mandag 23. juli 2012


MALAWI OG MAT

NSIMA OG TILBEHØR

Her som overalt i verda et folk det som er tilgjengeleg. Og mat er her som overalt nødvendig og ein sentral del av dagleglivet og kulturen. Og folk likar det dei er vane med. Mais er grunnstammen i kosthaldet, som potetene var heime tidlegare.

Mais blir malt til mjøl og brukt mest som ein tjukk graut dei kaller Nsima. Dei et det til nærmast alle måltider. Kniv og gaffel blir lite brukt. Dei former Nsimaen med høgre handa og klemmer tilbehøret inn i den og putter i munnen. Dei et alle av same fat. Ingen kan tenke seg eit måltid utan nsima. Det virkar som om nsimaen er meir enn berre mat. Dei er stolte av denne retten og virkar oppriktig glade i det. Det smakar godt synest også eg.

Ein sjeldan gong et dei ris. Det er til fest. Er blant anna julemat.

Maisavlinga er sårbar. Som i år med lite regn er ikkje avlinga stor. Folk er bekymra over å ha for lite fram til neste innhausting. Enno har mange friskt i minne svolten for omlag 10 år sidan.

                                             Pårørande har lunch utanfor sjukehuset.

Av tilbehør er det oftast bønner, diverse grønsaker, fisk, geitekjøt eller høns.

Det varierer kva dei har råd til å ha i tillegg til nsima.

Geitene går fritt i landsbyen saman med hundar og høner i ulike raser og størrelsar.
Dei ser ut som dei et det meste. Det er ingen bossplass her. Nokre, som oss har ei grop i hagen vi kaster avfall i. Gartnaren brenn set no og då. Er det matrestar eller plast som ikkje er rein, blir hagen invadert av hundar. Og bosset « flyt « overalt. Eller kaster folk det berre frå seg der det måtte passe. Den vanlege lansbybuar har ikkje dei store mengdene med avfall vil eg tru. Det er likevel plast og boss overalt. Av og til ser eg at nokon brenn det som ligg lands vegen. Veit ikkje om det er i offentleg regi. Er ikkje hygiensk , kanskje heller ikkje sunt at dyra beiter i dette. Ikkje veit eg kva stoff som er i alle plastposane gjeitene visstnok et......
                                                  Dyr på beite.


FISK

Fisken vi får kjøpt her i Nkhoma er tørka småfisk.Fersk fisk må vi til byen for å kjøpe. Må tilstå at eg enno ikkje har smakt fisk her. Kjøpte ein liten tørka fisk. Den vart liggande for lenge i kjøleskapet og deretter kasta til dyra. Fersk fisk som ligg ute i sola heile dagen har ikkje frista å kjøpe. Når eg sit her og tenker på god fisk, spesielt frå Finnmark................, eg treng vel ikkje seie meir. Eg synest likevel eg ikkje har noko å klage over i matvegen. 
 

              Tørrfisk marknaden i Nkhoma med Tone, bioingeniør, Haukeland/ Lilongwe.




Fersk fisk marknaden i Lilongwe. Fisken kjem frå den store Malawisjøen eit par
timar å køyre frå hovudstaden.
Sjøen utgjer heile 20 prosent av landet. I tillegg til fiske er området rundt
prega av turisme. Der er fine strender og gode muligheter for både snorkling, , dykking og båtturar. Det skal vere fargerikt under havflata.
I Malawisjøen som i mange andre sjøar i Afrika finnes ein liten og skummel
parasitt som kan bore seg inn gjennom huda og forårsake sjukdommen
schistosomiasis også kalla bilharzia. Den angrip tarmar og urinblære.Er den
nest mest vanlige sjukdommen i Afrika etter Malaria.
Effektiv behandling er å ta ein enkelt tablettkur 6 veker
etter bading i sjøen. Altså ikkje berre store dyr og mygg som er farleg her !

GATEKJØKKEN

I Nkhoma er det mange boder som sel ferdigmat. Mest vanleg er steikte poteter og salat, samt diverse kjøttrettar. I regntida er det også vanleg med sal av steikte biller og grashopper.


