torsdag 8. november 2012


STELLA OG DELINA, AMMING OG SJEKKLISTE.


Har i løpet av tida eg har vore her har eg blitt kjent med ein del pasientar, i større eller mindre grad. Dei fleste er på sjukehuset nokre dagar før dei set seg på ein minibuss, leiger ein sykkeldrosje eller går heim på eigne bein. Få blir henta i privatbil. Drosjer må ein heilt til Lilongwe, 6 mil unna for å få tak i. Tenker reisa heim for mange er slitsam. Gjerne berre dagar etter ein operasjon, kanskje med ein nyfødd unge. Bussane går når dei er fulle. Og då meiner eg stappfulle. Av folk, ting og tang. Veit at nokre kan ha med både høner og geiter, men har eg ikkje opplevd sjølv. Jau foressten ei ung dame hadde med ei høne sist eg tok bussen, hovudet stakk ut av sida på ei lita pappeske. Ikkje uvanleg å vente minst ein time på at den skal fyllast. Stort sett sit folk så tett og har så mykje med seg at det er vanskeleg å røre seg. Føter og skuldrer kan kjennast som å sitje i ei skrustikke. Når ein skal av kan det ta tid når mange må flytte på seg og alt dei har med av bagasje. Eg som er frisk kan enno synest det kan vere ein oppleving. Prate med folk, eller berre sitje å vente. Gjerne medan eg strikker litt, det er som regel armslag til det medan bussen fyllest.

Stella og Delina er to har eg blitt godt kjent med. Har fått lov å fortelje hennar historie og vise bilete.



For nokre veker sidan under ein keisarsnittoperasjon fekk Stella hjartestans. Bedøvinga som skulle gå til nedre del av kroppen, gjekk opp og lamma hjarte og lunger. Også andre ting gjekk gale. Blant anna utstyret som skulle registrere blodtrykk og puls fungerte ikkje. Dette ville truleg aldri skjedd i eit vestlege land. Det er sørgjeleg å sjå at mykje dyrt, donert medisinsk utstyr blir øydelagt av ustabil tilførsel av straum. Ingeniørar i Norge er sett på saka for å sjå på mogelege alternativ for å kunne stabilisere straumen. Straumen går stadig vekk. Den kjem tilbake med ujamn styrke noko som lett øydelegg elektronikk.


                                                        Stella og mor hennar


Stella var i koma dei første dagane. Deretter vakna ho utan å kunne kommunisere. Dei to første vekene var det lite framskritt å sjå. Eg tenkte med gru på korleis det ville gå framover. I ein landsby utan gode senger, heimesjukpleie, sondemat og så bortetter. Det kom truleg til å oppstå komplikasjonar som ville bli hennar bane.

 


Den lille jenta Delina var heldigvis sunn og frisk. Ho hadde bruk for mor si, ikkje minst for å få trygg og god næring den første tida. Amminga kom heldigvis i gang etterkvart. Den lille jenta var roleg og sov mykje. Dette førte til at ho vart lagt sjeldan til brystet og gjekk ned i vekt. Det såg ut som dei pårørande var glad for at barnet sov mykje. Dei hadde hendene fulle med å pleie den sjuke som i periodar var svært uroleg. Eg hadde også andre pasientar å ta meg av, slik at eg ikkje fekk fylgt familien så tett som dei hadde behov for. Fann dermed ut eg skulle lage ei sjekkliste for å skaffe meg oversikt over kor ofte barnet vart lagt til brystet. Laga liste med datoar nedover på arket og ba familien setje eit merke når barnet hadde fått mat. Dei nikka og smilte og såg ut til å forstå. Etter nokre timar såg eg at dei hadde kryssa i hytt og ver på arket. Det viste seg at dei verken kunne lese eller skrive. Morsmjølkerstatning er å få kjøpt. Det er svært kostbart, og krev tilgang på reint vatn og reine tåteflasker. Å skulle koke vatn mange gonger for dagen på kostbart trekol eller ved er ikkje lett å få til i praksis. Veit at mange dermed lett slurvar med reinhald. Det kostar mange spedbarn livet å få ein kraftig diare. Det er derfor av avgjerande her at barn får bryst-ernæring. Her der så og seie alle kvinner ammer barna sine er det ikkje vanlege å donere morsmjølk. HIV pandemien gjer at dette ikkje blir tilrådd av helsepersonell.

Stella og den lille jenta var døgnet rundt omgitt av mor, svigermor, og av og til andre i familien. Noko som må ha vore trygt for henne. Dei pårørande vart meir og meir slitne. Ei streng praksis på antal besøkande gjorde at dei næraste ikkje fekk den avlastinga dei trong. Dei hadde bruk for både assistanse og opplæring i korleis pleie henne. Dette fekk eg lov å delta i. Malawiske sjukepleiarar har lite med stell og pleie å gjere. Mi erfaring frå sjukepleie i Norge kom til nytte. Mannen hennar kom to gonger. Han jobbar på anlegg i eit naboland. Reisa hit kosta han både mykje tid og pengar. Familien var fortvila. Håpte på betring sjølv om det ikkje såg slik ut den første tida.

