra ei lutfattig ung kvinne med ein unge som sutra. Med ein pose maismjøl ho ikkje synest var nok.

Innanfor, herleg duft av nybakte bollar og lydar frå ei vaskemaskin som gjorde jobben for meg. Dilemmaet var vanskeleg. Skulle eg gi henne nokre bollar når dei var ferdig? Ho hadde sett bretta med bollar til heving! Brød og bønner hadde eg gitt vekk dagen før, maismjølet no. Frøydis sin mat kunne eg ikkje gi. Suppe-posar og noko hermetikk er eg i tvil om ho ville forstå kva det var. Samstundes hadde eg alt sagt nei. Og dessutan måtte prøve å setje ein stoppar for alle dei som kom på døra.





Nokre ber om pengar til skulegang, ikkje berre dei fattige. Både ungdommar på vidaregåande skule, sjukepleiestudentar og personale på sjukehuset. Mange tilsette på sjukehuset vil studere vidare, eller dei treng pengar fordi dei skal gifte seg, har arbeidsledig ektefelle og så bortetter. Virkar som ALLE har for lite pengar. Eller har det også noko med ei haldning om at det er den måten mange har fått pengar på ein lettvint måte tidlegare? Vil tru at nokon, spesielt «legane» kan ha mulighet til å legge til side pengar for å spare for eksempel til ei vidareutdanning. Det varierer om folk spør direkte eller meir indirekte. Kan kanskje sjåast som eit teikn på initiativ å spørje om pengar. I det minste prøver dei seg. Og av og til har dei flaks. Nokon er vanskeleg å seie nei til av ulike årsaker.


STRIKKEKURS

Eg som nærast hadde skrinlagt tanken på å lære kvinner å strikke har faktisk gjort det. Ei eldre kvinne eg er blitt kjent med hadde lyst å lære det. Vi gjekk i gang. Tett som familiane bur her kom snart eit barnebarn innom. Ho ville også prøve seg. Deretter ei datter og svigerdatter. Til slutt var det åtte damer i gruppa. Fleire ville det blitt om eg hadde meir tid. For mange nabokvinner var inni om og viste interesse. Kor som er har det vore ein flittig gjeng. Dei har strikka huer, og nokre er i gang med vestar. Ungar som treng klede er det nok av på tunet. Kan tru dei var stolte når dei var ferdig med det første produktet, og eg med! Om dei kjem til å fortsetje å strikke veit ikkje eg. Det er dyrt med strikkegarn. Iallefall har vi hatt mange fine ettermiddagar i lag. 

 
     
                                                                    Lille Matthews kjente seg litt forsømt no og då.

 

                                    Nokre ferdige produkt

søndag 10. februar 2013

SNART HEIMREISE

LITT OM Å ARBEIDE I EIN ANNA KULTUR OG ØVELSE I TÅLMODIGHET

Målet for opphaldet her var å forbetre forholda på kirurgisk avdeling. Både før under og etter operasjonar. Noko har vi har fått gjort i. Vi har jobba saman med ei gruppe malawiske sjukepleiarar og legar. Har blant anna laga nokre nye rutinar og revidert nokre i tråd med dagens retningslinjer. Ei sjekkliste har definitivt forbetra pleia før operasjonar. Med denne lista sikrar vi i større grad at det som skal gjerast før operasjonar blir gjort. Sist veke var det seminar der ulike tema vart undervist i. Påfyll av kunnskap for personalet.



                                        Chatrine Msosa, som nyleg er tilbake frå Norge underviser



Fleire ting ser ut til å måtte ligge, eller bli noko å ta tak i for dei lokale sjukepleiarane, nokre er særdeles dugande.Eller dei fredskorpsdeltakarane som kjem hit etter oss ? Begge deler er mogeleg.


Har lese og høyrt at det er ikkje vanleg for malawiarar generelt å reflektere over ting. Dei gjer som dei blir fortalt eller har alltid gjort. Det gjeld sjølvsagt ikkje for alle. Denne haldinga kan eg sjå. For meg har det vore, og er ei kjelde til frustrasjon, det å ikkje ha så mange å drøfte faglege spørsmål med. Ikkje alltid lett å sjå på praksis som med fordel kunne vore endra. Har fått øving i å sjå på, og måtte la ting ligge. Til tida kanskje er moden. Eg som liker å ha rasjonelle grunnar for det eg gjer reint fagleg, har fått røynt min tålmodighet. Men for all del eg har også hatt stjernestunder med gode diskusjonar med kollegaer og andre.