På ein av mine turar på marknaden vart eg overtalt til å smake geit. Følte meg rimeleg trygg på at kjøtet var godt steikt og at det dermed ikkje var særleg fare for sjukdom ved å smake. Eg ønsker i teorien å vere open for å smake på lokal mat. Kjøttstykket eg tok i munnen var gummiaktig på konsistens. På forma trudde eg det var ein type pølse. Eg synest det var ekkelt, rett og slett. Greidde verken å tygge eller svelgje. Måtte beklage og seie at eg dessverre ikkje klarte å ete det. Det vekte latter hos tilskodarane. Fekk då vite at det var TARMAR. Seljaren og nokre folk rundt vart forundra over å høyre at vi ikkje åt dette i Norge. På spørsmål frå meg fortalte dei at tarmane var grundig vaska !Smakte deretter på lever, som smakte godt. Skubba bort tanken på kva geita hadde livnært seg på .


                                                                    Gatekjøkken

ADVARSEL; STERKE «SCENER»!


Malawi er eit av Afrika sine fattigaste land, og folket her må gjere seg nytte av det som er tilgjengeleg. Eg vart for kort tid sidan spurt om eg åt «mais». Ettersom mais  er nasjonalretten her vart eg forundra over måten det vart spurt på. Og til min forferdelse, viste det seg at det var mus det var snakk om! Det vert uttalt på engelsk som vi seier mais. Det viser seg at det er vanleg å ete her, og til og med kan kjøpast på marknaden. Blir rekna for å vere godt kjøt fordi musene lever av «reine ting» i hagane, der dei dyrkar i hovudsak; mais.

Eg fekk samstundes vite av nokre av dei unge studentane eg kjenner godt, hadde hatt middag med dette på menyen. Ein av legane på sjukehuset hadde vore kokk. Musene vart både kokt og steikt med hud og hår og hale. Nedanfor følgjer bilete som eg har fått av dette etegilde;




                                         Er glad eg ikkje var gjest i dette selskapet...............




                                               Lara og Andrew frå Tyskland og USA




Eg held meg til norske rettar med det vi får tak i av lokale grønsaker,som både
er rimeleg og av god kvalitet.



Frøydis og eg grillar på terrassen. Grillen er i keramikk. Er vanleg å
koke mat på slike for dei som ikkje har strøm ( berre ca 8 % har innlagt
strøm i husa sine) For oss er det kos. Vi har i tillegg gasskokar til å hjelpe
oss med når vi er utan strøm. Vi musunguer (kvite) lever godt også her.

Ønsker alle fortsatt god sommar der nord, og god appetitt!

fredag 6. juli 2012


KIRURGISK AVDELING

Vekene med praksis på ulike avdelingar er no over.
Vi har fått godkjenning til å jobbe som sjukepleiar i Malawi. Alle formalitetar er dermed i orden for resten av opphaldet her. Til opplysning tok det omlag 8 månader for dei som har vore her tidlegare. Er mykje byråkrati også i dette landet.





                                              Medisiner, journalen min, og sjukepleiarnål.



Det er på kirurgisk avdeling vi skal ha hovudfokus for prosjektet . Planen er å bistå personalet med forbetringar på rutinar både før, under og etter operasjonar. Er spennande å sjå kva vi greier å få til i samarbeid med personalet. I første omgang er planen at vi skal vere på denne avdelinga i tre månader.

