fredag 7. desember 2012

LANDSBYAR OG HØVDINGAR


Det er vel 330 landsbyar rundt Nkhoma Mission. Innbyggarane i ein landsby er stort sett i familie med kvarandre. Talet på hus i ein landsby varierer. Ikkje uvanleg med 150 til 250 små hus. Gruppert med gjerne 5-6 hus med næraste familie. Familiane er barnerike, så det kan bu ein heil del menneske i ein landsby. Husa står tett i tett. I nokre landsbyar er husa av ubehandla murstein, andre igjen har dekka mursteinane med sement. Nokre få har mala denne sementen, vanlegast med ein brunraud farge øvst og koksgrå nederst. Taka er dekka av bølgjeblikk eller strå. Kor mykje dei «pynta» på husa sine avheng av økonomi. Nokre har vindauger, andre berre plater dei set føre gluggane om kvelden for å halde kulde, regn og mygg ute, alt etter årstida. Varmen er umogeleg å halde ute. I dei fleste landsbyane eg har vore i er det velstelt og pent utanfor husa. Dei kostar bort lauv og anna rusk med små kostar som gjer at arbeidsstillinga er ryggen i 90 graders vinkel. Få om ingen klager over ryggplager. Eg spurte Wilfred ( gartnaren) om han fekk vondt i ryggen av denne arbeidsstillinga? Det fekk han av og til fortalte han. Han vart glad når eg gav han pengar til eit skaft han kunne feste kosten på.



                                             Typisk landsby



Om det ofte er pent rundt husa skal ein ikkje langt bort før bosset ligg strødd. Plastposar og rusk og rask overalt. Ser ikkje pent ut. I dette går geiter, hundar og høner på kontinuerleg jakt etter mat. Er ikkje uvanleg at geiter dør av tarmslyng etter å ha ete plastposar. Ei grop i hagen er vår bossplass. Gartnaren brenn det no og då.



                                           Bestemor som har mista alle sine 7 barn


Ingen i landsbyane har strøm. Nokre har radio som går på batteri, som ofte sprakar og skurrar. Lyttarane har likevel sett svært så tilfredse ut. Gjerne benka på ein stol utanfor huset. Er sikkert ein luksusartikkel dei er stolt av å vise fram. Tenker med skrekk og gru om alle skulle ha radio eller musikkanlegg i landsbyane. Om husa har veggar, dei totalt utan lydisolasjon. Det gjeld også vårt hus. To av våre næraste naboar har gode musikkanlegg og er svært glad i å spele høg musikk. Her står folk opp med sola. Det manglar er ikkje uvanleg at då startar lyd- uhyret. Gjerne i 5-6 tida om morgonen, Musikken trengjer seg gjennom veggar og øyreproppar. Basslyden høgg tak i kroppen. Då er berre å riste søvnen av meg å starte dagen. Nokre vil vel lure på om ikkje det er mogeleg å gi beskjed. Har gjort det på ulikt vis utan å lukkast. Morgonen er dessutan ei fin tid på dagen. Ideelt for ein liten tur før arbeidsdagen begynner klokka 7. Og før det blir for varmt for den slags aktivitet.



                                            Landsbyfamilie ( nokre av barna er på skulen)


Kvar landsby har ein sjef/ høvding; village headman blir det kalla. Dei er ein slag ordførar som er sentral i alle viktige avgjerder, samt seremoniar som bryllaup og gravferd. Dei har posisjonen på livstid etter dei er valt.

Når ein village headman/ høvding dør må det velgast ny. Den blir valt av dei eldre i landsbyen. Valkomiteen er eldre menn og kvinner frå kvar familie. Dei samlar seg i eit hus ved midnatt og valet skal vere klart på morgonkvisten. Wilfred, gartnaren vår sin høvding døde i sommar. Det var ei eldre kvinne som hadde styrt landsbyen i over 20 år. Den nye vart valt like etter. Denne gongen ein mann på ca 50 år. Wilfred fortel han trur det var eit godt val. Seier den nye er ein roleg mann med ein omsorgsfull personlegheit. Noko han han trur er viktige eigenskapar for den som skal ha den posisjonen. 
Er ein for grådig også på denne posisjonen er det mogeleg å "karre" til seg pengar. Mange av oppgåvene til høvdingen blir han betalt for. Eit grelt eksempel på dette viser noko som skjedde tidlegare i haust. Området til fiskarane i ein landsby ved Malawi sjøen vart selt. Høvdingen hadde selt område til indarar som skulle bygge hotell. Ideelt for hotell, men kvar skulle då fiskarane på dei 70 båtane med opp til eit mannskap på 9 på kvar båt gjere av seg? Salget vart etter massive protestar omgjort i slutten av oktober. Optimismen hos fiskarane var tilbake sist eg besøkte landsbyen.

                                     Fiskarar klargjer båt og utstyr



 
Eg har blitt litt kjent med ein av desse landsby-høvdinagane i nabolaget. Han heiter Katungu. Vi kom i prat på ein av mine morgonturar. Han arbeidde på åkerern. Var meir enn villig til å ta ein pause i arbeidet for å slå av ein prat. Med engasjement fortalte han meg brotstykke av landet sin nyare historie og personlege erfaringar med det. Eg hadde seinare ei hyggeleg stund ein søndag ettermiddag i heimen hans, saman med Marit, noverande koordinator for prosjektet her. Han fortalte om arbeidd for å få fleire vannpostar til landsbyen og midlar til vedlikehald av desse. Han ivrar også for å ikkje hogge ned for mykje skog, og stimulerer til at barn får skulegang. Han hadde ein boge på veggen i stova. Har laga den for å vise barnebarn og oldebarn reiskap som i ei ikkje fjern fortid var brukt for å jakte.


                                                Katungo viser kordan bruke pil og boge

Som seg hør og bør, etter det han fortalte, fekk eg gåve med når eg skulle til å gå. Ein stor pose peanøtter frå eigen hage. Kan lage mykje godt av det. Har fått smaken på nokre Malawiske rettar der ein brukar mjøl av peanøtter. Mjølet får ein ved å knuse reinsa nøtter i ein stor mortar. Dette er matrettar eg heilt sikkert også kjem til å lage også etter eg kjem heim.


LEOPARD OG ELEFANT, HYENER OG SLANGAR


Ettersom fjellet er blitt avskoga, har mange dyr blitt borte. For landsbyhøvdingen er det viktig å halde halde historia i hevd, samstundes som han er open for å tenke nytt. På museet i landsbyen er det eit skinn av leopard og ein elefant-fot. Begge etter dyr som er felt i området her for ca 50 år sidan.



                                                    Marit med elefantfot og leopardskinn



Er ikkje mange eksotiske dyr igjen. Den sky hyenen kan eg av og til høyre ule om kveldane. Har berre sett ein, og den var skoten. Låg til offentleg skue bak politistasjonen. Ein slange har vi hatt besøk besøk av i hagen. Slangen var stålgrå, gjekk nesten i eit med vatn-renna rett nedanfor terrassen der Marit og eg sat og hadde lunch. Fotoappatat vart funnen fram i ein fei, og Wilfred gartnaren vår alarmert. Vi rakk å fotografere den med ei firfisle i munnen før Wilfred tok den av dage.






