tirsdag 25. september 2012

DET VARME HJARTE AV AFRIKA

FELLESKAP OG ROMSLEGHEIT OG ANSVAR I DET VARME HJARTE AV AFRIKA.

Så langt eg har lagt merke til er folket her generelt eit sosialt folkeferd. Dei trivest best når dei er saman med andre. Dei har ikkje vanskeleg å finne noe å prate om. Trur ikkje mange tenker på å ikkje halde mål sosialt sett. Prat og latter er å høre overalt. Mange har lite av alt, klede er ofte slitt og ikkje alltid reine. Men ikkje lett å sjå at nokon let seg affisere av det. Kvinner går med ein gange som reine dronningar.

Også måten dei et på,understrekar fellesskapet. Alle et av same skåler. Vil ikkje skjønnmale det fattigslege. Eg veit at under overflata kan det ligge mykje bekymringar og lidingar som ikkje er så lett for folk å setje ord på. Sikkert ikkje ta innover seg for den saks skuld.
Har høyrt av vestlege som har vore her ei stund ,at dei etterkvart opplever seg sjølv som friare og mindre sjenerte enn tidlegare. Heldigvis er eg blitt noko mindre sjenert med åra. Også eg trivest godt i lag med folket her. Det skjer noko med folk når ein blir møtt med vennlegheit og romslegheit. Kanskje er det ikkje berre eit slagord at Malawi er det varme hjarte i Afrika?

Høflighetsfraser helser ALLE med; kordan har du det ? og til svar er det venta eg har det bra. Er det VELDIG ille svarer ein pangono, som betyr litt.
Kor skal du ? er også eit standard spørsmål. Ikkje berre fordi dei er nysgjerrig, trur eg, men like mykje av interesse for andre.

Familiane her er store, og begrepet familie omfattar mange. Det inkluderer i tillegg til den næraste, også søskenbarn, tanter og onklar. Det er sjølvsagt å stille opp om noen treng det. Familiebanda er tydeleg å sjå på sjukehuset.


PÅRØRANDE OG MANGEL PÅ SØVN OG PENGAR

Alle må ha ein pårørande hos seg under innlegginga. Av og til kan ein pårørande vere for lite med tanke på omsorgsoppgåvene. Slik at nokre har fleire med seg , feks både mor, svigermor, tante, nevø, bestemor eller ektefelle. Ammande kvinner har dessutan barn med seg.

Pårørande-området er eit lite samfunn i seg sjølv. Det omkransar sjukehuset på tre sider. Der hoggar folk ved, koker mat, vaskar klede, og seg sjølv. Og søv. På bakken, eller på harde sementgolv. Berre ein får sove ved sida av pasienten si seng, eller under den. Rett på sementgolvet. Det er kjøpt inn sivmatter for å sove på. Eg for min del skjønner ikkje at leiet blir vesentleg betre av å ligge på det.

Avdelinga er delt i to store rom, samt nokre avlukke for dei som har infeksjonar som kan smitte andre. Det er skarpt lys på døgnet rundt. Kaldt lys frå lysrør. Personalet har gjerne på høg musikk på vaktrommet, dag som natt, Det fins ikkje lydisolasjon mellom romma. Dagen med medisinar og stell startar alt i 4 tida på morgonen. Tenker på sjukehusa der nord der personalet listar seg rundt nattestid og tidleg morgon, for ikkje å forstyrre. Og pasientane der heime er ikkje redd for å klage om dei synest nokon snakkar for høgt eller slamrar med dører. Dei pårørande i Nkhoma passer og steller den sjuke med stor tålmod. Kan mangle på både kunnskap og god hygiene ser eg ,men viljen er der. Og dei fleste er villige til å lære. Tid og språkkunnskapar strekk dessverre ikkje ofte til for meg. Ser at mange etter ei tid på sjukehuset kan vere slitne av blant anna mangel på søvn, og bekymringar for pengar. Det gjeld både pasientar og pårørande.

