torsdag 11. oktober 2012

NÆROMRÅDET OG NKHOMA MISSION/ LANDSBY

Nkhoma Mission vert området rundt sjukehuset kalla. Det starta som ein misjonsstasjon i 1889, bemanna med ein lege. Stasjonen er gradvis bygd ut, og innbefattar no sjukehuset med 220 senger, ein presteskule og ein sjukepleiarskule. Dei eldste bygningane på sjukehuset er 100 år gamle. Husa der tilsette på desse institusjonane bur, ligg med noko mellomrom. I heile området er det mange store og gamle tre. Desse trea er freda. Øverst i lia, nærmast fjellet, bur leiinga på sjukehuset, nokre legar og nokre sjukepleiarar. Vi bur lenger nede, like ved sjukehuset. Huset vi bur i er eit av ca 10 nye hus for sjukepleiarar. Er få leigebustader her. For å få personale hit er det å kunne tilby bustad ein føresetnad. Folk flest har ikkje privatbil, busstransport er ikkje å satse på, og Nkhoma må ein seie ligg noko utanom allfarveg. 
 
    Sjukehusområdet.Streken begynner med avd der eg jobbar,og slutter omtrendt der eg bur


Eitt par hundremeter nedanfor oss ligg marknadsområde med masse små butikkar. På laurdagar kjem bønder og andre seljarar dit frå fjern og nær. Området blir forvandla til ei tue der det kryr av folk og dyr og allslags varer. Mange av butikkane på marknaden er eig av kyrkja. CCAP - Church of Central Africa Presbytarian, er eit luthersk kyrkjesamfunn. Kan minne litt om vår statskyrkje. Kyrkja er ein stor maktfaktor i landsbyen. Den i tillegg til å eige mykje, har sett forbod mot å selje alkohol her. Det er rett nok to pubar nær marknadsområde,og nokre brygger øl sjølv. Det er altså muligheit for å sløkje tørsten for dei som har behov for det. Og det er det her som ellers i verda. Det bur ca 1700 menneske i missjon området. Det er omlag tre hundre og førti landsbyar med omlag 60 tusen menneske som har Nkhoma sjukehus som sitt lokalsjukehus. I tillegg til sjukehuset er det 10 helsesenter i nokre landsbyer som tek hand om sjuke folk. Avstandane virkar store, mest fordi vegane er svært dårlege og det er ikkje offentlege kommunikajonsmiddel til landsbyane. Folk går og går og går. Tek både tid og krefter, men dei held seg spreke. 


                                           Huset med Nkhomafjellet i bakgrunnen

I ryggen på landsbyen skyt ei fjellrekke opp i nord, med to høge majestetiske fjell. Eit flott tur område for meg. Folket som bur her brukar stort sett fjellet til nytteformål. Mest for å hente seg ved . Noko det blir mindre og mindre av ettersom skogen bli hogga. Igjen er det ein realitet at behova for dagen i dag, kan øydelegge for framtida.
Medan den store CCAP kyrkja tronar oppe i åsen, ligg det lenger nede ei rekke små kyrkjesamfunn. Sjuandedags adventistar, pinsevenner, Levande vatn, Abrahams kyrkje, Katolsk kyrkje, Moske, for å nemne nokre .Eit vanleg spørsmål er kva kyrkje eg går i. Utenkeleg for folk her om nokon ikkje tilhører ei kyrkje. Det virkar ikkje som det er motsetnader mellom dei ulike kyrkjesamfunna.