I følgje han var slangen ufarleg. Det er få giftige slangar i landet, men dei fins. Også her i nærleiken. I forrige veke var det to pasientar med slange bitt innlagt på sjukhuset. Den eine, ei 5 år gamal jente, døde. Er uvisst om det var slangebittet eller andre årsaker som malaria på hjernen,eventuelt hjernehinnebetennelse som førte til dødsfallet. Den andre pasienten kom frå det med livet. Der hadde slangen lagt i sengetøyet..... Avdelingssjukepleiar fortalte i dag at i går vart ein slange, black mambo avliva av gartnaren deira. Det er ein SVÆRT giftig slange. Gifta vil ta livet av eit menneske på ca to timar. Det var sagt at det var denne type slange som hadde bite den 5 år gamle jenta. Det at ho døde meir enn 12 timar etter bitet, gjer det mindre truleg at det var det som var årsaka til at ho stoppa å puste. Skjønar eg må vere oppmerksam når eg er ute i hagen. Det er dessutan gliper både under og rundt dørene som det er mogeleg for all slags kryp å komme inn gjennom!


STRIKKING OG LANGE TIMAR UTAN NOKO Å GJERE

Kona til landsbyhøvdingen ville gjerne eg skulle lære henne å strikke. Høvdingen, som var den som førte ordet og gav henne beskjeder, foreslo ho kunne bruke tida til å strikke når ho i timevis kvar dag sat ved den lille salsboda dei har. Dei sel forbruksvarer som såpe og sukker bla. Landsbyen er liten og eg kan ikkje tenke meg det er særleg mange kundar innom i løpet av ein dag. Han formidla her tankar eg også har tenkt. Om det å bruke tida når ein set og venter på at kanskje ein kunde dukkar opp. Har dessverre enno ikkje får anledning til det, no når eg endeleg har funne ei som verkeleg ser ut som ho ønsker å lære. Ettermiddagane her er korte. Mørkt alt i sekstida. Er ikkje mykje eg rekk etter eg er ferdig på jobb klokka 4. Er ikkje tilrådeleg å gå ute etter mørket, dessutan er det dårleg med lys i husa. Kveldstid er ikkje egna verken til handarbeid og lesing. Dei fleste et middag i 7 tida, etter det er det til sengs.


                                             Kvinne på bussen som lærte å strikke på "norsk" måte



                                           
                                         PEOPLES PARTY










Heldigvis er ikkje folk berre resignerte. Eg vart invitert med på politisk møte i ein nabolandsby av Mr. Chicuse som jobber på laboratoriet.Nysgjerrig som eg er på å lære landet litt betre å kjenne, takka eg ja. Reiste dit saman med sjukepleiar Anne Marit og lege Guntram frå Bergen. Dei ville heller ikkje gå glipp av dette. Veldig kjekt for meg å ha lag med andre norske å dele opplevelsar med. Framme ved folkemøtet vart vi straks møtt av Mr. Chicuse, og geleida inn på VIP paviljongen. Der sat det stort sett eldre menn, flest høvdingar fekk eg seinare vite. Der var taler og sang, og regelmessige rop av slagordet PP. I det fredelege Malawi var til og med livvakter på møtet, kledd i mørk dress og med mørke solbriller..... Møtet varte og rakk. Ikkje mogeleg å forlate plassane våre utan å vekke oppsikt. I respekt for han eg kjenner ville vi vente til han var ferdig med si tale. Det var berre å smørje seg med tolmod. Var ikkje mykje av bodskapen eg fekk med meg. Talane forgjekk i rask tempo på Chichewa. Men enkelte ord gav meg innblikk i tema. Kollegaen min håper på å bli folkevalt frå området ved neste val. Peoples party er dei som sit med regjeringsmakta i dag. Ei kvinne, Joyce Banda, overtok som president etter at den forrige døde brått i april i år. Ho har lova mange positive endringar, utan at det har vist seg i handling enno. Det som folk merkar på kroppen er at alt er blitt mykje dyrare. Det vart foretatt ei devaluering på 49 % i sommar. Skal vere nytt val i 2014. Då er det 20 år sidan landet fekk demokratisk styre, noko som ikkje har redusert fattigdommen. Tvert imot. Barnedøden har rett nok blitt redusert. Men familiane får like mange barn som tidlegare. Når fleire lever opp på grunn av større fokus på barn si helse blir det fleire munnar å mette. Hjartesakene til kollegaen min er fleire vann-postar i området, og eit opplæringssenter for foreldrelause barn. Slik at barn som no gjerne ligg den utvida familien til byrde, kan etter nokre år på barneskulen få ei handverksutdanning. Etter mi meining er begge deler gode saker å kjempe for. Det var mykje folk samla,både barn og vaksne. Oppmuntrande å sjå politisk engasjement i dette landet der så mykje virkar å stå stille.





                                              Mr. Chikuse held sitt innlegg.
                                                  

torsdag 8. november 2012


STELLA OG DELINA, AMMING OG SJEKKLISTE.


Har i løpet av tida eg har vore her har eg blitt kjent med ein del pasientar, i større eller mindre grad. Dei fleste er på sjukehuset nokre dagar før dei set seg på ein minibuss, leiger ein sykkeldrosje eller går heim på eigne bein. Få blir henta i privatbil. Drosjer må ein heilt til Lilongwe, 6 mil unna for å få tak i. Tenker reisa heim for mange er slitsam. Gjerne berre dagar etter ein operasjon, kanskje med ein nyfødd unge. Bussane går når dei er fulle. Og då meiner eg stappfulle. Av folk, ting og tang. Veit at nokre kan ha med både høner og geiter, men har eg ikkje opplevd sjølv. Jau foressten ei ung dame hadde med ei høne sist eg tok bussen, hovudet stakk ut av sida på ei lita pappeske. Ikkje uvanleg å vente minst ein time på at den skal fyllast. Stort sett sit folk så tett og har så mykje med seg at det er vanskeleg å røre seg. Føter og skuldrer kan kjennast som å sitje i ei skrustikke. Når ein skal av kan det ta tid når mange må flytte på seg og alt dei har med av bagasje. Eg som er frisk kan enno synest det kan vere ein oppleving. Prate med folk, eller berre sitje å vente. Gjerne medan eg strikker litt, det er som regel armslag til det medan bussen fyllest.

Stella og Delina er to har eg blitt godt kjent med. Har fått lov å fortelje hennar historie og vise bilete.



For nokre veker sidan under ein keisarsnittoperasjon fekk Stella hjartestans. Bedøvinga som skulle gå til nedre del av kroppen, gjekk opp og lamma hjarte og lunger. Også andre ting gjekk gale. Blant anna utstyret som skulle registrere blodtrykk og puls fungerte ikkje. Dette ville truleg aldri skjedd i eit vestlege land. Det er sørgjeleg å sjå at mykje dyrt, donert medisinsk utstyr blir øydelagt av ustabil tilførsel av straum. Ingeniørar i Norge er sett på saka for å sjå på mogelege alternativ for å kunne stabilisere straumen. Straumen går stadig vekk. Den kjem tilbake med ujamn styrke noko som lett øydelegg elektronikk.


                                                        Stella og mor hennar


Stella var i koma dei første dagane. Deretter vakna ho utan å kunne kommunisere. Dei to første vekene var det lite framskritt å sjå. Eg tenkte med gru på korleis det ville gå framover. I ein landsby utan gode senger, heimesjukpleie, sondemat og så bortetter. Det kom truleg til å oppstå komplikasjonar som ville bli hennar bane.