Nkhoma Sjukehus er privat og pasientane må betale for opphald, materiell som blir brukt, og medisinar. Hugsar ikkje tala eksakt, men ein prostata-operasjon kostar omlag 25 tusen kwatsja. Alle må betale eit depositum før dei blir innlagt for å sikre at det vil bli betalt for opphaldet. Det hender pasientar blir nokre dagar ekstra avdelinga for at familien treng tid til å skaffe pengar. Har ein ikkje pengar er det fleksible ordningar for det. Alle pasientar må ha ei helsebok, som fungerer som både journal og resept. Ei enkel og etter mi meining genial løysing her nede. Boko kallast den. Om nokon av ein eller annan grunn ikkje har, eller har gløymt å ta den med seg, må dei kjøpe ny. Det kostar 70 kw eller omlag 2 kroner. Rett som det er har ikkje pasientar pengar til dette. Har fleire gongar måtte «hjelpe» dei med desse kronene.

Utan utdanning er lønnsnivået svært lågt. Og lønna arbeid er det stor mangel på .Ei hushjelp tener omlag 5 tusen i månaden, ein hjelpepleiar 15 tusen, ein sjukepleiar 40 tusen. Det er ingen alderspensjon. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå at ein ein satsar på ein stor barneflokk for å sikre seg i alderdommen.

Sjølv om mange må vere heime ifrå i lange periodar når dei har ein av sine på sjukehus, er det slik det er. Andre må då ta støyten heime. Trur ikkje det blir sett på som eit offer. Barn kan like gjerne bli tatt hand om av besteforeldre eller andre. Om dei er nær kvarandre og tek ansvar, er ikkje banda til nokre få, for tette. Livet her, tenker eg, er dessutan for sårbart til å kun lite på nokre få. Heime i dei små familiane våre kan du miste alt om du mister ein. Her er det definitivt ikkje garantert at nokon får leve til dei er gamle og mett av dage.


AMPUTASJONAR OG BRANNSKADER OG INTERNASJONALE FOND

Det er heldigvis ikkje alle sjukdommar ein må betale for på sjukehuset. Brannskader og amputasjonar , HIV relaterte sjukdommar er utan kostnader. Det same er behandling av barn under 5 år. Dei to første sjukdommane blir dekka av internasjonale fond. For amputasjonar gjeld det også protese.

Ein eldre mann hadde vore innlagt i nokre veker med eit sår på ein fot som ikkje ville gro. Han såg meir og meir sliten og bekymra ut, men han klaga ikkje. Når han vart informert om at deler av foten måtte amputerast virka det som all gnist vart borte. Det vart raskt lagt til at denne behandlinga var gratis, og at sjukehusopphaldet til no ville bli sletta. Lyset i augene kom raskt tilbake. Virka som det å miste delar av foten var ei lita bekymring sett opp mot kostnadane han hadde sett føre seg.


TÅLMOD OG RESIGNASJON OG SPRÅKLØYSE

Som eg har nemnt tidlegare er det få pasientar som klager. Nesten alle seier dei har det bra. Vi som står på utsida forstår at det må vere mykje som ikkje kan vere så enkelt i liva deira. Kan virke som at dei med utdanning og betre økonomi lettare kan beskrive problem og utfordringar. Har kanskje større tru på at det er mogeleg å få hjelp? Har ikkje resignert?

Er blitt meg fortalt at folk i middelalderen der heime, hadde lite språk for å beskrive korleis dei hadde det. Også der hadde dei fleste meir enn nok med å syte for at ein hadde det mest nødvendige for å unngå svolt og anna naud.
Nabo og sjukepleiar frå landsbyen her fortalte han hadde spurt ein pasient han såg var svært fattig, hadde ein stor barneflokk og var lam i beina ,om korleis situasjonen var heime. Alt var bra hadde ho svara. Men kva med mat då? Har familien nok av det? Svaret var at det hadde dei ikkje. Deretter hadde han tatt for seg ulike konkrete områder og avdekka mykje som var vanskeleg. Slik vart det mogeleg for henne å få uttrykt seg, og han kunne setje inn nokre tiltak der det var mogeleg.





MORGONTUR OG SAMTALE MED EIN BESTEFAR.

Litt over 6 på ein morgontur i fjellsida, traff eg ein eldre mann som arbeidde på åkeren. No er det tid å klargjere før dei skal til å så når regntida set inn i omtrent i midten av november. Vi vart ståande å prate, slik det ofte blir når ein treff folk som kan engelsk. Han fortalte at han hadde fleire barnebarn å ta seg av, dei hadde stort behov for det han kunne dyrke. Han hadde fortalt at han hadde hatt seks barn, tre budde andre stader, og med eit trist drag over ansiktet sa han at tre var døde. Eg lurte på om det var barna til dei døde han tok seg av. Han svara bekreftande på det. Dei hadde ikkje foreldre. Eg spurte korleis det var. Før eg fekk fullført setninga svara han kontant at det var ei byrde. Som 70 åring, med ei kone som var litt yngre, var det krevjane. Etter hans meining er det unaturleg å skulle ta seg av barn når ein har oppnådd høg alder. Han var sliten etter eit langt liv i arbeidd for å fostre opp sine eigne 6 barn.



søndag 23. september 2012

Med noen bilder.