HUS OG HAGE, GARTNAR OG HUSHJELP

Vi er så heldige at vi i forkant av huset mot fjellet har ein liten og usjenert hage. Overbygd terrasse skjermar oss frå sola som no begynner å bli svært varm. For å ta hand om denne hagen har vi gartnar. Vi overtok gartnar Wilfred frå dei forrige norske som budde her. Han kom straks vi flytta inn og spurte etter jobb. Ønska å jobbe fire dagar i veka. Hagen var opparbeida med mange flotte blomar. Må tilstå at eg ikkje kunne forstå at ein gartnar ville ha nok å ta seg til fire dagar i veka. For oss er det ikkje store summen i norske kroner vi betaler han. Vi tenkte han fekk begynne, så fekk vi sjå etterkvart kor stort behovet var. Litt etter litt kjøpte vi nokre frø. Etter ei stund vart blomsterhagen omdanna til ein grønsakshage. Tomat, turnips, salat, bønner, blomkål er noko av det som veks der. Sirleg planta i rader av ein som kan sine ting. Både vi, gartnar, hushjelp, samt naboar nyt godt av dette.


                                                                 Gartnar Wilfred





Ja de les rett, vi har også hushjelp. Olivia var også ansatt hos dei forrige i huset. Ville så gjerne ha jobb. Noko som det er stor mangel på her. Vi samtykka i det, sjølv om vi ikkje synest vi hadde behov for det. Og ho er til god hjelp.To dagar i veka kjem ho før vi går på jobbog går heim like før vi kjem heim. Den siste tida har vi hatt vaskemaskin som virkar, men før det var det spesielt godt å få vaska nokre av kleda. Dessutan vaskar ho i huset og lager litt mat. Er ein fare for at eg kan bli litt godt vant.



                                  Olivia og minstejenta Emma



Både det som blir gjort i huset og i hagen er avhengig av vatn. Noko det i den siste tida har vore mangel på. Hagen er for tida litt pjusk. Det vart truleg planta litt for mykje, litt for seint, i forhold til kva vatn vi har tilgjengeleg no i denne varme tida. Vaskemaskina treng også vatn for å kunne brukast. Det er dermed for tida stor konkurranse om vatnet her i huset. I dag var eg opp vel fem og hadde planer om å vaske ei maskin med klede før gartnar og hushjelp kom, og medan det enno var vatn. Eg var dessverre for sein. Wilfred stod alt i hagen og vatna. Han var bekymra over at grønsakene fekk for lite vatn og synest tidleg på morgonen var den beste tida å vatne. Det kallar eg ansvarskjensle. I staden for klesvask åt vi norsk frukost på terassen medan sola stod opp. Han synest det smakte godt med både brunost og kvitost. Det vart ein god start på dagen. Klesvasken fekk vente.


                                                                Frøydis på terrassen

Begge våre to tilsette er til glede og nytte for oss, og vi nok for dei. Iallefall til nytte. Vi sørgjer for at dei har betalt arbeid. Dei er nok blitt medvitne om forskjellane i deira og vårt levesett. Wilfred har kone og tre døtrer. Han snakkar godt engelsk, og er ein kunnskapsrik og reflektert mann som det alltid er kjekt å slå av ein prat med. Olivia har mann, som dessverre er utan arbeid, og to små jenter. Ho venter det tredje barnet i desember. Vi har enno ikkje fått avklart korleis det blir med jobben her då. Olivia snakkar berre litt engelsk. Ho er blid og imøtekommande,forstår rett nok ikkje alle beskjeder, men det går helst greitt. Er det viktige ting vi må snakke om, tolkar Wilfred. Har så vidt vore inni huset til Olivia. Det var svært enkelt. Eit lite bord med fire pinnestolar rundt, samt ei hylle med nokre få kjørler var alt inventaret. Ingen strøm og varn innlagt. For langt frå vatn til å kunne ha ein hage. Ho er ei av dei heldige som har fast arbeid.


