søndag 17. juni 2012


STRAUMSTANS, BARNEAVDELING OG HIV

Har vore her nokre veker no. Berre seks, eller er det sju ? Virkar MYKJE lengre. Dåke der heime synest kanskje eg nett har reist? Eg må av og til halde fast i tanken at om ca ni månader er eg heime igjen. Og då er dåke der. Og har truleg ikkje gløymt meg. Håper også nokon vil få anledning å besøke meg her.

Det har vore veker med mange inntrykk. I eit land som er så forskjellig frå Norge. Mange flotte opplevingar og menneskemøter. Naturen her er så vakker. Eg nyt dei små turane eg tek enten før eller like etter jobb. Ein og anna lengre tur blir det også av og til. Vinteren her gjer at dagane er korte, omlag frå 6 til 6. Når det er mørkt er det ikkje mulig å ferdast ut. Då er det bekmørkt. Fargane endrar seg her. Det var grønt og frodig når vi kom. No blir det gulare og gulare. Men eg trur trea kjem til å halde seg grøne til ut i den varme tida. Det vil seie til i oktober/november.

Barneavdelinga der eg har vore den siste veka har spesielt ei oppleving har festa seg. Strømmen gjekk som den har gjort støtt og stadig den siste tida. Avdelinga har oksygenapparat som treng strøm for å virke. Dei fleste barna som får oksygen klarar seg utan for ein periode. Plutseleg vart nokon oppmerksam på at eit lite barn, tre månader og tre kilo hadde stille dødd. Kva den eksakte årsaka til det var, vil ingen kunne få svar på. Men det at han var utan nødvendig oksygen kan ha vore medverkande. Å sjå eit lite barn død, har eg ikkje tidlegare erfaring med. Barnet var rett nok svært sjuk. Hadde truleg tuberkulose. Kanskje han og var HIV-smitta. Mor hans, var ei ung kvinne med HIV. Ho virka så åleine og inneslutta. Er altfor mange med denne sjukdommen. Trist at det er så vanskeleg å nå fram med informasjon og endre haldningar.

Malawi er eit land der det er vanleg at menn er utru. Det er ein slags aksept for det. I følgje ein som jobbar for ein amerikansk organisasjon som heiter Parntners in Hope er 75% av dei HIV smitta kvinner. Det seier seg sjølv at då er det også ein del barn som blir fødd med denne sjukdommen. Også her i Malawi er dette ein sjukdom det går an å leve med dersom den blir oppdaga tidleg og blir medisinert. Medisinane er gratis og tilgjengelege.

På ein klinikk for HIV der eg var 3 dagar, møtte eg mange som var på behandling og opplevde å ha eit godt liv. Dei kom med faste mellomrom til samtale og for å hente medisinar. Det var folk i ulike aldrar og livssituasjonar. Denne sjukdommen kan ramme alle.

                                                    Mor og lita jente som var i bedring.



HÅP OG SMIL OG SANG

No har eg som dei fleste som skriv om Afrika fokusert mykje på det tragiske. Fattigdom, sjukdom og krig er truleg dei tre orda dei fleste vil forbinde med dette kontinentet. Det er LANGT frå berre det.

Eg undrar meg ofte over korleis så mange kan ha eit slikt godt humør på tross av alt dei har grunn til å bekymre seg over. Korleis di kan vere så imøtekommande, og klage så lite. Tenker på noko ein av Haraldsplass sine sykehusprestar skreiv i ein artikkel om håp; at forsking synest å bekrefte at håp synest å vere sterkt til stades der mange ikkje forventar å finne håp. Legg nedanfor ved eit dikt som belyser dette. Pasientane er stort sett rolege og det er sjeldan klaging og mas. No må det seiast at ingen har ringeklokker, og alle har pårørande hos seg som hjelper med stell og mat. Eg synest ofte at dei finn seg i å leve med plager som kan la seg lindre om berre personalet får vite om det Dei seier oftast dei har det bra sjølv om dei virkar både trøtte og leie.



Når eg går mine turar høyrer eg ofte sang. Vakker sang. I bedehus og kyrker er det ofte samlingar eller korøving. Det kan ikkje vere ein myte at det afrikanske folket er betre utrusta med musikalitet og sangstemme enn oss kvite.



                                                   Lita Frikyrkje. Høyrde vakker song.




VON

"Von " er ein ting med fjører
som slår i hjartet ned
og syng med ein tone utan ord
og trutt held fram med det.


Istride stormen syng han best.
Gjennom den kalde vind
tonar hans vesle varme song
inn i så mangt eit sinn.