 


Den lille jenta Delina var heldigvis sunn og frisk. Ho hadde bruk for mor si, ikkje minst for å få trygg og god næring den første tida. Amminga kom heldigvis i gang etterkvart. Den lille jenta var roleg og sov mykje. Dette førte til at ho vart lagt sjeldan til brystet og gjekk ned i vekt. Det såg ut som dei pårørande var glad for at barnet sov mykje. Dei hadde hendene fulle med å pleie den sjuke som i periodar var svært uroleg. Eg hadde også andre pasientar å ta meg av, slik at eg ikkje fekk fylgt familien så tett som dei hadde behov for. Fann dermed ut eg skulle lage ei sjekkliste for å skaffe meg oversikt over kor ofte barnet vart lagt til brystet. Laga liste med datoar nedover på arket og ba familien setje eit merke når barnet hadde fått mat. Dei nikka og smilte og såg ut til å forstå. Etter nokre timar såg eg at dei hadde kryssa i hytt og ver på arket. Det viste seg at dei verken kunne lese eller skrive. Morsmjølkerstatning er å få kjøpt. Det er svært kostbart, og krev tilgang på reint vatn og reine tåteflasker. Å skulle koke vatn mange gonger for dagen på kostbart trekol eller ved er ikkje lett å få til i praksis. Veit at mange dermed lett slurvar med reinhald. Det kostar mange spedbarn livet å få ein kraftig diare. Det er derfor av avgjerande her at barn får bryst-ernæring. Her der så og seie alle kvinner ammer barna sine er det ikkje vanlege å donere morsmjølk. HIV pandemien gjer at dette ikkje blir tilrådd av helsepersonell.

Stella og den lille jenta var døgnet rundt omgitt av mor, svigermor, og av og til andre i familien. Noko som må ha vore trygt for henne. Dei pårørande vart meir og meir slitne. Ei streng praksis på antal besøkande gjorde at dei næraste ikkje fekk den avlastinga dei trong. Dei hadde bruk for både assistanse og opplæring i korleis pleie henne. Dette fekk eg lov å delta i. Malawiske sjukepleiarar har lite med stell og pleie å gjere. Mi erfaring frå sjukepleie i Norge kom til nytte. Mannen hennar kom to gonger. Han jobbar på anlegg i eit naboland. Reisa hit kosta han både mykje tid og pengar. Familien var fortvila. Håpte på betring sjølv om det ikkje såg slik ut den første tida.

For å gjere ein lang historie kort; språk, og større og større førlig-heit kom etter nokre veker. Ho kunne fortelje om det ho hugsa frå tida då ho ikkje evna å kommunisere med omverda, og kor frykteleg det var å ikkje kunne snakke. Og ikkje minst om redsla ho hadde kjent på. Stella reiste heim etter å ha fått taleevna tilbake og kunne gå med støtte .Ho kom dessverre ikkje opp til kontrolltimen etter 14 dagar. Kanskje ikkje så rart. Turen til sjukehuset var lang. Heim kom ho seg ved hjelp av buss og det siste stykket skulle ho bli henta av ei oksekjerre. Eg hadde svært lyst å treffe henne igjen, var blant anna spent på om ho kunne gå utan hjelp. Utruleg flott å vere med på denne « reisa» i lag med Stella og familien. Som «sunnivasøster» er ikkje det ofte eg får oppleve noko særleg betring hos pasientane. Og her i dette landet ville ho ikkje ha muligheiter om ho ikkje kom seg. Stella dukka opp veka etter og kom spaserande stødig på sine to bein.
Agness ein sjukepleiarstudent som hadde vore til god støtte for Stella og familien, og som tolk for meg, forslo at vi kunne besøke henne ein gong heime. Stella og mor hennar sa vi var velkommen når som helst.

                                                      Agness og Stella




NAMNEVALG OG TRADISJONAR

Jenta fekk namnet Delina etter ei oldemor. Før namnet vart bestemt hadde ho eit anna namn.
Det er i Malawi vanleg at faren finn namn til den førstefødde. Ettersom faren var bortreist i samband med jobb tok dette litt tid. Etter det første besøket av denne beskjedne unge faren, spurte eg mor hans om jenta hadde fått namn. Ho fortalte at det hadde ho, men ho ville ikkje fortelje kva det var. Eg vart svært nysgjerrig. Kunne ikkje skjønne kvifor ho ikkje ville seie kva det var. Etter ei stund oppga ho namnet og ein av dei tilsette fortalte at namnet betydde freisting. Det kom fram at svigermor til Stella hadde lagt sterke føringar for namnevalet. Reknar med ho var opp-brakt over blant anna kva situasjon sonen var kommen i. Er ikkje uvanleg her i landet at barn får namn etter omstende rundt for eksempel fødselen. Synest å hugse at « Oluf» Arthur Arntsen har fortalt om liknande praksis i Nord Noreg.
Ein klok og omsorgsfull hjelpepleiar hjelpte meg med å diskutere med familien om det var lurt å gi barnet eit namn som kunne bli til belastning for henne. Eit slikt namn ville kunne gi barnet skuld for det som var hent med mora. Etter å ha tenkt seg om ei tid vart namnet endra til Delina. Eit namn eg trur alle var nøgd med.


BESØK HEIME HOS STELLA, SUKKER OG SALT

Agness som sjukepleiarstudent på avdelinga må ha praksis mange helgar. Sist helg hadde ho fri og foreslo at vi kunne ta ein tur å besøke Stella laurdag. Vi drog avgarde saman med besøkande frå Norge. Dei som no er i Nkhoma for nokre veker er sjukepleiar Marit, legen Guntram, begge er ressurspersonar i prosjektet, og Anne Marit, tidlegare kollega. Fleire av desse hadde møtt Stella tidlegare. Vi avtalte at om det såg ut til å virke overveldande på familien at vi kom mange, kunne nokon trekke seg unna. Er ikkje lett å vite kva som kan opplevast som greitt eller ikkje for andre. Vi var alle nysgjerrige på korleis ein vanleg familie lever på landsbygda, men ville sjølvsagt unngå at det vart ubehageleg på nokon måte for familien vi besøkte.

Eg sa til Agness at vi ville kjøpe med ei gåve til mor og barn og nokre kjeks og ein pakke te. Agness ba meg sløyfe kjeks og te. Heller kjøpe ein pose med sukker og salt. Noko som kunne brukast i matlaginga. Vi kjøpte sukker og salt, men valte også å ta med luksusartiklane kjeks og te.
Vi hadde ikkje vanskar med å finne landsbyen og huset med hjelp av nokre som kjente familien. Stella og den lille jenta bur i lag med foreldra og dei fire små søskena hennar i to hus som står tett i tett.






Vi vart godt mottatt. Dei hadde ikkje trudd at vi nokonsinne verkeleg ville komme på besøk. Ei matte av strå vart lagt ut slik at vi fekk sitje på reint underlag ute i tunet. Ein stor flokk naboungar og nokre kvinner var plutseleg der og såg på dette merkelege med dei 4 kvite som kom til landsbyen. Enno er ikkje Stella heilt den same som før. Noko som på fleire område er krevjande for henne og dei næraste. Ein del ting må truleg lærast på nytt. Eg ser ikkje bort frå at det blir nok ein tur for å sjå til korleis det går med Stella, Delina og resten av familien. Det har gjort sterkt inntrykk å sjå på nært hald både denne familien, og andre som har så lite at dei har knapt med mat, og kleda er så slitt at dei ikkje lenger heng saman og er umogeleg å reparere.