                                           Prat i sola med gode kollegaer.




Å komme frå eit norsk helsevesen og standaren der, og hit, var på mange måtar eit kultursjokk. Eg trudde rett nok det var verre. Å få innpass med nye haldningar tek tid. Trur at no når det nærmar seg slutten på opphaldet, kanskje kunne vere tida for å jobbe vidare med mange ting. No begynner vi å få tillit. Som er fundamentet for eit konstruktivt samarbeid. All erfaring tilseier at det tek tid å få innpass i eit nytt miljø. Dessverre er det snart tid å avslutte her. Prosjektperioden er utvida til slutten av april. Forhold der heime gjer at eg truleg kjem heim i midten av mars. Om ikkje før dersom far min blir verre. Det er absolutt oppgåver eg skulle gjerne ha jobba vidare med, og prosjekt utafor sjukehuset eg kunne tenke meg å få meir kjennskap til. På same tid er det heldigvis ikkje lenge før eg er heime igjen.

LATE AFRIKANARAR ?

Er einig med landsbyhøvdingen Katungu med fleire som seier at skal landet sjå ei betre framtid i møte krevst det initiativ frå lokalbefolkninga. Og hardt arbeidd. Ei vanleg oppfatning av afrikanarar er at dei er lite arbeidsame. Bøndene Malawi som er omlag 85 prosent av befolkninga ser ut til å jobbe jamnt og trutt. Strever for å få mat til seg og sine. Å seie at dei ikkje er hardt- arbeidande kan ikkje stemme. Grytidleg startar dei med arbeidet på jordene, eller i hagen som dei kallar. Reiskapane dei bruker er hakker og ein slags ljå. Ingen plog, traktor eller andre hjelpemiddel. Dei har ein pause midt på dagen. Då er det rader av folk over alt langs vegane i dette tett befolka landet. På veg heim for å lage lunch,. Det vil seie kvinnene lager mat medan mennene kviler.....Deretter er dei atter igang med diverse arbeid.







                                                         Dette gjer seg ikkje sjølv.
                                                          

Ikkje berre bøndene arbeider mykje. Å vere vitne til fiskarane sitt arbeid, har gjort meg imponert! I arbeid nærast døgnet rundt. Fiske om natta eller tidleg på morgonen,og klargjering av båtar og utstyr på dagtid. Av og til har eg sett dei ha seg ein blund på stranda. Ikkje nett moderne utstyr dei heller har å hjelpe seg med. Undrar med over når tid desse søv skikkeleg. Og fangsten kan vere mager.




                                             Fiske ved Malawisjøen


Ser at det er masse menneskelege ressursar. Mange evnerike som ikkje har mulighet til verken utdanning eller jobb utan om gardsbruket eller fiskebåten. Dei lever i eit slags natur-hushald. Har nesten ikkje pengar. Det det dei dyrkar eller fiskar har dei store familiane ofte bruk for sjølv. Å selje nokre få grønsaker i løpet av ein dag gir ikkje mange kroner i kassa. Sjølv for dei som har vore så heldig å ha ei høgare utdanning, er arbeidsmulighetane få. Utdanning utover helseyrka garanterer på ingen måte for arbeid. Om ikkje ein då har kontakter. Kjennskap og vennskap er porten til det meste. Korrupsjon på eit eller anna nivå gjennomsyrer samfunnet.

Dessverre for helseyrka sin del, ser det ut som mange søker seg dit av den enkle grunn at ein er sikra arbeid. Ikkje fordi dei ønsker det. Det bær særskilt sjukepleiaryrke preg av. Dessverre.



                                                           Rosalind på vaktrommet



På Nkhoma sjukehus, der eg har mi erfaring, er det i periodar mange frå vestlege land. Det er mest legar og studentar i sjukepleie eller medisin. Dette er hender som tar i eit tak. Er dette med å gjere at det lokale personalet får anledning til å gå inn i, eller forbli i ei passiv rolle?