Normalt for sjukehustilsette er tre månads permisjon etter fødsel, og dei jobbar vanligvis heilt fram til fødselen. Om ikkje dei  jobbar så hardt, er dei iallefall på jobb. Ikkje berre vi "musunguar" har den luksus det er å ha hushjelp og garnar. Dei fleste tilsette på sjukehuset har hushjelp 5-6 dagar i veka. Også sjukepleiarar som bur åleine. Har dei hage, har dei også ein garden boy. Dei har dermed lite praktisk arbeid i huset, bortsett frå å lage frukost til mann og barn. Enno er det er ei kvinneoppgåve.Sjølv om folk flest er konservative i deira levesett er det tydeleg at det skjer endringar i kjønnsrollemønsteret hos dei med utdanning.


torsdag 4. oktober 2012

DEN UTVIDA FAMILIE OG SKULEGANG OG ANALFABETISME

Når ein i familien får seg utdanning, og ei brukbar inntekt, aukar forpliktelsane.
Det er då vanleg at ein eller fleire nevøar eller nieser kjem og bur der, og får kosta skulegang. Dette kan vere positivt i mange høve. Men det er også eit stort ansvar både praktisk og økonomisk. Også eigne barn skal ein få fram. Skuletilbodet her i landsbyen er begrensa. Den offentlege skulen har eg fått fortalt er av dårleg kvalitet.

Det er omlag 90 elevar i kvar klasse og standarden på skulen er elendig både når det gjeld materiell og dei som underviser.
Det er i tillegg ein privat barneskule for dei første klassetrinna. Frå ungane er 9 år og til dei kan begynne på vidaregåande er det ikkje noko godt skuletilbod her, utover den offentlege skulen. Mange ser ikkje på den som noko alternativ. Det vil seie at barna må flytte på internatskule. Berre 9 år. Og flytte... Dei private skulane er dessutan kostbare. Det inneber gjerne at foreldra må jobbe mykje Ei nabo som er helsesøster, jobbar stort sett ekstra kvar helg for å ha råd til å ha dei to eldste jentene på 9 og 12 år på privatskule. Ho virkar ofte trøtt, men vil gjere alt for at barna skal få ei best mogeleg framtid. Ho har tillegg til sin eigen familie to yngre brør som bur hos henne.

                                                William Merry, privat vidaregåande skule

I landsbyen er det to vidaregåande skular, ein privat og ein offentleg. Høyrer mykje bra om den private. Begge skulane har internat for dei som ikkje er frå Nkhoma. Den private har dessutan kveldskule for dei som ikkje har fullført vidaregåande. Det er også mogeleg å gå opptil eksamen som privatist. Der er altså muligheter for dei som vil. Det er eit sørgjeleg syn å gå gjennom området for den offentlege. Internatet har knuste glasruter, stank av urin og er i ellers dårleg forfatning. Er altså ikkje berre i Norge at dei offentlege skulane forfell. Elevane klager over både dårlege lærarkrefter og mat.





                                          Offentleg vidaregåande skule.Intenatet. Nederste bilete av inne på 
                                          intenatet i sommar før elevane kjem med sine madrasser og anna.



                                          På veg til den offentlege barneskulen.Eg ser at fleire 
                                          av barna er feilernært.


Det er gratis å ha barn i barneskulen. Likevel er det mange som sluttar i ung alder. Utan å ha lært å lese og skrive. Er forundra over at ein stor del av pasientane på avdelinga, sjølv unge kvinner og menn, ikkje ein gong kan skrive namnet sitt. Vi har ein stempelpute der dei tar blekk på ein finger og signerer med fingeravtrykk.

Ein av «mine» pasientar som var innlagt nokre veker tidlegare i sommar, hadde ei søster som pårørande. Vi fekk god kontakt. Han snakka godt engelsk, ho ikkje. Han fungerte som tolk når eg ville prate med henne. Han hadde flytta tilbake til landsbyen til søstera når han vart sjuk. Denne søstera hadde 5 barn, tre i alderen for å gå på barneskulen. Ingen av dei gjekk der. Mora sa at dei likte betre å vere heime og leike. Trur ikkje det var i hennar tankar at skulen hadde ein lærdom som var nyttig for barna i framtida. Det var så vidt dei kunne brødfø seg på den hagen dei hadde.
Trur det gjer noko med folk å få brukt sine evner og ikkje minst å ha grunnleggande ferdigheiter i å lese å skrive. Heller ikkje dette landet vil få fart på utviklinga utan eit folk som kan dette.