                                         

torsdag 11. oktober 2012

NÆROMRÅDET OG NKHOMA MISSION/ LANDSBY

Nkhoma Mission vert området rundt sjukehuset kalla. Det starta som ein misjonsstasjon i 1889, bemanna med ein lege. Stasjonen er gradvis bygd ut, og innbefattar no sjukehuset med 220 senger, ein presteskule og ein sjukepleiarskule. Dei eldste bygningane på sjukehuset er 100 år gamle. Husa der tilsette på desse institusjonane bur, ligg med noko mellomrom. I heile området er det mange store og gamle tre. Desse trea er freda. Øverst i lia, nærmast fjellet, bur leiinga på sjukehuset, nokre legar og nokre sjukepleiarar. Vi bur lenger nede, like ved sjukehuset. Huset vi bur i er eit av ca 10 nye hus for sjukepleiarar. Er få leigebustader her. For å få personale hit er det å kunne tilby bustad ein føresetnad. Folk flest har ikkje privatbil, busstransport er ikkje å satse på, og Nkhoma må ein seie ligg noko utanom allfarveg. 
 
    Sjukehusområdet.Streken begynner med avd der eg jobbar,og slutter omtrendt der eg bur


Eitt par hundremeter nedanfor oss ligg marknadsområde med masse små butikkar. På laurdagar kjem bønder og andre seljarar dit frå fjern og nær. Området blir forvandla til ei tue der det kryr av folk og dyr og allslags varer. Mange av butikkane på marknaden er eig av kyrkja. CCAP - Church of Central Africa Presbytarian, er eit luthersk kyrkjesamfunn. Kan minne litt om vår statskyrkje. Kyrkja er ein stor maktfaktor i landsbyen. Den i tillegg til å eige mykje, har sett forbod mot å selje alkohol her. Det er rett nok to pubar nær marknadsområde,og nokre brygger øl sjølv. Det er altså muligheit for å sløkje tørsten for dei som har behov for det. Og det er det her som ellers i verda. Det bur ca 1700 menneske i missjon området. Det er omlag tre hundre og førti landsbyar med omlag 60 tusen menneske som har Nkhoma sjukehus som sitt lokalsjukehus. I tillegg til sjukehuset er det 10 helsesenter i nokre landsbyer som tek hand om sjuke folk. Avstandane virkar store, mest fordi vegane er svært dårlege og det er ikkje offentlege kommunikajonsmiddel til landsbyane. Folk går og går og går. Tek både tid og krefter, men dei held seg spreke. 


                                           Huset med Nkhomafjellet i bakgrunnen

I ryggen på landsbyen skyt ei fjellrekke opp i nord, med to høge majestetiske fjell. Eit flott tur område for meg. Folket som bur her brukar stort sett fjellet til nytteformål. Mest for å hente seg ved . Noko det blir mindre og mindre av ettersom skogen bli hogga. Igjen er det ein realitet at behova for dagen i dag, kan øydelegge for framtida.
Medan den store CCAP kyrkja tronar oppe i åsen, ligg det lenger nede ei rekke små kyrkjesamfunn. Sjuandedags adventistar, pinsevenner, Levande vatn, Abrahams kyrkje, Katolsk kyrkje, Moske, for å nemne nokre .Eit vanleg spørsmål er kva kyrkje eg går i. Utenkeleg for folk her om nokon ikkje tilhører ei kyrkje. Det virkar ikkje som det er motsetnader mellom dei ulike kyrkjesamfunna.

HUS OG HAGE, GARTNAR OG HUSHJELP

Vi er så heldige at vi i forkant av huset mot fjellet har ein liten og usjenert hage. Overbygd terrasse skjermar oss frå sola som no begynner å bli svært varm. For å ta hand om denne hagen har vi gartnar. Vi overtok gartnar Wilfred frå dei forrige norske som budde her. Han kom straks vi flytta inn og spurte etter jobb. Ønska å jobbe fire dagar i veka. Hagen var opparbeida med mange flotte blomar. Må tilstå at eg ikkje kunne forstå at ein gartnar ville ha nok å ta seg til fire dagar i veka. For oss er det ikkje store summen i norske kroner vi betaler han. Vi tenkte han fekk begynne, så fekk vi sjå etterkvart kor stort behovet var. Litt etter litt kjøpte vi nokre frø. Etter ei stund vart blomsterhagen omdanna til ein grønsakshage. Tomat, turnips, salat, bønner, blomkål er noko av det som veks der. Sirleg planta i rader av ein som kan sine ting. Både vi, gartnar, hushjelp, samt naboar nyt godt av dette.


                                                                 Gartnar Wilfred





Ja de les rett, vi har også hushjelp. Olivia var også ansatt hos dei forrige i huset. Ville så gjerne ha jobb. Noko som det er stor mangel på her. Vi samtykka i det, sjølv om vi ikkje synest vi hadde behov for det. Og ho er til god hjelp.To dagar i veka kjem ho før vi går på jobbog går heim like før vi kjem heim. Den siste tida har vi hatt vaskemaskin som virkar, men før det var det spesielt godt å få vaska nokre av kleda. Dessutan vaskar ho i huset og lager litt mat. Er ein fare for at eg kan bli litt godt vant.



                                  Olivia og minstejenta Emma



Både det som blir gjort i huset og i hagen er avhengig av vatn. Noko det i den siste tida har vore mangel på. Hagen er for tida litt pjusk. Det vart truleg planta litt for mykje, litt for seint, i forhold til kva vatn vi har tilgjengeleg no i denne varme tida. Vaskemaskina treng også vatn for å kunne brukast. Det er dermed for tida stor konkurranse om vatnet her i huset. I dag var eg opp vel fem og hadde planer om å vaske ei maskin med klede før gartnar og hushjelp kom, og medan det enno var vatn. Eg var dessverre for sein. Wilfred stod alt i hagen og vatna. Han var bekymra over at grønsakene fekk for lite vatn og synest tidleg på morgonen var den beste tida å vatne. Det kallar eg ansvarskjensle. I staden for klesvask åt vi norsk frukost på terassen medan sola stod opp. Han synest det smakte godt med både brunost og kvitost. Det vart ein god start på dagen. Klesvasken fekk vente.


                                                                Frøydis på terrassen

Begge våre to tilsette er til glede og nytte for oss, og vi nok for dei. Iallefall til nytte. Vi sørgjer for at dei har betalt arbeid. Dei er nok blitt medvitne om forskjellane i deira og vårt levesett. Wilfred har kone og tre døtrer. Han snakkar godt engelsk, og er ein kunnskapsrik og reflektert mann som det alltid er kjekt å slå av ein prat med. Olivia har mann, som dessverre er utan arbeid, og to små jenter. Ho venter det tredje barnet i desember. Vi har enno ikkje fått avklart korleis det blir med jobben her då. Olivia snakkar berre litt engelsk. Ho er blid og imøtekommande,forstår rett nok ikkje alle beskjeder, men det går helst greitt. Er det viktige ting vi må snakke om, tolkar Wilfred. Har så vidt vore inni huset til Olivia. Det var svært enkelt. Eit lite bord med fire pinnestolar rundt, samt ei hylle med nokre få kjørler var alt inventaret. Ingen strøm og varn innlagt. For langt frå vatn til å kunne ha ein hage. Ho er ei av dei heldige som har fast arbeid.