Nokre vestlege legar er her over år, men dei fleste nokre veker. Studentane kan vere i veker eller månader. Dei kjem gjerne med pene klede, moderne mobiltelefonar, laptopar og anna misunnelsesverdig. Har sine turar til Malawisjøen i helgane. Og skal snart heim til velstanden dei kjem frå, med ei eksotisk oppleving i bagasjen.

Dette er gode folk her berre kan drøyme om. Kva sit så dei lokale igjen med mon tru? Nokre av personalet har vore bla i Norge og SETT forskjellane. Andre har fantasiar om korleis det er. Av desse trur dei fleste vi er steinrike alle saman.


Mange kan virke underdanige i enkelte samanhangar. Pasientar og pårørande som går ned på kne når dei kjem for å spørje om noko. Eg ber dei alltid reise seg. Prøver å finne ein stol eller benk slik at vi kan sitje ansikt til ansikt. Veit at det er vanleg at kvinner og jenter kneler når dei mottek noko frå ektefelle eller ein eldre bror. Som teikn på sin lågare posisjon. To unge damer lo når eg spurte om det var slik i deira familie. Det er kulturen vår svara dei. Virka fjernt for dei å tenke at det kunne vore på noko anna måte. Ein tidleg morgon eg vandra langs stranda ved Malawi-sjøen, traff eg nokre menn som venta fiskebåtar inn. Vi kom i prat og eg bestilte fisk til middag av ein av desse. Mannen virka på alle måtar trygg på ein utadvent måte som er vanleg for dei fleste malawiarar. Seinare på dagen kom han til hytta vi leigde med fisk i eit knippe. Eg kjente han først ikkje igjen, der han stod med bøygd nakke med ærendet sitt. No var han tydelegvis ikkje lenger på trygg grunn saman med kameratane, men i hagen til nokre musunguer. Her kjente han seg tydeleg underdanig, heime er kvinnene i den posisjonen.

Eg har mange gongar undra meg over kva som kan ligge under overflata på alle desse vennlegsinna i dette lille landet der over 50 % lever under fattigdomsgrensa.

EIT VAKKERT LAND.

Ikkje minst etter ha feriert langs langs Malawi- sjøen frå sør til langt nord er eg slått over kor vakkert dette landet er. Spesielt no i regntida når det er grønt over alt. Maisårar og anna veks så fort ein nærmast kan sjå det frå dag til dag Vakkert både langs sjøen og oppe i fjella. Og overalt, menneske kneisande i fargerike klede blant alt dette grøne. Folketalet har auka drastisk på tross av AIDS epidemien. Frå 3 millionar til over 15 millionar menneske i løpet av 40- 50 år.



Dessverre at landet, som har ein innsjø som strekk seg langs store delar av landet, få vatningsanlegg. Det kunne ha auka jordbruks- produksjonen betydeleg.




                                     Vilfred ved ei av dei paradisiske strendene utan andre turistar.


Like etter ferien helste eg for første gong på ein av mine nye naboar. Kona han er sjukepleiar. Sjølv skulle han om nokre veker flytte til eit naboland for å jobbe. Han synest det var tungt å forlate kona og dottera som berre er ca ein månad gammal. Han såg ikkje andre muligheter. Han spurte meg kva eg synest om Malawi. Med alle inntrykka frå ferien på netthinna sa eg at eg synest landet var svært vakkert. Fortalte han kor vi hadde vore.

Han sa noko slikt som ; var det berre dette du såg? Kva med alle dei fattige menneska? Han gav uttrykk for sterk harme over situasjonen landet og folket hans er i. Eg vart nesten litt brydd. Samstundes glad over å treffe eitt menneske med engasjement.



                       ALTERNATIVT HELSEVESEN OG HEKSEKRAFT



                                          Salg av urter og bark på marknaden i Nkhoma

Det er ikkje berre det offentlege helsevesenet som tek seg av sjuke folk med forskjellige sjukdommar og plager. Er ei rad med tradisjonelle behandlarar. Mange søker først hjelp der, andre tyr til desse behandlarane om dei ikkje synest dei får hjelp på sjukehuset eller helsesenteret. Stort sett er det ulike urter som blir tilbydd som medisin. Mange blir rispa i huda og urter lagt i opninga. Er vanleg å sjå arr etter ein slik behandling på alle deler av kroppen.