FELLESKAP OG ROMSLEGHEIT OG ANSVAR I DET VARME HJARTE AV AFRIKA.

Så langt eg har lagt merke til er folket her generelt eit sosialt folkeferd. Dei trivest best når dei er saman med andre. Dei har ikkje vanskeleg å finne noe å prate om. Trur ikkje mange tenker på å ikkje halde mål sosialt sett. Prat og latter er å høre overalt. Mange har lite av alt, klede er ofte slitt og ikkje alltid reine. Men ikkje lett å sjå at nokon let seg affisere av det. Kvinner går med ein gange som reine dronningar.


                                                        

Også måten dei et på,understrekar fellesskapet. Alle et av same skåler. Vil ikkje skjønnmale det fattigslege. Eg veit at under overflata kan det ligge mykje bekymringar og lidingar som ikkje er så lett for folk å setje ord på. Sikkert ikkje ta innover seg for den saks skuld.
Har høyrt av vestlege som har vore her ei stund ,at dei etterkvart opplever seg sjølv som friare og mindre sjenerte enn tidlegare. Heldigvis er eg blitt noko mindre sjenert med åra. Også eg trivest godt i lag med folket her. Det skjer noko med folk når ein blir møtt med vennlegheit og romslegheit. Kanskje er det ikkje berre eit slagord at Malawi er det varme hjarte i Afrika? 


                                                  Mat, prat og latter

Høflighetsfraser helser ALLE med; kordan har du det ? og til svar er det venta; eg har det bra. Er det VELDIG ille svarer ein pangono, som betyr litt.
Kor skal du ? er også eit standard spørsmål. Ikkje berre fordi dei er nysgjerrig, trur eg, men like mykje av interesse for andre.

Familiane her er store, og begrepet familie omfattar mange. Det inkluderer i tillegg til den næraste, også søskenbarn, tanter og onklar. Det er sjølvsagt å stille opp om noen treng det. Familiebanda er tydeleg å sjå på sjukehuset.


PÅRØRANDE OG MANGEL PÅ SØVN OG PENGAR

Alle må ha ein pårørande hos seg under innlegginga. Av og til kan ein pårørande vere for lite med tanke på omsorgsoppgåvene. Slik at nokre har fleire med seg , feks både mor, svigermor, tante, nevø, bestemor eller ektefelle. Ammande kvinner har dessutan barn med seg.


                       
                                                                                                  Kokehus

Pårørande-området er eit lite samfunn i seg sjølv. Det omkransar sjukehuset på tre sider. Deler er inngjerda, og vakter passer på som haukar at ikkje pårørande kjem inn på sjukehuset utanom visitttidene. Der hoggar folk ved, koker mat, vaskar klede, og seg sjølv. Og søv. På bakken, eller på harde benkar av sement eller på golvet. Berre ein får sove ved sida av pasienten si seng, eller under den. Rett på sementgolvet. Det er kjøpt inn sivmatter for å sove på. Eg for min del skjønner ikkje at leiet blir vesentleg betre av å ligge på av den grunn. 

  

                                        

Avdelinga er delt i to store rom, samt nokre avlukke for dei som har infeksjonar som kan smitte andre. Det er skarpt lys på døgnet rundt. Kaldt lys frå lysrør. Personalet har gjerne på høg musikk på vaktrommet, dag som natt, Det fins ikkje lydisolasjon mellom romma. Dagen med medisinar og stell startar alt i 4 tida på morgonen. Tenker på sjukehusa der nord der vi som jobbar der  listar oss rundt nattestid og tidleg morgon, for ikkje å forstyrre. Og pasientane der heime er ikkje redd for å klage om dei synest nokon snakkar for høgt eller slamrar med dører. Dei pårørande i Nkhoma passer og steller den sjuke med stor tålmod. Kan mangle på både kunnskap og god hygiene ser eg ,men viljen er der. Og dei fleste er villige til å lære. Tid og språkkunnskapar strekk dessverre ikkje ofte til for meg. Ser at mange etter ei tid på sjukehuset kan vere slitne av blant anna mangel på søvn, og bekymringar for pengar. Det gjeld både pasientar og pårørande.