Normalt for sjukehustilsette er tre månads permisjon etter fødsel, og dei jobbar vanligvis heilt fram til fødselen. Om ikkje dei  jobbar så hardt, er dei iallefall på jobb. Ikkje berre vi "musunguar" har den luksus det er å ha hushjelp og garnar. Dei fleste tilsette på sjukehuset har hushjelp 5-6 dagar i veka. Også sjukepleiarar som bur åleine. Har dei hage, har dei også ein garden boy. Dei har dermed lite praktisk arbeid i huset, bortsett frå å lage frukost til mann og barn. Enno er det er ei kvinneoppgåve.Sjølv om folk flest er konservative i deira levesett er det tydeleg at det skjer endringar i kjønnsrollemønsteret hos dei med utdanning.


torsdag 4. oktober 2012

DEN UTVIDA FAMILIE OG SKULEGANG OG ANALFABETISME

Når ein i familien får seg utdanning, og ei brukbar inntekt, aukar forpliktelsane.
Det er då vanleg at ein eller fleire nevøar eller nieser kjem og bur der, og får kosta skulegang. Dette kan vere positivt i mange høve. Men det er også eit stort ansvar både praktisk og økonomisk. Også eigne barn skal ein få fram. Skuletilbodet her i landsbyen er begrensa. Den offentlege skulen har eg fått fortalt er av dårleg kvalitet.

Det er omlag 90 elevar i kvar klasse og standarden på skulen er elendig både når det gjeld materiell og dei som underviser.
Det er i tillegg ein privat barneskule for dei første klassetrinna. Frå ungane er 9 år og til dei kan begynne på vidaregåande er det ikkje noko godt skuletilbod her, utover den offentlege skulen. Mange ser ikkje på den som noko alternativ. Det vil seie at barna må flytte på internatskule. Berre 9 år. Og flytte... Dei private skulane er dessutan kostbare. Det inneber gjerne at foreldra må jobbe mykje Ei nabo som er helsesøster, jobbar stort sett ekstra kvar helg for å ha råd til å ha dei to eldste jentene på 9 og 12 år på privatskule. Ho virkar ofte trøtt, men vil gjere alt for at barna skal få ei best mogeleg framtid. Ho har tillegg til sin eigen familie to yngre brør som bur hos henne.

                                                William Merry, privat vidaregåande skule

I landsbyen er det to vidaregåande skular, ein privat og ein offentleg. Høyrer mykje bra om den private. Begge skulane har internat for dei som ikkje er frå Nkhoma. Den private har dessutan kveldskule for dei som ikkje har fullført vidaregåande. Det er også mogeleg å gå opptil eksamen som privatist. Der er altså muligheter for dei som vil. Det er eit sørgjeleg syn å gå gjennom området for den offentlege. Internatet har knuste glasruter, stank av urin og er i ellers dårleg forfatning. Er altså ikkje berre i Norge at dei offentlege skulane forfell. Elevane klager over både dårlege lærarkrefter og mat.





                                          Offentleg vidaregåande skule.Intenatet. Nederste bilete av inne på 
                                          intenatet i sommar før elevane kjem med sine madrasser og anna.



                                          På veg til den offentlege barneskulen.Eg ser at fleire 
                                          av barna er feilernært.


Det er gratis å ha barn i barneskulen. Likevel er det mange som sluttar i ung alder. Utan å ha lært å lese og skrive. Er forundra over at ein stor del av pasientane på avdelinga, sjølv unge kvinner og menn, ikkje ein gong kan skrive namnet sitt. Vi har ein stempelpute der dei tar blekk på ein finger og signerer med fingeravtrykk.

Ein av «mine» pasientar som var innlagt nokre veker tidlegare i sommar, hadde ei søster som pårørande. Vi fekk god kontakt. Han snakka godt engelsk, ho ikkje. Han fungerte som tolk når eg ville prate med henne. Han hadde flytta tilbake til landsbyen til søstera når han vart sjuk. Denne søstera hadde 5 barn, tre i alderen for å gå på barneskulen. Ingen av dei gjekk der. Mora sa at dei likte betre å vere heime og leike. Trur ikkje det var i hennar tankar at skulen hadde ein lærdom som var nyttig for barna i framtida. Det var så vidt dei kunne brødfø seg på den hagen dei hadde.
Trur det gjer noko med folk å få brukt sine evner og ikkje minst å ha grunnleggande ferdigheiter i å lese å skrive. Heller ikkje dette landet vil få fart på utviklinga utan eit folk som kan dette.

Ein annan av mine naboar, som få år sidan vart utdanna sjukpleiar, ivrar for obligatorisk skulegang for alle barn. Han meiner at når kunnskapsnivået er så lågt som der er pr i dag MÅ folk ha reglar som fortel dei kva dei skal gjere. Blant anna at det må få konsekvensar om dei held barna heime frå skulen. Vestleg demokrati er for tidleg å innføre. Han held president Banda høgt, som var den første presidenten i det sjølvstendige Malawi. Presidenten hadde ord på seg for å ha vore ein godarta diktator. Han fekk blant anna innført eit relativt godt skulesystem. Etter dei fleste si oppfatning var han ikkje berre god. Det skulle ikkje store motstanden til for å verte fengsla. Bestefaren eg traff i åkeren fortalte meg at berre det å anlegga ein åker «feil» kunne føre til månader i fengsel. Sjukepleiar- naboen min fortel at faren av og til gav han juling for å få han til å gå på skulen. Også han ville heller vere heime og leike med naboungane. Han er takksam for det i dag. Ein eldre bror som var i fast jobb som tømrar, kosta utdanninga på han. Virkar ikkje som han kjenner han står i gjeld til han. Det er berre slik det er. Den som har mulighet i ein familie, hjelper.


I landsbyane der fokus er på dagen i dag, er det tydelegvis framandt med noko særleg skulegang.



KVA KAN EG VISE BILETE AV OG SKRIVE OM

I ein blogg som mange, i allefall reint teoretisk, har tilgang på, synest eg at eg må vere varsam med det eg skriv og viser bilete av. Kan ikkje fortelje om alt eg opplever. Verda er lita i våre dagar med internett. Eg vil ikkje utlevere nokon på ein uheldig måte.
For eksempel må pasientar også i afrikanske land ha rett til bekyttelse ved at ikkje deira historie blir fortalt utan deira samtykke.
Som helsepersonell og ikkje minst som kvit har ein makt. Som pasient og fattig analfabet,trur eg det for mange er vanskeleg å seie nei om dei feks blir spurt om det er greitt å ta eit foto.

Såg nokon grelle eksempel på det den første tida eg var her. Var då i praksis på ein avdeling med svært sjuke pasientar, dei fleste unge HIV smitta kvinner. På den avdelinga er det mange frivillige helsearbeidarar og studentar innom i korte periodar. Å sjå nokre av desse, på ein av sine første dagar, fyre laus med kamera på visittrunden, utan å vente på svar frå pasientar, eller utan å ense den non verbale motstanden, fekk meg til å tenke over når, og kven eg tek bilete av.

Hugsar eg i forbifarten passerte kantina til sjukepleiarstudentane tidleg i sommar. Der sat ei flokk med unge og velstelte studentar i sine fine uniformer. Eg tok opp kamera og spurte om det var ok eg tok eit bilete. Tok det for gitt at det var greitt. Nokre studentar vegra seg sterkt. Eg la kamera vekk og spurte ei av jentene kvifor ho ikkje ville eg skulle ta bilete. Ho svara; du vil berre sende bilete heim og skrive at det er ein gjeng med foreldrelause barn. Ho har tydeleg fått med seg at media i vesten er mest interesser i å formidle det tragiske i Afrika.

Vanligvis spør eg berre pasientar eg kjenner godt om eg får ta bilete. Oftast er det greitt. Svært sjuke og døyande har eg ikkje bilete av. Malawiske folk generelt liker svært godt å bli tatt bilde av. Dei poserer så gjerne, både barn og vaksne. Ler og koser seg når eg viser dei bileta på kamera. Har hatt mange flotte stunder med dette. Nokre spør om å bli tatt bilete av utan at eg eingong har kamera framme. Andre kjem stormane til for også dei vil bli tatt bilde av.