Ein annan av mine naboar, som få år sidan vart utdanna sjukpleiar, ivrar for obligatorisk skulegang for alle barn. Han meiner at når kunnskapsnivået er så lågt som der er pr i dag MÅ folk ha reglar som fortel dei kva dei skal gjere. Blant anna at det må få konsekvensar om dei held barna heime frå skulen. Vestleg demokrati er for tidleg å innføre. Han held president Banda høgt, som var den første presidenten i det sjølvstendige Malawi. Presidenten hadde ord på seg for å ha vore ein godarta diktator. Han fekk blant anna innført eit relativt godt skulesystem. Etter dei fleste si oppfatning var han ikkje berre god. Det skulle ikkje store motstanden til for å verte fengsla. Bestefaren eg traff i åkeren fortalte meg at berre det å anlegga ein åker «feil» kunne føre til månader i fengsel. Sjukepleiar- naboen min fortel at faren av og til gav han juling for å få han til å gå på skulen. Også han ville heller vere heime og leike med naboungane. Han er takksam for det i dag. Ein eldre bror som var i fast jobb som tømrar, kosta utdanninga på han. Virkar ikkje som han kjenner han står i gjeld til han. Det er berre slik det er. Den som har mulighet i ein familie, hjelper.


I landsbyane der fokus er på dagen i dag, er det tydelegvis framandt med noko særleg skulegang.



KVA KAN EG VISE BILETE AV OG SKRIVE OM

I ein blogg som mange, i allefall reint teoretisk, har tilgang på, synest eg at eg må vere varsam med det eg skriv og viser bilete av. Kan ikkje fortelje om alt eg opplever. Verda er lita i våre dagar med internett. Eg vil ikkje utlevere nokon på ein uheldig måte.
For eksempel må pasientar også i afrikanske land ha rett til bekyttelse ved at ikkje deira historie blir fortalt utan deira samtykke.
Som helsepersonell og ikkje minst som kvit har ein makt. Som pasient og fattig analfabet,trur eg det for mange er vanskeleg å seie nei om dei feks blir spurt om det er greitt å ta eit foto.

Såg nokon grelle eksempel på det den første tida eg var her. Var då i praksis på ein avdeling med svært sjuke pasientar, dei fleste unge HIV smitta kvinner. På den avdelinga er det mange frivillige helsearbeidarar og studentar innom i korte periodar. Å sjå nokre av desse, på ein av sine første dagar, fyre laus med kamera på visittrunden, utan å vente på svar frå pasientar, eller utan å ense den non verbale motstanden, fekk meg til å tenke over når, og kven eg tek bilete av.

Hugsar eg i forbifarten passerte kantina til sjukepleiarstudentane tidleg i sommar. Der sat ei flokk med unge og velstelte studentar i sine fine uniformer. Eg tok opp kamera og spurte om det var ok eg tok eit bilete. Tok det for gitt at det var greitt. Nokre studentar vegra seg sterkt. Eg la kamera vekk og spurte ei av jentene kvifor ho ikkje ville eg skulle ta bilete. Ho svara; du vil berre sende bilete heim og skrive at det er ein gjeng med foreldrelause barn. Ho har tydeleg fått med seg at media i vesten er mest interesser i å formidle det tragiske i Afrika.

Vanligvis spør eg berre pasientar eg kjenner godt om eg får ta bilete. Oftast er det greitt. Svært sjuke og døyande har eg ikkje bilete av. Malawiske folk generelt liker svært godt å bli tatt bilde av. Dei poserer så gjerne, både barn og vaksne. Ler og koser seg når eg viser dei bileta på kamera. Har hatt mange flotte stunder med dette. Nokre spør om å bli tatt bilete av utan at eg eingong har kamera framme. Andre kjem stormane til for også dei vil bli tatt bilde av.