Nkhoma Sjukehus er privat og pasientane må betale for opphald, materiell som blir brukt, og medisinar. Hugsar ikkje tala eksakt, men ein prostata-operasjon kostar omlag 25 tusen kwatsja. Alle må betale eit depositum før dei blir innlagt for å sikre at det vil bli betalt for opphaldet. Det hender pasientar blir nokre dagar ekstra avdelinga for at familien treng tid til å skaffe pengar. Har ein ikkje pengar er det fleksible ordningar for det. Alle pasientar må ha ei helsebok, som fungerer som både journal og resept. Ei enkel og etter mi meining genial løysing her nede. Boko kallast den. Om nokon av ein eller annan grunn ikkje har, eller har gløymt å ta den med seg, må dei kjøpe ny. Det kostar 70 kw eller omlag 2 kroner. Rett som det er har ikkje pasientar pengar til dette. Har fleire gongar måtte «hjelpe» dei med desse kronene. 
 
                                          Doktor Barbara frå Norge skriv ut ein pasient.


Utan utdanning er lønnsnivået svært lågt. Og lønna arbeid er det stor mangel på .Ei hushjelp tener omlag 5 tusen i månaden, ein hjelpepleiar 15 tusen, ein sjukepleiar 40 tusen. Det er ingen alderspensjon. Slik sett er det ikkje vanskeleg å forstå at ein ein satsar på ein stor barneflokk for å sikre seg i alderdommen.

Sjølv om mange må vere heime ifrå i lange periodar når dei har ein av sine på sjukehus, er det slik det er. Andre må då ta støyten heime. Trur ikkje det blir sett på som eit offer. Barn kan like gjerne bli tatt hand om av besteforeldre eller andre. Om dei er nær kvarandre og tek ansvar, er ikkje banda til nokre få, for tette. Livet her, tenker eg, er dessutan for sårbart til å kun lite på nokre få. Heime i dei små familiane våre kan du miste alt om du mister ein. Her er det definitivt ikkje garantert at nokon får leve til dei er gamle og mett av dage.


AMPUTASJONAR OG BRANNSKADER OG INTERNASJONALE FOND

Det er heldigvis ikkje alle sjukdommar ein må betale for på sjukehuset. Brannskader og amputasjonar , HIV relaterte sjukdommar er utan kostnader. Det same er behandling av barn under 5 år. Dei to første sjukdommane blir dekka av internasjonale fond. For amputasjonar gjeld det også protese.

Ein eldre mann hadde vore innlagt i nokre veker med eit sår på ein fot som ikkje ville gro. Han såg meir og meir sliten og bekymra ut, men han klaga ikkje. Når han vart informert om at deler av foten måtte amputerast virka det som all gnist vart borte. Det vart raskt lagt til at denne behandlinga var gratis, og at utgiftene til sjukehusopphaldet så langt ville bli sletta. Lyset i augene kom raskt tilbake. Virka som det å miste delar av foten var ei lita bekymring sett opp mot kostnadane han hadde sett føre seg.


TÅLMOD OG RESIGNASJON OG SPRÅKLØYSE

Som eg har nemnt tidlegare er det få pasientar som klager. Nesten alle seier dei har det bra. Vi som står på utsida forstår at det må vere mykje som ikkje kan vere så enkelt i liva deira. Kan virke som at dei med utdanning og betre økonomi lettare kan beskrive problem og utfordringar. Har kanskje større tru på at det er mogeleg å få hjelp? Har ikkje resignert?

Er blitt meg fortalt at folk i middelalderen der heime, hadde lite språk for å beskrive korleis dei hadde det. Også der hadde dei fleste meir enn nok med å syte for at ein hadde det mest nødvendige for å unngå svolt og anna naud.
Nabo og sjukepleiar frå landsbyen her fortalte han hadde spurt ein pasient han såg var svært fattig, hadde ein stor barneflokk og var lam i beina ,om korleis situasjonen var heime. Alt var bra hadde ho svara. Men kva med mat då? Har familien nok av det? Svaret var at det hadde dei ikkje. Deretter hadde han tatt for seg ulike konkrete områder og avdekka mykje som var vanskeleg. Slik vart det mogeleg for henne å få uttrykt seg, og han kunne setje inn nokre tiltak der det var mogeleg. 
 