BILHAVARI, OG AMBULANSE, HJELPANDE UNGDOMMAR OG SMÅUNGANE


Sist helg var eg på dagstur med tre norske jordmødrer til byen Dedza. Helena som kom til Malawi på same tid som eg, har eg blitt etterkvart godt kjent med. Ho hadde Sigrun og Sissel på besøk frå Tromsø. Var min første «langtur» der eg køyrde sjølv. Frøydis og eg kjøpte bil for nokre veker sidan. Bilen har fungert som den skal. Den er rett nok ca 20 år, men etter det vi visste/håpte, i bra stand.

På heimveg, etter først ha kjent ein mistenkeleg lukt , lyste det rødt i rødt på panelet og bilen stoppa.
Mangla både olje og vatn. Olja lak kunne seg sjå. Det dryppa litt olje ned på asfalten.

Ikkje anna å gjere enn å ringe Sam, koordinatoren for å få råd om kva eg skulle gjere. Han sa han skulle sende ein bil for å slepe oss. Ein av ambulansane kunne vere kraftig nok til oppdraget. 
 
Vi hadde ingen aning om kor vi var, og klokka nærma seg fire. Klokka seks alt er det mørkt her. Og då er det bekmørkt! Og nok ikkje trygt å stå langs ein landeveg. Ingen veglys, og i landsbyane har ikkje husa strøm. Sam kunne etter å ha snakka med ein av ungdommane som hadde stimla til, fortelje at vi berre var ca 2 mil unna Nkhoma.

Det var berre å vente. Ein stor flokk unge menn omkransa oss. Få av dei kunne nokre ord engelsk. Kor dei kom frå så fort er ikkje godt å seie. Plutseleg berre var dei der. Før vi fekk sukk for oss var bilen skubba av vegen og bilen sjekka for olje og vatn, som den altså mangla. Vi kjente oss trygge på at ungdommane ville oss vel, men passa sjølvsagt på verdisakene våre. Dei venta tålmodig i lag med oss. 



 
Treng ikkje gå nærare inn på kva eg skulle ha sjekka før eg la i veg på tur. Men heldigvis var eg så klok at eg gjekk og henta mobilen før vi for. Hadde lagt den igjen heime. Utan den hadde det heile blitt meir komplisert. Reisefølgjet mitt held til i Lilongwe, og hadde ingen av mine telefon nummer.

Medan vi venta ein times var det mange bilar som køyrde forbi. Stort sett alle minibussar sakka på, og spurte om vi trong hjelp. Fleire bilar med kvite såg ikkje til vår kant. Utruleg å tenke på. Der stod vi fire kvite damer, på sein ettermiddag med ein havarert bil, og med ein flokk afrikanske ungdommar rundt oss. Vurderte dei ikkje om vi trong hjelp, eller var dei redde for å stoppe?

Over vegen samla det seg etter kvart ein større og større ungeflokk. Eg gjekk over og fekk tatt noen bilete. Ungane der virka meir fattige enn her. Såg nokre «interessante» ansikt eg fekk lyst å fotografere. Når eit bilde var tatt, ville ALLE eg skulle ta bilete av dei åleine. Men ingen ville vente på tur. Eg prøvde å organisere det på forskjellig vis utan å lykkast. Iveren deira var for stor og mi evne til å tolme den strakk ikkje til. Prisar meg nok ein gong lykkeleg over at eg ikkje vart barnehage eller småskulelærar. Er nok ikkje ofte at ein bil blir ståande ved landsbyen deira i over ein time, så det var nok ein begivenhet utanom det vanlege. 


 
                                            Ungar ved vegen.


Vi vart trygt køyrt heim i ambulanse, bemanna med tre gode hjelparar. Og bilen kom frå det med livet! 


 
Den starta som eit skot når den fekk vatn og olje.

I dag skal bilen på ein sjekk der vi kjøpte den. Deretter reiser vi til flyplassen for å hente Marit Nergaard Aas. Marit er pensjonert sjukepleiarlærar. Ho har vore engasjert i prosjektet sidan i vinter. Ser fram til samarbeidet.






















tirsdag 25. september 2012

DET VARME HJARTE AV AFRIKA

FELLESKAP OG ROMSLEGHEIT OG ANSVAR I DET VARME HJARTE AV AFRIKA.

Så langt eg har lagt merke til er folket her generelt eit sosialt folkeferd. Dei trivest best når dei er saman med andre. Dei har ikkje vanskeleg å finne noe å prate om. Trur ikkje mange tenker på å ikkje halde mål sosialt sett. Prat og latter er å høre overalt. Mange har lite av alt, klede er ofte slitt og ikkje alltid reine. Men ikkje lett å sjå at nokon let seg affisere av det. Kvinner går med ein gange som reine dronningar.

Også måten dei et på,understrekar fellesskapet. Alle et av same skåler. Vil ikkje skjønnmale det fattigslege. Eg veit at under overflata kan det ligge mykje bekymringar og lidingar som ikkje er så lett for folk å setje ord på. Sikkert ikkje ta innover seg for den saks skuld.
Har høyrt av vestlege som har vore her ei stund ,at dei etterkvart opplever seg sjølv som friare og mindre sjenerte enn tidlegare. Heldigvis er eg blitt noko mindre sjenert med åra. Også eg trivest godt i lag med folket her. Det skjer noko med folk når ein blir møtt med vennlegheit og romslegheit. Kanskje er det ikkje berre eit slagord at Malawi er det varme hjarte i Afrika?

Høflighetsfraser helser ALLE med; kordan har du det ? og til svar er det venta eg har det bra. Er det VELDIG ille svarer ein pangono, som betyr litt.
Kor skal du ? er også eit standard spørsmål. Ikkje berre fordi dei er nysgjerrig, trur eg, men like mykje av interesse for andre.

Familiane her er store, og begrepet familie omfattar mange. Det inkluderer i tillegg til den næraste, også søskenbarn, tanter og onklar. Det er sjølvsagt å stille opp om noen treng det. Familiebanda er tydeleg å sjå på sjukehuset.


PÅRØRANDE OG MANGEL PÅ SØVN OG PENGAR

Alle må ha ein pårørande hos seg under innlegginga. Av og til kan ein pårørande vere for lite med tanke på omsorgsoppgåvene. Slik at nokre har fleire med seg , feks både mor, svigermor, tante, nevø, bestemor eller ektefelle. Ammande kvinner har dessutan barn med seg.

Pårørande-området er eit lite samfunn i seg sjølv. Det omkransar sjukehuset på tre sider. Der hoggar folk ved, koker mat, vaskar klede, og seg sjølv. Og søv. På bakken, eller på harde sementgolv. Berre ein får sove ved sida av pasienten si seng, eller under den. Rett på sementgolvet. Det er kjøpt inn sivmatter for å sove på. Eg for min del skjønner ikkje at leiet blir vesentleg betre av å ligge på det.

Avdelinga er delt i to store rom, samt nokre avlukke for dei som har infeksjonar som kan smitte andre. Det er skarpt lys på døgnet rundt. Kaldt lys frå lysrør. Personalet har gjerne på høg musikk på vaktrommet, dag som natt, Det fins ikkje lydisolasjon mellom romma. Dagen med medisinar og stell startar alt i 4 tida på morgonen. Tenker på sjukehusa der nord der personalet listar seg rundt nattestid og tidleg morgon, for ikkje å forstyrre. Og pasientane der heime er ikkje redd for å klage om dei synest nokon snakkar for høgt eller slamrar med dører. Dei pårørande i Nkhoma passer og steller den sjuke med stor tålmod. Kan mangle på både kunnskap og god hygiene ser eg ,men viljen er der. Og dei fleste er villige til å lære. Tid og språkkunnskapar strekk dessverre ikkje ofte til for meg. Ser at mange etter ei tid på sjukehuset kan vere slitne av blant anna mangel på søvn, og bekymringar for pengar. Det gjeld både pasientar og pårørande.