                                          Kvinne, stolt av sin tatovering 


Ikkje veit eg om noko av dette kan vere til hjelp. Eg reagerte når eg var på akuttmottak i praksis legane skreiv ut mykje antibiotika for etter mitt synspunkt heller milde symptom. Det formidla eg til Savel som er clinical officer,det er ei kort type legeutdanning. Savel som er ein forstandig mann som kjenner sitt folk godt kunne fortelje meg noko av grunnen til dette. Han var samd med meg at det ideelle ville vere å sjå det an nokre dagar. Han visste derimot at om pasientar ikkje fekk hjelp i form av medisinar. var vegen kort til ein tradisjonell healer. Desse hevda han kunne i mange tilfelle gjere vondt verre, og forhindre at dei kom tilbake til sjukehuset om dei trong behandling der. Dessutan er avstandane store. Å gå mange kilometer for å komme til sjukehuset er ikkje uvanleg. Har du først tatt turen med eigne plager eller med eit sjukt barn, vil du ha ei hjelp der og då.

Dei tradisjonelle healarane er mange, og driv truleg mest med «medisin» som er harmlaus. Urter og diverse bark er mye brukt. Også vanleg er å tatovere tynne strekar i huda der dei tilset kol med urter i. Dette i det området pasienten har plager. Å få behandling direkte i det området ein har smerter finn pasientar meining i. Å få medisin i munnen når dei har vondt i ein fot kan virke meiningslaus på mange. Desse tatoveringane er vanlege å sjå spesielt hos godt vaksne kvinner. Ofte i panna, ellers kor som helst på kroppen. Er ikkje til undre seg over at dei kan vere plaga med hovudverk alt dei må stå i, frå mange barnefødslar til tungt arbeid og mange bekymringar. At ferre unge har desse tatoveringane kan kanskje også ha med at dei unge er meir opplyst? Eller at unge folk her som heime naturlegvis har færre plager enn dei litt opp i åra? For kort tid sidan hadde vi ein ung pasient som hadde tatoveringar på store deler av ryggen. Han hadde, svært sjuk som han var. oppsøkt ein tradisjonell healer. Dessverre hjalp ikkje denne behandlinga. Her på sjukehuset vart han operert for hol på tarmen på grunn av tyfus. Dessverre døde han etter nokre dagar.


                                                    Alvorleg sjukdom med mange tatoveringar


Er lett å misforstå i nye kulturar.Har i det siste fått korrigert opplysningane om tatoveringar i panna! Det har ingenting med sjukdom å gjere. Er rett og slett fordi kvinner og menn dei synest det er pent! Er ein litt gammaldags dekorasjon, derfor ser ein det helst hos godt vaksne kvinner. Også diverse amulettar er vanlege å sjå, mest på barn.

 

                                             Sovane jente med beskyttande amulett


Det er utbreidd å tru på heksekraft. Om noko uforklarleg og forferdeleg skjer, vert det ofte tilskriven heksekraft. Høyrde om ein lege på den kjente augeavdelingen på sjukehuset som vart ramma av dette. Augeavdelinga opererer i hovudsak grå stær. Pasientar kjem frå fjern og nær for å få behandling. Nokre også frå nabolandet Mosambique. Lange rader med pasientar sit utanfor avdelinga på vekedagane. Alle med med kvit lapp i panna like over det auge som skal opererast. Dei fleste kjem ikkje til sjukhuset før dei er nærmast blinde. Etter ein heller enkel operasjon får dei eit nytt liv og kan fungere i kvardagen igjen.
Tilbake til heksekraft. For nokre år sidan sa den tyske augelegen, som då var tilsett her, opp ein hjelpepleiar han ikkje var fornøgd med. Denne tilsette dreiv også som tradisjonell healer, og med heksekunst. Like etter oppsigelsen vart denne legen bevisstlaus. Ingen fann ut årsaka til dette, verken i Malawi eller Tyskland. Folk her er overtydd om at det hadde med heksekraft å gjere. Kunnskap kan bryte ned fordommar. Å få heva utdanningsnivået her i Malawi kan kanskje vere med å redusere den utbreidde trua på heksekraft. Enno er det dessverre langt igjen til allmenn skulegang.
No i regntida ser eg at mange har bruk for å ha barn frå dei er ca 8-10 år heime. Dei trengs for å gjete geiter og kyr. Blir ikkje desse passa på vil dei gå i åkrane og ete av avlinga. Dei vaksne er travelt opptatt med å luke ugras no som både mais og ugras veks i rekordfart. Ser så langt ut til å bli gode avlingar i år.