Nokre ord om ein dag på jobb:
Har jobba to veker på kirurgisk avdeling når eg skriv dette. I dag er eg verkeleg trøtt. Det møtte ingen malawisk sjukepleiar på jobb.  På grunn av ferier og sjukdom og ei avdelingssjukepleiar som er bortreist. Det innebar at ei ung amerikansk sjukepleiarstudent og eg var dei som skulle ta hand om 35 pasientar og mange nyfødde barn. Ingen av oss kan særleg mykje Chichewa, som er språket her. Eg har ei lita notisbok med viktige ord og setningar som vart flittig brukt. Eg var ikkje høg i hatten. Etter ei stund kom ei sjukepleiar som aldri hadde vore i avdelinga tidlegare, og knapt nok på sjukehuset, med beskjed frå Matron ( sjefsjukepleiaren) at eg måtte ha ansvaret for avdelinga. Men at ho den unge sjukepleiaren skulle hjelpe meg. Heldigvis har eg fått med meg noko på dei to knappe vekene. Med god organisering og samarbeidsvilje og godt humør og utan særleg pause greidde vi brasen. Trur alle fekk god nok behandling. Og eg sit at med ei kjensle av å ha vore til nytte. Ikkje berre vore med på kjøt og flesk.

Heime er det så lett å få dårleg samvittighet om ikkje eg føler eg har fått gjort alt eg synest eg skulle ut frå faglige og etiske hensyn. Her er det berre å gløyme. Her gjeld det at nødvendige observasjonar blir gjort og medisinar delt ut. Og pasientane masar ikkje! Dei er takksame for så lite. Alle har pårørande hos seg som står for stell og mat.



Det er ei utfordring at det er lite ressursar. Vi må spare på det meste. Utfordrande er det også med eit personale som har fast innarbeida vaner det kanskje ikkje er så lett å endre på. Slik kan det også vere heime på mange arbeidsplassar trur eg. Endringar av vaner og haldningar tek tid. Får håpe at samarbeidet mellom Nkhoma og Haraldsplass over tid vil gjere det betre å vere pasient på sjukehuset.

Om det er kulturforskjellar er det også mange reaksjonar som virkar allmennmenneskelege med tanke på det å skulle endre på ting. Eg trur likevel ein skal vere ekstra varsam i møte med folk som kanskje har ei kjensle av å ikkje vere heilt på høgde med oss frå den vestlege «siviliserte « verda.


PROSTATA OPERASJONER, KEISERSNITT , SÅRINFEKSJONAR OG BRANNSKADER

Det er desse diagnosane det er mest av. Og det er tilstandar som heldigvis ikkje er så vanskeleg å behandle. Kreft for eksempel kan ofte diagnostiserast, men det er lite tilbod om behandling. Det er mulig med cellegiftbehandling for nokre typar kreft i Lilongwe eller Blandtyre , dei to største byane. Men i avgrensa omfang. For eventuell strålebehandling må ein til Tanzania eller Sør Afrika. Reisa dit er lang og kostbar. Behandlinga må dei også betale for. For dei fleste er dette umogeleg. Folk flest har lite kontantar å rutte med.

Ei stor pasientgruppe på avdelinga er kvinner som har hatt keisarsnitt. Der er dermed ein del nyfødde barn i avdelinga. Det er kjekt å jobbe med. Heldigvis er dei fleste sunne og friske, både av mor og barn.


                                                       Bestemor og barn med hue frå Bergen.

                                      Tante bader nyfødd jente



Sår infeksjonar er det helst mykje av. Nokre av pasientane blir innlagt med dette og andre får det i operasjonssåret i løpet av opphaldet. Dessverre! Dette fører til ekstra kostnader både for pasientane og sjukehuset. Ikkje alle har pengar til å betale for eit uventa sjukehusopphald, og endå mindre når opphaldet blir lengre og dermed dyrare. Er av-betalingsordningar for dei som ikkje greier å skaffe pengar.

Det er kanskje lettare å få infeksjonar her ? Også eg fekk ein infeksjon i ansiktet for eit par veker sidan. Måtte få antibiotika. Kanskje eg har hatt ei lita rift i huda som inngangsport for bakteriar. Ikkje veit eg. Men eg vart fort bra med behandling. Ellers har eg stort sett vore frisk. Av og til litt lettare mageplager.