Nkhoma Sjukehus er privat og pasientane må betale for opphald, materiell som blir brukt, og medisinar. Hugsar ikkje tala eksakt, men ein prostata-operasjon kostar omlag 25 tusen kwatsja. Alle må betale eit depositum før dei blir innlagt for å sikre at det vil bli betalt for opphaldet. Det hender pasientar blir nokre dagar ekstra avdelinga for at familien treng tid til å skaffe pengar. Har ein ikkje pengar er det fleksible ordningar for det. Alle pasientar må ha ei helsebok, som fungerer som både journal og resept. Ei enkel og etter mi meining genial løysing her nede. Boko kallast den. Om nokon av ein eller annan grunn ikkje har, eller har gløymt å ta den med seg, må dei kjøpe ny. Det kostar 70 kw eller omlag 2 kroner. Rett som det er har ikkje pasientar pengar til dette. Har fleire gongar måtte «hjelpe» dei med desse kronene.

Utan utdanning er lønnsnivået svært lågt. Og lønna arbeid er det stor mangel på .Ei hushjelp tener omlag 5 tusen i månaden, ein hjelpepleiar 15 tusen, ein sjukepleiar 40 tusen. Det er ingen alderspensjon. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå at ein ein satsar på ein stor barneflokk for å sikre seg i alderdommen.

Sjølv om mange må vere heime ifrå i lange periodar når dei har ein av sine på sjukehus, er det slik det er. Andre må då ta støyten heime. Trur ikkje det blir sett på som eit offer. Barn kan like gjerne bli tatt hand om av besteforeldre eller andre. Om dei er nær kvarandre og tek ansvar, er ikkje banda til nokre få, for tette. Livet her, tenker eg, er dessutan for sårbart til å kun lite på nokre få. Heime i dei små familiane våre kan du miste alt om du mister ein. Her er det definitivt ikkje garantert at nokon får leve til dei er gamle og mett av dage.


AMPUTASJONAR OG BRANNSKADER OG INTERNASJONALE FOND

Det er heldigvis ikkje alle sjukdommar ein må betale for på sjukehuset. Brannskader og amputasjonar , HIV relaterte sjukdommar er utan kostnader. Det same er behandling av barn under 5 år. Dei to første sjukdommane blir dekka av internasjonale fond. For amputasjonar gjeld det også protese.

Ein eldre mann hadde vore innlagt i nokre veker med eit sår på ein fot som ikkje ville gro. Han såg meir og meir sliten og bekymra ut, men han klaga ikkje. Når han vart informert om at deler av foten måtte amputerast virka det som all gnist vart borte. Det vart raskt lagt til at denne behandlinga var gratis, og at sjukehusopphaldet til no ville bli sletta. Lyset i augene kom raskt tilbake. Virka som det å miste delar av foten var ei lita bekymring sett opp mot kostnadane han hadde sett føre seg.


TÅLMOD OG RESIGNASJON OG SPRÅKLØYSE

Som eg har nemnt tidlegare er det få pasientar som klager. Nesten alle seier dei har det bra. Vi som står på utsida forstår at det må vere mykje som ikkje kan vere så enkelt i liva deira. Kan virke som at dei med utdanning og betre økonomi lettare kan beskrive problem og utfordringar. Har kanskje større tru på at det er mogeleg å få hjelp? Har ikkje resignert?

Er blitt meg fortalt at folk i middelalderen der heime, hadde lite språk for å beskrive korleis dei hadde det. Også der hadde dei fleste meir enn nok med å syte for at ein hadde det mest nødvendige for å unngå svolt og anna naud.
Nabo og sjukepleiar frå landsbyen her fortalte han hadde spurt ein pasient han såg var svært fattig, hadde ein stor barneflokk og var lam i beina ,om korleis situasjonen var heime. Alt var bra hadde ho svara. Men kva med mat då? Har familien nok av det? Svaret var at det hadde dei ikkje. Deretter hadde han tatt for seg ulike konkrete områder og avdekka mykje som var vanskeleg. Slik vart det mogeleg for henne å få uttrykt seg, og han kunne setje inn nokre tiltak der det var mogeleg.





MORGONTUR OG SAMTALE MED EIN BESTEFAR.

Litt over 6 på ein morgontur i fjellsida, traff eg ein eldre mann som arbeidde på åkeren. No er det tid å klargjere før dei skal til å så når regntida set inn i omtrent i midten av november. Vi vart ståande å prate, slik det ofte blir når ein treff folk som kan engelsk. Han fortalte at han hadde fleire barnebarn å ta seg av, dei hadde stort behov for det han kunne dyrke. Han hadde fortalt at han hadde hatt seks barn, tre budde andre stader, og med eit trist drag over ansiktet sa han at tre var døde. Eg lurte på om det var barna til dei døde han tok seg av. Han svara bekreftande på det. Dei hadde ikkje foreldre. Eg spurte korleis det var. Før eg fekk fullført setninga svara han kontant at det var ei byrde. Som 70 åring, med ei kone som var litt yngre, var det krevjane. Etter hans meining er det unaturleg å skulle ta seg av barn når ein har oppnådd høg alder. Han var sliten etter eit langt liv i arbeidd for å fostre opp sine eigne 6 barn.



søndag 23. september 2012

Med noen bilder.

FELLESKAP OG ROMSLEGHEIT OG ANSVAR I DET VARME HJARTE AV AFRIKA.

Så langt eg har lagt merke til er folket her generelt eit sosialt folkeferd. Dei trivest best når dei er saman med andre. Dei har ikkje vanskeleg å finne noe å prate om. Trur ikkje mange tenker på å ikkje halde mål sosialt sett. Prat og latter er å høre overalt. Mange har lite av alt, klede er ofte slitt og ikkje alltid reine. Men ikkje lett å sjå at nokon let seg affisere av det. Kvinner går med ein gange som reine dronningar.


                                                        

Også måten dei et på,understrekar fellesskapet. Alle et av same skåler. Vil ikkje skjønnmale det fattigslege. Eg veit at under overflata kan det ligge mykje bekymringar og lidingar som ikkje er så lett for folk å setje ord på. Sikkert ikkje ta innover seg for den saks skuld.
Har høyrt av vestlege som har vore her ei stund ,at dei etterkvart opplever seg sjølv som friare og mindre sjenerte enn tidlegare. Heldigvis er eg blitt noko mindre sjenert med åra. Også eg trivest godt i lag med folket her. Det skjer noko med folk når ein blir møtt med vennlegheit og romslegheit. Kanskje er det ikkje berre eit slagord at Malawi er det varme hjarte i Afrika? 


                                                  Mat, prat og latter

Høflighetsfraser helser ALLE med; kordan har du det ? og til svar er det venta; eg har det bra. Er det VELDIG ille svarer ein pangono, som betyr litt.
Kor skal du ? er også eit standard spørsmål. Ikkje berre fordi dei er nysgjerrig, trur eg, men like mykje av interesse for andre.

Familiane her er store, og begrepet familie omfattar mange. Det inkluderer i tillegg til den næraste, også søskenbarn, tanter og onklar. Det er sjølvsagt å stille opp om noen treng det. Familiebanda er tydeleg å sjå på sjukehuset.