MORGONTUR OG SAMTALE MED EIN BESTEFAR.

Litt over 6 på ein morgontur i fjellsida, traff eg ein eldre mann som arbeidde på åkeren. No er det tid å klargjere før dei skal til å så når regntida set inn i omtrent i midten av november. Vi vart ståande å prate, slik det ofte blir når ein treff folk som kan engelsk. Han fortalte at han hadde fleire barnebarn å ta seg av, dei hadde stort behov for det han kunne dyrke. Han hadde fortalt at han hadde hatt seks barn, tre budde andre stader, og med eit trist drag over ansiktet sa han at tre var døde. Eg lurte på om det var barna til dei døde han tok seg av. Han svara bekreftande på det. Dei hadde ikkje foreldre. Eg spurte korleis det var. Før eg fekk fullført setninga svara han kontant at det var ei byrde. Som 70 åring, med ei kone som var litt yngre, var det krevjane. Etter hans meining er det unaturleg å skulle ta seg av barn når ein har oppnådd høg alder. Han var sliten etter eit langt liv i arbeidd for å fostre opp sine eigne 6 barn.



                                                               

torsdag 6. september 2012

3 BRYLLAUP OG EI GRAVFERD


FELLESKAP OG TRADISJONAR


Både bryllaup og gravferder samlar familie, venner og arbeidskollegaer.
Første september var Frøydis og eg i bryllaup til Moses, ein sjukepleiar som sist vinter var i Bergen. Han gifta seg med Eneless, nyutdanna lærar, i byen Balaka 3 timar køyring lenger sør i landet.
Den lange køyreturen gjorde at vi valte å stå over den kyrkjelege seremonien som starta alt klokka 8 om morgonen. Vi kom til festen som skulle begynne kl 13. Den starta kl 14! Slik er det her i Afrika. Av ein ellar anna grunn stiller ikkje folk opp på møter, i selskap og liknande før ei god stund etter det klokkeslettet som er oppsett.
Noko som ikkje alltid er så lett for oss nordbuarar å forhalde seg til.

Vil nemne i den forbindelse ei oppleving som har med dette å gjere. Frøydis og eg møtte omlag presis i ein fødselsdag til ein nabo. Dette var like etter vi kom til Malawi. Frøydis var litt stressa for at vi var litt seine. Vertinna var verken pynta, hadde rydda huset mm. når vi kom. Ho såg svært forundra ut. Sa vi kunne gå heim igjen, ho skulle hente oss når det var klart. Ein og ein halv time etter vart vi henta.... 

 
                                                                 Moses og Eneless


Tilbake til bryllaupet. Ingen såg ut til å affisere av at brudeparet let vente på seg. Folk kom litt etter litt. Det var full musikk i lokalet, vestleg musikk for det meste.
Mange starta dansinga alt ved inngangen og dansa seg framover til eit slags podiet som var laga til. Det galdt både gamle og unge, tjukke og tynne. Igjen vert eg imponert over kor fri og glade mange virkar. For ein livskunst!
Gjestane var dessutan kledd i forskjellige kleder. Nokre pynta til fest, andre i kvardagsklede. Heime ville dei fleste stilt i nye kjolar, redd for at nokon skulle ha sett ein i dei same kleda før. Og ha brukt mye tid og krefter og pengar på klede og anna pynt. Her trur eg ingen bryr seg om slikt. Det som er viktig er at ein kjem. Dette uhøgtidlege er nokon eg verkeleg kan like. 


                                 
                                      Medan vi venta på brudeparet

Brudeparet kom og dansa seg oppetter golvet og entra podiet. Det som då skjedde var at vekselsvis brur, brudgom, og paret samla kom ned frå podiet og mottok gåver. Akkompagnert til musikk. Gåvene vart delt ut av grupper, feks venner av brura, familien til brudgommen og så bortetter. Gåvene var stort sett pengar som vart kasta framfor paret. Her hadde Frøydis og eg ikkje fått med oss alle detaljane. Vi hadde berre med nokre små setlar. Hovudgåva, som var pengar,hadde vi putta saman med eit kort i ein konvolutt. Det som var meininga var at vi skulle kasta alle pengane på denne måten. Og i fleire om gonger. Vi kasta alle små setlane og trudde vi dermed var ferdige.....Sat dermed utan pengar når neste runde kom. Å gi gåver på denne måten er kanskje ein måte at alle kan bidra med det dei vil eller kan. Ingen får vite kor mykje kvar enkelt har gitt. Det kostar å halde bryllaup. Kvar krone kjem nok godt med. Eg trur det for dei fleste i landet her er framand å samle på bestikk, kaffiservise og liknande.