Det er også ei lita avdeling for brannskader. Heldigvis er det få pasientar der for tida. Dei fleste pasientane er barn. I landsbyane har ikkje folk strøm. Koking av mat fore-går over open eld. Er dermed lett for barn at feks flagrande klede kjem bort i flammane. Ikkje uvanleg er det at småjenter som skal hjelpe til med matlaging får varm mat over seg. Stell av brannsår er svært smertefullt. Det er vondt å sjå at det ikkje blir gitt god nok smertelindring til desse barna. Håper det vil bli betre. Heldigvis har desse barna gode stunder mellom sårstella. Avdelinga er fin med blant anna leke-rom. Avdelinga er sponsa med midler og utstyr frå USA .

Sjukehuset som heilheit er totalt avhengig av støtta dei får frå ulikt hald. Ellers ville standaren vore ein anna.



                                            Brannskadd jente og mor spelar brettspel utanfor sjukehuset
                                           

                                     
DEDZA. BESØK PÅ SJUKEHUS OG KERAMIKKVERKSTAD.


I nabobyen Dedza, ca 6- 7 mil unna, var vi på omvising på eit offentleg sjukehus på størrelse med Nkhoma. Kunne sjå at standaren der var enklare.

Vi var heldige å få besøke eit kjent keramikkverkstad når vi først var i byen. Det er ein turistattraksjon fullt på høgde med det vi ser i vesten. Der var verkstad og utsal og ein fin restaurant. Var ikkje lett å begrensa iveren etter å kjøpe.
Og det var utruleg rart å vere der. Byen ligg høgare oppe ( ca 1600 M.O.H.) og lufta kjentest kald og klar. Landskapet kunne minne mykje om øvre Hallingdal, Geilo – Ål område. Var nesten som eg var i Norge for ei lita stund.
Kjekt å sjå seg litt om i landet. Enno har det for meg ikkje vore dei store utfluktene.
Det har avgrensa seg til å reise til hovudstaden no og då. Ein god del av det eg har hatt bruk for å kjøpe må eg dit for å få tak i.

Eg har derimot fått utforska nærområde. Små turar til landsbyer i nærleiken og nokre fine fjellturar. Turane for å handle er enno ei oppleving for meg. Treff stort sett alltid nokon eg kjem i prat med og kan ha ei kjekk stund i lag med. Det er verkeleg oppløftande i kvardagen.

Trur dessutan eg har hatt bruk for eit roleg liv til no. Det har vore mange inntrykk som skulle fordøyast.


                                              
                                               Frøydis kjøper handmåla krus i Dedza.




KJØPESENTER OG MARKNAD.

Allereie når eg kom hit la eg merke til ein bygning som skulle bli eit lite kjøpesenter med matbutikk, frisør og kafe. For omlag tre veker sidan vart matbutikken opna. Resten av senteret skal etter planen stå ferdig til hausten. Butikken har strøm og både kjøle og frysedisk! Vi kan dermed få kjøp både kyllingfilet, kjøttdeig og anna kjøtt. Og is og sjokolade, ikkje minst til Frøydis si store glede. Av søtsaker er det stort utval av kjeks og drops. Drops kan kjøpast enkeltvis. Det seier noko om kva folk kjøper. Folk flest har ikkje råd til slike unødvendigheiter som feks sjokolade.

Det har aldri vore nokre alternativ for meg å kjøpe ferskt kjøt eller levande høner på marknaden. Reisa frå byen er såpass lang i ein varm buss at det ikkje var så kjekt å kjøpe varer som bør haldast avkjølt. Må prøve å unngå det som kan framkalle magesjau. For oss vestlege er matbutikken eit STORT GODE. Det gjer livet litt meir komfortabelt her ute på landet. Men som alle kjøpesenter, er det noko sjellaust over det.

Marknaden nedanfor derimot, med smitt og smau og masse småbutikkar, salg av frukt og grønsaker utandørs, har ein heilt anna sjarm.

Det er forholdsvis roleg på marknadsområde dei fleste dagane, men på laurdagar er det eit yrande folkeliv. På tross av folkemylderet blir eg merkeleg nok ikkje stressa av det, heller tvert i mot. Seljarane er på ingen måte påtrengande.



 

Laurdagsmarknad


                                                Det nye kjøpesenteret og fredagens bankbuss.


Det skal no vere mogeleg å kommentere bloggen, for dei som har lyst til det.