Eg hørte han på det ville hav
og på den frosne veg.
Men aldri i den ytste nød
tagg han eit korn frå meg.


Emily Dickingson


lørdag 2. juni 2012


VINTER, MALARIA OG MATMANGEL.

Medan Norge har sommar er det vinter her. Kjølig om kveldane og nettene. Som tidlegare nemnt undra fleire seg over at eg strikka huer til barn i Afrika. Men det er bruk for det. Verkeleg !
Standar antrekk for spedbarn er hue på denne tida. Etter alle dei kalde små føtene eg har kjent på, skulle dei også hatt ull sokkar på seg. Heldigvis heng spedbarna på mora sin rygg mesteparten av tida. Slik får dei ekstra varme.

Har sist veke hatt praksis på den såkalla under 5 klinikken. Der møter kvinner og barn til informasjon, vaksinering, veging og generell vurdering av barna. Mange virkar sunne, men det er ein del som ber preg av å få i seg for lite næring. Eller å vere sjuke. Ikkje berre barn kan virke tynne og slappe, men også mødre. Hadde nokre dagar i oppgåve å vege dei gravide. Nokre av dei var tynne og hadde lagt lite på seg sidan sist dei var på svangerskapskontroll. Eg prøvde på engelsk og med kroppsspråk å vise dei vekstkurva ,samt ba dei om å ete litt meir. Etter ei stund sa Frøydis; kva om dei ikkje har nok mat? Vi drøfta dette etterpå med ei av helsesøstrene som sa at matmangel var eit reelt problem for nokre. Når dei såg vekttap, eller liten vektauke, kartla dei årsaka og kunne tilby kosttilskott, gjerne i form av ekstra mais.

Innhaustinga av mais er no over. Sit med inntrykk av at det har vore ein vanleg avling i år. Dei lagrar maismjøl til vinteren i store sekkar. Mange hugsar med gru vinteren for 10 år sidan. Avlinga slo feil på grunn av blant anna mangel på regn. Mange døde, spesielt menn. Dette fordi dei gjerne gav avkall på mat til seg sjølv for å gi kone og barn mat. Ein av dei ansatte på sjukehuset fortalte at det låg døde folk langs vegane. Dei hadde segna saman av utmatting, gjerne når dei var på leit etter noko å ete. 10 år er ikkje lenge sidan og fleire eg har snakka med ber på sorg etter å ha mista nokon av sine. Den dåverande presidenten nekta for at problemet fans. Dermed gjekk det føre seg ein svolt katastrofe verda ikkje visste om, og heller ikkje kunne bi stå med hjelp.

Eit stort problem her i Afrika er malaria, truleg det største problemet. Det er den sjukdommen som tek flest liv og fører til at folk i periodar har redusert arbeidsevne. Sjukdommen kan ein få i varierande grad og er mest utbreidd i regntida. Personalet her er forundra over alle innleggelsane med malaria for tida. Det er ikkje vanleg på denne tida av året. Gartnaren vår Wilfred si niese på 15 år døde for ca 14 dagar sidan. Ei svigerinne av han som er i tenåra er nett innlagt med malaria. 18 av 22 barn på ein barnekontroll i ein landsby 10 km unna, testa positivt på malaria. Dei fekk medisinar der og då. Ingen var heldigvis hardt angripne.
Var med ein dag ein ambulerande helsestasjon til ein landsby 10 km unna.. Trudde 10 km skulle gå fort. På humpete støvete vegar tok det si tid. Og bilen var full av personale og vi som skulle vere med og observere korleis der er lenger ute på landsbygda. Tenker med gru på korleis vegane kan vere i regntida. Grusvegar og vold somme regnbyer....Vi som er litt opp i åra frå vestlandet veit korleis det kan bli...





Var mye støv der ute i distriktet. Kleda våre som var kvite når vi reiste, var slett ikkje det når vi var heime igjen.

Gjekk med eitt opp for meg kvifor mange av kvinnene på sjukehuset er skitne både kroppen og kleda. Med alt det støvet og lite tilgang på vatn er ikkje vasking av seg sjølv og klede prioritet. Å få vatn til mat er livsnødvendig. Ser det er mange nye vann postar i distriktet her. Likevel er det eit stykke veg å gå for mange av kvinnene.

Er eindel menn som bruka sykkel som framkomst og transportmiddel. Det kan vere lange avstandar her. Det er for folket her dyrt med sykkel. Dei er heldige dei som har det. Har berre truffe ei kvinne som syklar.

Ho jobbar på sjukehuset sin poliklinikk for HIV. Der skal vi vere tre dagar i neste veke.
                                                           Nyttig transportmiddel


                                                             Kvinnesakskvinne ?