På denne delen av seremonien som gjekk over mange timar var det kun servering av saft og litt snacks litt ut på dagen. Mat vart servert mellom kyrkja og festen. Er vel ikkje nødvendig å seie at eg vart både svolten og tørst utover dagen. Også her hadde vi «bomma» litt. Førestellingane våre stemte ikkje med realiteten. Informasjonen vi hadde fått var mangelfull. Kanskje folk her trudde vi visste? Denne måten å feire bryllaup på har lange tradisjonar. Folk som lever i dag veit ikkje om anna.







TRADISJONELT BRYLLAUP OG BRUREPRIS OG FRYNSEGODE


Vi er invitert i nok eit bryllaup denne hausten. I november. Det dei kallar tradisjonelt bryllaup som er ein forlovelses- seremoni. Visstnok på storleik med eit ordinert bryllaup, berre utan prest og kvit kjole. Veit ikkje om denne pengekastinga føre kjem der også. Men det skal eg finne ut av i god tid før. Jaquline er clinical offiser og kom til Nkhoma nokre dagar etter oss. Ho har ei treårig utdanning som går på stille diagnosar og behandle desse ut i frå kva som er mogeleg. Ein slags lege. Er truleg ein enklare måte å utdanne medisinsk personell på enn full legeutdanning. Til opplysning har USA også dei siste åra innført ei liknande utdanning. Jaquline er dermed eit godt parti. Foreldra til brudgommen har ikkje så mykje dei skulle sagt til sonen sitt val av partnar. Keith som er sjukepleiar, har måtte gå til foreldra hennar for å bli akseptert eller ikkje. Foreldra hennar hadde slakta ei geit for å gjere stas på den kommande svigersonen. No gjenstår at han skal møte nokre av onklane hennar for å avtale pris. Jaquline meiner han må betale litt i underkant av ei månadslønn.

Diskuterte dette med brurepris med nokre afrikanske meir moderne kvinner på kurset i Addis Abeba. Dei likte ikkje denne tradisjonen. Hadde ei kjensle av å bli solgt som ei vare. Her i Malawi,som er eit heller lite moderne land ,virkar det ikkje som nokon som reagerer på denne praksisen. Det er berre slik det er.

Også ein anna kollega skal gifte seg i haust. Hjelpepleiaren Kulumbo. Han er frå ein landsby utan strøm. Brukar helgane framover til å hogge ved for å ha nok å koke mat på. Også i det bryllaupet er vi invitert.

At både familie venner og kollegaer stiller i slike merkedagar blir sett på som ei ære. Dess fleire, dess større ære. Sjukehuset stiller med ein liten buss med plass til 16. Sjukehuset prøvde å stramme inn denne praksisen med gratis transport og til støtte til gravferder i sommar. Det førte til heftig motstand, og vart ikkje akseptert endra. Dette er eit viktig frynsegode for dei tilsette. Forstår det slik at utgiftene kan bli store om bryllaup vert halde på ein anna kant av landet. Når det gjeld gravferder, som like gjerne er på kvardagar, blir dessutan mange borte frå jobb. Sjukehuset bidreg også økonomisk til gravferder. Familiestrukturen her med den utvida familie, gjer at det kan bli søkt om støtte sjølv når meir fjerne familiemedlemmer dør. Sjukehuset ville berre bidra når nokon i den aller næraste familie døde. Utgiftene på dette budsjettet var blitt for store.


GRAVFERD OG Å VERE FRAMAND

I løpet av dei første vekene her i Malawi var eg i praksis på ulike avdelingar. Nokre av sjukepleiarane vart eg betre kjent med enn andre.
I slutten av juli døde ei av sjukepleiarane som hadde teke seg godt av meg. Ho hadde eit kort sjukeleie, og døydde av den sjukdommen som dessverre tek så altfor mange unge liv. Ho etterlet seg to ungdommar i slutten av tenåra. Mannen var død nokre år tidlegare.
Eg fann det naturleg å gå i gravferda som var ein times tid unna. I den landsbyen ho var vaksen opp . Felles transport var arrangert .Sjukehuset kost også maismjøl og fyringsved til å koke maten på. Vi reiste tidleg på formiddagen.