PÅRØRANDE OG MANGEL PÅ SØVN OG PENGAR

Alle må ha ein pårørande hos seg under innlegginga. Av og til kan ein pårørande vere for lite med tanke på omsorgsoppgåvene. Slik at nokre har fleire med seg , feks både mor, svigermor, tante, nevø, bestemor eller ektefelle. Ammande kvinner har dessutan barn med seg.


                       
                                                                                                  Kokehus

Pårørande-området er eit lite samfunn i seg sjølv. Det omkransar sjukehuset på tre sider. Deler er inngjerda, og vakter passer på som haukar at ikkje pårørande kjem inn på sjukehuset utanom visitttidene. Der hoggar folk ved, koker mat, vaskar klede, og seg sjølv. Og søv. På bakken, eller på harde benkar av sement eller på golvet. Berre ein får sove ved sida av pasienten si seng, eller under den. Rett på sementgolvet. Det er kjøpt inn sivmatter for å sove på. Eg for min del skjønner ikkje at leiet blir vesentleg betre av å ligge på av den grunn. 

  

                                        

Avdelinga er delt i to store rom, samt nokre avlukke for dei som har infeksjonar som kan smitte andre. Det er skarpt lys på døgnet rundt. Kaldt lys frå lysrør. Personalet har gjerne på høg musikk på vaktrommet, dag som natt, Det fins ikkje lydisolasjon mellom romma. Dagen med medisinar og stell startar alt i 4 tida på morgonen. Tenker på sjukehusa der nord der vi som jobbar der  listar oss rundt nattestid og tidleg morgon, for ikkje å forstyrre. Og pasientane der heime er ikkje redd for å klage om dei synest nokon snakkar for høgt eller slamrar med dører. Dei pårørande i Nkhoma passer og steller den sjuke med stor tålmod. Kan mangle på både kunnskap og god hygiene ser eg ,men viljen er der. Og dei fleste er villige til å lære. Tid og språkkunnskapar strekk dessverre ikkje ofte til for meg. Ser at mange etter ei tid på sjukehuset kan vere slitne av blant anna mangel på søvn, og bekymringar for pengar. Det gjeld både pasientar og pårørande.

Nkhoma Sjukehus er privat og pasientane må betale for opphald, materiell som blir brukt, og medisinar. Hugsar ikkje tala eksakt, men ein prostata-operasjon kostar omlag 25 tusen kwatsja. Alle må betale eit depositum før dei blir innlagt for å sikre at det vil bli betalt for opphaldet. Det hender pasientar blir nokre dagar ekstra avdelinga for at familien treng tid til å skaffe pengar. Har ein ikkje pengar er det fleksible ordningar for det. Alle pasientar må ha ei helsebok, som fungerer som både journal og resept. Ei enkel og etter mi meining genial løysing her nede. Boko kallast den. Om nokon av ein eller annan grunn ikkje har, eller har gløymt å ta den med seg, må dei kjøpe ny. Det kostar 70 kw eller omlag 2 kroner. Rett som det er har ikkje pasientar pengar til dette. Har fleire gongar måtte «hjelpe» dei med desse kronene. 
 
                                          Doktor Barbara frå Norge skriv ut ein pasient.


Utan utdanning er lønnsnivået svært lågt. Og lønna arbeid er det stor mangel på .Ei hushjelp tener omlag 5 tusen i månaden, ein hjelpepleiar 15 tusen, ein sjukepleiar 40 tusen. Det er ingen alderspensjon. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå at ein ein satsar på ein stor barneflokk for å sikre seg i alderdommen.

Sjølv om mange må vere heime ifrå i lange periodar når dei har ein av sine på sjukehus, er det slik det er. Andre må då ta støyten heime. Trur ikkje det blir sett på som eit offer. Barn kan like gjerne bli tatt hand om av besteforeldre eller andre. Om dei er nær kvarandre og tek ansvar, er ikkje banda til nokre få, for tette. Livet her, tenker eg, er dessutan for sårbart til å kun lite på nokre få. Heime i dei små familiane våre kan du miste alt om du mister ein. Her er det definitivt ikkje garantert at nokon får leve til dei er gamle og mett av dage.


AMPUTASJONAR OG BRANNSKADER OG INTERNASJONALE FOND

Det er heldigvis ikkje alle sjukdommar ein må betale for på sjukehuset. Brannskader og amputasjonar , HIV relaterte sjukdommar er utan kostnader. Det same er behandling av barn under 5 år. Dei to første sjukdommane blir dekka av internasjonale fond. For amputasjonar gjeld det også protese.

Ein eldre mann hadde vore innlagt i nokre veker med eit sår på ein fot som ikkje ville gro. Han såg meir og meir sliten og bekymra ut, men han klaga ikkje. Når han vart informert om at deler av foten måtte amputerast virka det som all gnist vart borte. Det vart raskt lagt til at denne behandlinga var gratis, og at utgiftene til sjukehusopphaldet så langt ville bli sletta. Lyset i augene kom raskt tilbake. Virka som det å miste delar av foten var ei lita bekymring sett opp mot kostnadane han hadde sett føre seg.


TÅLMOD OG RESIGNASJON OG SPRÅKLØYSE

Som eg har nemnt tidlegare er det få pasientar som klager. Nesten alle seier dei har det bra. Vi som står på utsida forstår at det må vere mykje som ikkje kan vere så enkelt i liva deira. Kan virke som at dei med utdanning og betre økonomi lettare kan beskrive problem og utfordringar. Har kanskje større tru på at det er mogeleg å få hjelp? Har ikkje resignert?

Er blitt meg fortalt at folk i middelalderen der heime, hadde lite språk for å beskrive korleis dei hadde det. Også der hadde dei fleste meir enn nok med å syte for at ein hadde det mest nødvendige for å unngå svolt og anna naud.
Nabo og sjukepleiar frå landsbyen her fortalte han hadde spurt ein pasient han såg var svært fattig, hadde ein stor barneflokk og var lam i beina ,om korleis situasjonen var heime. Alt var bra hadde ho svara. Men kva med mat då? Har familien nok av det? Svaret var at det hadde dei ikkje. Deretter hadde han tatt for seg ulike konkrete områder og avdekka mykje som var vanskeleg. Slik vart det mogeleg for henne å få uttrykt seg, og han kunne setje inn nokre tiltak der det var mogeleg. 
 





MORGONTUR OG SAMTALE MED EIN BESTEFAR.

Litt over 6 på ein morgontur i fjellsida, traff eg ein eldre mann som arbeidde på åkeren. No er det tid å klargjere før dei skal til å så når regntida set inn i omtrent i midten av november. Vi vart ståande å prate, slik det ofte blir når ein treff folk som kan engelsk. Han fortalte at han hadde fleire barnebarn å ta seg av, dei hadde stort behov for det han kunne dyrke. Han hadde fortalt at han hadde hatt seks barn, tre budde andre stader, og med eit trist drag over ansiktet sa han at tre var døde. Eg lurte på om det var barna til dei døde han tok seg av. Han svara bekreftande på det. Dei hadde ikkje foreldre. Eg spurte korleis det var. Før eg fekk fullført setninga svara han kontant at det var ei byrde. Som 70 åring, med ei kone som var litt yngre, var det krevjane. Etter hans meining er det unaturleg å skulle ta seg av barn når ein har oppnådd høg alder. Han var sliten etter eit langt liv i arbeidd for å fostre opp sine eigne 6 barn.