                                                                   Gjetargutar


Også her er kvaliteten på healarar etter det eg har fått vite varierande. Eg tenker då på alle alternative behandlarane vi også har heime. Også her kan alternativ behandling vere kostbar. Det eg forstår betyr mest for pasientane som søker hjelp er å bli lytta til, og tatt på alvor. Viktige grunnar til at også folk heime søker det alternative helsevesenet. Nok ei påminning om kor mykje det betyr for oss menneske korleis det vi kjem med av plager blir møtt.

Ikkje minst i samband med fødsler som let vente på seg, er det vanleg at kvinner søker hjelp for å få fødselen i gang. Blir då gjerne gitt ein urte-drikk som skal stimulere til rier.  Drikken gjer gjerne det, men riene blir ikkje kraftige nok til å få barnet ut. Kvinna kan ha dagar med rier som ikkje er effektive før ho søkjer anna hjelp. Og då kan skade ha skjedd.



                          VVF OG UTSTØYTING AV KVINNER.


Under nokre av desse langtrekte fødslane kan hovudet til barnet bli ståande å stangande mot urinblæreveggen. Blæreveggen får då nedsett blodtilførsel og det kan danne seg opning mellom urinblære og skjede. ( Vesica vaginal fistula,. VVF) Av og til danner det seg også ein gang mellom endetarm og skjede. Dette fører til lekkasje av urin og avføring. Og er i høgste grad ein plagsam tilstand. Det skal ikkje stor fantasi til for å førestille seg lidingane til desse kvinnene. Desse problema kan ramme kvinner i alle alder. Mange blir utstøytt av ektemannen. Andre folk held seg også unna på grunn av sjenerande lukt. Hjelpemidlar som bind, har dei fleste ikkje råd til. Eit stoff- stykke er det dei har å hjelpe seg med.
Har ikkje tala i hovudet, men det dreier seg om STORE antal kvinner kvart år i heile Afrika. I Malawi er det å bli operert for VVF problematikk gratis. Det gjeld å nå ut med informasjon, og få kvinnene til å søke hjelp. Slike plager, og gjerne utstøytingi årevis, får kvinnene til å føle skam og isolere seg. På Nkhoma sjukehus har det vore vanleg å operere ca 50 kvinner i året. Dei må vere innlagt 14 dagar før og etter operasjonen. I vekene før får dei innlagt blære-kateter og antibiotika behandling. Lite skjer i denne perioden. På avdelinga har dei eit eige rom. dette for at medpasientar ikkje skal bli plaga av sjenerande lukt. Eit lite og mørkt rom med vindauge langt opp på veggen. Av pengar frå venner og familie heime er det kjøpt to bilder for at rommet kan bli litt penare og dei kan ha noko å sjå på. Marit Nergaard Aas som har overtatt som koordinator for prosjektet, var her blant i februar i fjor. Ho intervjua kvinner som var innlagt. Nokre hadde hadde desse problema i over 10 år. Dette førte til eit stort engasjement for denne gruppa.Marit har bla skaffa økonomiske midlar frå Grieg Fondation til innkjøp av diverse utstyr. Ting dei vil ha bruk for under opphaldet. Planen var at vi i samarbeid skulle ha eit støtteprosjekt for desse kvinnene, som i kortare eller lengre tid har hatt det ekstra vanskeleg. Strikkekurs var eit av tiltaka. Dessverre for prosjektet sin del, slutta kirurgen som opererte desse i sommar. Enno har ingen overtatt etter han. I påvente av ein som er under opplæring blir dei fleste som søker hjelp for tida operert i Lilongwe 
 

                                           Marit og kvinner etter utdeling av gåver.


Vi har nyleg hatt ei ung kvinne som pasient her. Utruleg kor glad ho vart for gåva; ein vaskebalje med blant anna litt klær, bind, såpe og lotion. Trur likevel det som gleda henne mest var det at nokon tenkte på henne, og kvinner i same situasjon.