For å gjere ein lang historie kort; språk, og større og større førlig-heit kom etter nokre veker. Ho kunne fortelje om det ho hugsa frå tida då ho ikkje evna å kommunisere med omverda, og kor frykteleg det var å ikkje kunne snakke. Og ikkje minst om redsla ho hadde kjent på. Stella reiste heim etter å ha fått taleevna tilbake og kunne gå med støtte .Ho kom dessverre ikkje opp til kontrolltimen etter 14 dagar. Kanskje ikkje så rart. Turen til sjukehuset var lang. Heim kom ho seg ved hjelp av buss og det siste stykket skulle ho bli henta av ei oksekjerre. Eg hadde svært lyst å treffe henne igjen, var blant anna spent på om ho kunne gå utan hjelp. Utruleg flott å vere med på denne « reisa» i lag med Stella og familien. Som «sunnivasøster» er ikkje det ofte eg får oppleve noko særleg betring hos pasientane. Og her i dette landet ville ho ikkje ha muligheiter om ho ikkje kom seg. Stella dukka opp veka etter og kom spaserande stødig på sine to bein.
Agness ein sjukepleiarstudent som hadde vore til god støtte for Stella og familien, og som tolk for meg, forslo at vi kunne besøke henne ein gong heime. Stella og mor hennar sa vi var velkommen når som helst.

                                                      Agness og Stella




NAMNEVALG OG TRADISJONAR

Jenta fekk namnet Delina etter ei oldemor. Før namnet vart bestemt hadde ho eit anna namn.
Det er i Malawi vanleg at faren finn namn til den førstefødde. Ettersom faren var bortreist i samband med jobb tok dette litt tid. Etter det første besøket av denne beskjedne unge faren, spurte eg mor hans om jenta hadde fått namn. Ho fortalte at det hadde ho, men ho ville ikkje fortelje kva det var. Eg vart svært nysgjerrig. Kunne ikkje skjønne kvifor ho ikkje ville seie kva det var. Etter ei stund oppga ho namnet og ein av dei tilsette fortalte at namnet betydde freisting. Det kom fram at svigermor til Stella hadde lagt sterke føringar for namnevalet. Reknar med ho var opp-brakt over blant anna kva situasjon sonen var kommen i. Er ikkje uvanleg her i landet at barn får namn etter omstende rundt for eksempel fødselen. Synest å hugse at « Oluf» Arthur Arntsen har fortalt om liknande praksis i Nord Noreg.
Ein klok og omsorgsfull hjelpepleiar hjelpte meg med å diskutere med familien om det var lurt å gi barnet eit namn som kunne bli til belastning for henne. Eit slikt namn ville kunne gi barnet skuld for det som var hent med mora. Etter å ha tenkt seg om ei tid vart namnet endra til Delina. Eit namn eg trur alle var nøgd med.


BESØK HEIME HOS STELLA, SUKKER OG SALT

Agness som sjukepleiarstudent på avdelinga må ha praksis mange helgar. Sist helg hadde ho fri og foreslo at vi kunne ta ein tur å besøke Stella laurdag. Vi drog avgarde saman med besøkande frå Norge. Dei som no er i Nkhoma for nokre veker er sjukepleiar Marit, legen Guntram, begge er ressurspersonar i prosjektet, og Anne Marit, tidlegare kollega. Fleire av desse hadde møtt Stella tidlegare. Vi avtalte at om det såg ut til å virke overveldande på familien at vi kom mange, kunne nokon trekke seg unna. Er ikkje lett å vite kva som kan opplevast som greitt eller ikkje for andre. Vi var alle nysgjerrige på korleis ein vanleg familie lever på landsbygda, men ville sjølvsagt unngå at det vart ubehageleg på nokon måte for familien vi besøkte.

Eg sa til Agness at vi ville kjøpe med ei gåve til mor og barn og nokre kjeks og ein pakke te. Agness ba meg sløyfe kjeks og te. Heller kjøpe ein pose med sukker og salt. Noko som kunne brukast i matlaginga. Vi kjøpte sukker og salt, men valte også å ta med luksusartiklane kjeks og te.
Vi hadde ikkje vanskar med å finne landsbyen og huset med hjelp av nokre som kjente familien. Stella og den lille jenta bur i lag med foreldra og dei fire små søskena hennar i to hus som står tett i tett.






Vi vart godt mottatt. Dei hadde ikkje trudd at vi nokonsinne verkeleg ville komme på besøk. Ei matte av strå vart lagt ut slik at vi fekk sitje på reint underlag ute i tunet. Ein stor flokk naboungar og nokre kvinner var plutseleg der og såg på dette merkelege med dei 4 kvite som kom til landsbyen. Enno er ikkje Stella heilt den same som før. Noko som på fleire område er krevjande for henne og dei næraste. Ein del ting må truleg lærast på nytt. Eg ser ikkje bort frå at det blir nok ein tur for å sjå til korleis det går med Stella, Delina og resten av familien. Det har gjort sterkt inntrykk å sjå på nært hald både denne familien, og andre som har så lite at dei har knapt med mat, og kleda er så slitt at dei ikkje lenger heng saman og er umogeleg å reparere.