                                                       Fyringsved



Sjukepleiarane skulle stille i uniform, med chitenje over. ( chitenje er eit omslagskjørt) Eg valte å ta ei varm bukse under chitenjen sidan vi skulle til eit område som ligg ein del høgare enn her, og dermed kaldare. Seinare skulle det vise seg at chienjen skulle takast av når vi bar kista til kyrkjegarden. Alle andre hadde pene skjørt under. Eg hadde ei bukse som ikkje høyrde saman med overdelen. Valte dermed å behalde chitenjen på. Satsa på at folk bar over med ein musungu ( Vi kvite blir kalla det. Ordet betyr framand)
Det å gå med omslags-skjørt er heller ikkje berre enkelt. Knyter ein det for stramt kan ein berre gå med «museskritt» Er det for laust har det ein lei tendens til å løsne. Eg kava litt med begge deler .
Men alt i alt trur eg det gjekk bra. Nokre har seinare sagt dei var glade for at eg ville delta.

                                                 Sjukepleiarar


Dei første timane gjekk med til å ta farvel med den døde i huset der ho var vaksen opp. Kista var plassert midt i hovudrommet. Ei vakker kiste, med glas over der andletet var. Ho vart gravlagt i uniforma si kunne eg sjå .
Rommet var til ei kvar tid fullt av folk som song salmar. Sterkt å oppleve ein slik fellesskap midt i sorga.
Deretter var det pause. Vi vart delt inn i grupper og fekk kvar våre hus vi kunne gå til om vi ville kvile.
Eg var beden om å bli med nokre sjukepleiarstudentar. Huset vi fekk var tømt for alt innbu og det var lagt stå-matter på golvet. Folk flest har lite «jordisk gods» så det har truleg ikkje tatt mykje tid å gjere det klart,Vi vart sitjande utanfor og fekk servert ei stor skål med kokte maiskorn på deling. Det smakte. Nokre av studentane kjente eg frå tidlegare. Likevel fekk eg ei kjensle av at eg var uønskt. Eg spurte bla om det var i slike hus dei var vaksen opp. Fekk til svar at det var det. Virka som dei skamma seg. Ei spurte meg om eg hadde tenkt å ta bilete. Dei er vane med å sjå meg med kamera. Eg hadde ikkje tankar om det. Forstod straks at det ikkje var passane.

Etter pausen var var det servering av mat. Tre og tre delte vi skåler med nsima, geitekjøt og grønsaker. Såg at studentane granska meg medan eg åt. Heldigvis hadde eg ingen vanskar med å ete det som stod på menyen. Måltidet vart inntatt sitjande på bakken. Ein et med høgre handa. Hendene blir vaska både før og etter måltidet. Imponerande korleis ein heil landsby i løpet av ein dag har greidd å legge til rette for at fleire hundre menneske kunne få både husrom og mat. Det var reint og ordentleg overalt.

Etter måltidet gjekk alle inn i huset for å ta eit siste farvel. Mennene først, deretter kvinnene. Det var lite barn å sjå, dei vert halde borte frå gravferder fekk eg vite. Noko som forundra meg. Har det inntrykket av at barn er med overalt.

Utanfor huset var det talar før kista vart køyrt til gravplassen.
Det var eit langt følgje som gjekk etter bilen nokre hundre meter. Eg i chitejen som eg bala med......

På gravplassen var det mange som sa nokre ord når dei la ned kransar på grava. Det var vondt å sjå dottera som sørgde så voldsamt over å ha mista ein viktig person for henne. Reknar med at framtida hennar kan vere usikker utan mora som også truleg var den einaste støttespelar økonomisk. Utan foreldre som kan betale er det nesten umogeleg å få seg utdanning her i Malawi
.
Sjukepleiarane hadde til slutt ein seremoni med blant anna song og tenning av lys rundt grava. Verdig og fint. Var takknemleg over å bli inkludert i dette.

Det var begynt å skumre når vi reiste heimover. Også her hadde eg tatt feil. Hadde gjort ein avtale på ettermiddagen. Visste ikkje at heile dagen gjekk med. Ikkje berre fotografering fann eg upassande. Også å bruke mobiltelefon. Eg fann ingen stad å stikke meg bort for å sende melding eller ringe.
Ser ut som det er mange ting som dessverre berre kan lærast ved erfaring.