BILHAVARI, OG AMBULANSE, HJELPANDE UNGDOMMAR OG SMÅUNGANE


Sist helg var eg på dagstur med tre norske jordmødrer til byen Dedza. Helena som kom til Malawi på same tid som eg, har eg blitt etterkvart godt kjent med. Ho hadde Sigrun og Sissel på besøk frå Tromsø. Var min første «langtur» der eg køyrde sjølv. Frøydis og eg kjøpte bil for nokre veker sidan. Bilen har fungert som den skal. Den er rett nok ca 20 år, men etter det vi visste/håpte, i bra stand.

På heimveg, etter først ha kjent ein mistenkeleg lukt , lyste det rødt i rødt på panelet og bilen stoppa.
Mangla både olje og vatn. Olja lak kunne seg sjå. Det dryppa litt olje ned på asfalten.

Ikkje anna å gjere enn å ringe Sam, koordinatoren for å få råd om kva eg skulle gjere. Han sa han skulle sende ein bil for å slepe oss. Ein av ambulansane kunne vere kraftig nok til oppdraget. 
 
Vi hadde ingen aning om kor vi var, og klokka nærma seg fire. Klokka seks alt er det mørkt her. Og då er det bekmørkt! Og nok ikkje trygt å stå langs ein landeveg. Ingen veglys, og i landsbyane har ikkje husa strøm. Sam kunne etter å ha snakka med ein av ungdommane som hadde stimla til, fortelje at vi berre var ca 2 mil unna Nkhoma.

Det var berre å vente. Ein stor flokk unge menn omkransa oss. Få av dei kunne nokre ord engelsk. Kor dei kom frå så fort er ikkje godt å seie. Plutseleg berre var dei der. Før vi fekk sukk for oss var bilen skubba av vegen og bilen sjekka for olje og vatn, som den altså mangla. Vi kjente oss trygge på at ungdommane ville oss vel, men passa sjølvsagt på verdisakene våre. Dei venta tålmodig i lag med oss. 



 
Treng ikkje gå nærare inn på kva eg skulle ha sjekka før eg la i veg på tur. Men heldigvis var eg så klok at eg gjekk og henta mobilen før vi for. Hadde lagt den igjen heime. Utan den hadde det heile blitt meir komplisert. Reisefølgjet mitt held til i Lilongwe, og hadde ingen av mine telefon nummer.

Medan vi venta ein times var det mange bilar som køyrde forbi. Stort sett alle minibussar sakka på, og spurte om vi trong hjelp. Fleire bilar med kvite såg ikkje til vår kant. Utruleg å tenke på. Der stod vi fire kvite damer, på sein ettermiddag med ein havarert bil, og med ein flokk afrikanske ungdommar rundt oss. Vurderte dei ikkje om vi trong hjelp, eller var dei redde for å stoppe?

Over vegen samla det seg etter kvart ein større og større ungeflokk. Eg gjekk over og fekk tatt noen bilete. Ungane der virka meir fattige enn her. Såg nokre «interessante» ansikt eg fekk lyst å fotografere. Når eit bilde var tatt, ville ALLE eg skulle ta bilete av dei åleine. Men ingen ville vente på tur. Eg prøvde å organisere det på forskjellig vis utan å lykkast. Iveren deira var for stor og mi evne til å tolme den strakk ikkje til. Prisar meg nok ein gong lykkeleg over at eg ikkje vart barnehage eller småskulelærar. Er nok ikkje ofte at ein bil blir ståande ved landsbyen deira i over ein time, så det var nok ein begivenhet utanom det vanlege. 


 
                                            Ungar ved vegen.


Vi vart trygt køyrt heim i ambulanse, bemanna med tre gode hjelparar. Og bilen kom frå det med livet! 


 
Den starta som eit skot når den fekk vatn og olje.

I dag skal bilen på ein sjekk der vi kjøpte den. Deretter reiser vi til flyplassen for å hente Marit Nergaard Aas. Marit er pensjonert sjukepleiarlærar. Ho har vore engasjert i prosjektet sidan i vinter. Ser fram til samarbeidet.