LANDSBYAR OG HØVDINGAR
Det er vel 330 landsbyar
rundt Nkhoma Mission. Innbyggarane i ein landsby er stort sett i
familie med kvarandre. Talet på hus i ein landsby varierer. Ikkje
uvanleg med 150 til 250 små hus. Gruppert med gjerne 5-6 hus med
næraste familie. Familiane er barnerike, så det kan bu ein heil del
menneske i ein landsby. Husa står tett i tett. I nokre landsbyar er
husa av ubehandla murstein, andre igjen har dekka mursteinane med
sement. Nokre få har mala denne sementen, vanlegast med ein brunraud
farge øvst og koksgrå nederst. Taka er dekka av bølgjeblikk eller
strå. Kor mykje dei «pynta» på husa sine avheng av økonomi.
Nokre har vindauger, andre berre plater dei set føre gluggane om
kvelden for å halde kulde, regn og mygg ute, alt etter årstida.
Varmen er umogeleg å halde ute. I dei fleste landsbyane eg har vore
i er det velstelt og pent utanfor husa. Dei kostar bort lauv og anna
rusk med små kostar som gjer at arbeidsstillinga er ryggen i 90
graders vinkel. Få om ingen klager over ryggplager. Eg spurte
Wilfred ( gartnaren) om han fekk vondt i ryggen av denne
arbeidsstillinga? Det fekk han av og til fortalte han. Han vart glad
når eg gav han pengar til eit skaft han kunne feste kosten på.
Om det ofte er pent rundt
husa skal ein ikkje langt bort før bosset ligg strødd. Plastposar
og rusk og rask overalt. Ser ikkje pent ut. I dette går geiter,
hundar og høner på kontinuerleg jakt etter mat. Er ikkje uvanleg at
geiter dør av tarmslyng etter å ha ete plastposar. Ei grop i hagen
er vår bossplass. Gartnaren brenn det no og då.
Bestemor som har mista alle sine 7 barn
Ingen i landsbyane har
strøm. Nokre har radio som går på batteri, som ofte sprakar og
skurrar. Lyttarane har likevel sett svært så tilfredse ut. Gjerne
benka på ein stol utanfor huset. Er sikkert ein luksusartikkel dei
er stolt av å vise fram. Tenker med skrekk og gru om alle skulle ha
radio eller musikkanlegg i landsbyane. Om husa har veggar, dei totalt
utan lydisolasjon. Det gjeld også vårt hus. To av våre næraste
naboar har gode musikkanlegg og er svært glad i å spele høg
musikk. Her står folk opp med sola. Det manglar er ikkje uvanleg at
då startar lyd- uhyret. Gjerne i 5-6 tida om morgonen, Musikken
trengjer seg gjennom veggar og øyreproppar. Basslyden høgg tak i
kroppen. Då er berre å riste søvnen av meg å starte dagen. Nokre
vil vel lure på om ikkje det er mogeleg å gi beskjed. Har gjort det
på ulikt vis utan å lukkast. Morgonen er dessutan ei fin tid på
dagen. Ideelt for ein liten tur før arbeidsdagen begynner klokka 7.
Og før det blir for varmt for den slags aktivitet.
Kvar landsby har ein sjef/
høvding; village headman blir det kalla. Dei er ein slag ordførar som er sentral i alle viktige avgjerder, samt seremoniar som bryllaup og
gravferd. Dei har posisjonen på livstid etter dei er valt.
Når ein village headman/
høvding dør må det velgast ny. Den blir valt av dei eldre i
landsbyen. Valkomiteen er eldre menn og kvinner frå kvar familie.
Dei samlar seg i eit hus ved midnatt og valet skal vere klart på
morgonkvisten. Wilfred, gartnaren vår sin høvding døde i sommar.
Det var ei eldre kvinne som hadde styrt landsbyen i over 20 år. Den
nye vart valt like etter. Denne gongen ein mann på ca 50 år.
Wilfred fortel han trur det var eit godt val. Seier den nye er ein
roleg mann med ein omsorgsfull personlegheit. Noko han han trur er
viktige eigenskapar for den som skal ha den posisjonen.
Er ein for grådig også på denne posisjonen er det mogeleg å "karre" til seg pengar. Mange av oppgåvene til høvdingen blir han betalt for. Eit grelt eksempel på dette viser noko som skjedde tidlegare i haust. Området til fiskarane i ein landsby ved Malawi sjøen vart selt. Høvdingen hadde selt område til indarar som skulle bygge hotell. Ideelt for hotell, men kvar skulle då fiskarane på dei 70 båtane med opp til eit mannskap på 9 på kvar båt gjere av seg? Salget vart etter massive protestar omgjort i slutten av oktober. Optimismen hos fiskarane var tilbake sist eg besøkte landsbyen.
Fiskarar klargjer båt og utstyr
Er ein for grådig også på denne posisjonen er det mogeleg å "karre" til seg pengar. Mange av oppgåvene til høvdingen blir han betalt for. Eit grelt eksempel på dette viser noko som skjedde tidlegare i haust. Området til fiskarane i ein landsby ved Malawi sjøen vart selt. Høvdingen hadde selt område til indarar som skulle bygge hotell. Ideelt for hotell, men kvar skulle då fiskarane på dei 70 båtane med opp til eit mannskap på 9 på kvar båt gjere av seg? Salget vart etter massive protestar omgjort i slutten av oktober. Optimismen hos fiskarane var tilbake sist eg besøkte landsbyen.
Fiskarar klargjer båt og utstyr
Eg har blitt litt kjent med ein
av desse landsby-høvdinagane i nabolaget. Han heiter Katungu. Vi kom
i prat på ein av mine morgonturar. Han arbeidde på åkerern. Var
meir enn villig til å ta ein pause i arbeidet for å slå av ein
prat. Med engasjement fortalte han meg brotstykke av landet sin
nyare historie og personlege erfaringar med det. Eg hadde seinare ei
hyggeleg stund ein søndag ettermiddag i heimen hans, saman med
Marit, noverande koordinator for prosjektet her. Han fortalte om arbeidd
for å få fleire vannpostar til landsbyen og midlar til vedlikehald
av desse. Han ivrar også for å ikkje hogge ned for mykje skog, og
stimulerer til at barn får skulegang. Han hadde ein boge på veggen
i stova. Har laga den for å vise barnebarn og oldebarn reiskap som i
ei ikkje fjern fortid var brukt for å jakte.
Katungo viser kordan bruke pil og boge
Som seg hør og bør,
etter det han fortalte, fekk eg gåve med når eg skulle til å gå.
Ein stor pose peanøtter frå eigen hage. Kan lage mykje godt av det.
Har fått smaken på nokre Malawiske rettar der ein brukar mjøl av
peanøtter. Mjølet får ein ved å knuse reinsa nøtter i ein stor
mortar. Dette er matrettar eg heilt sikkert også kjem til å lage
også etter eg kjem heim.
LEOPARD OG ELEFANT, HYENER
OG SLANGAR
Ettersom fjellet er blitt
avskoga, har mange dyr blitt borte. For landsbyhøvdingen er det
viktig å halde halde historia i hevd, samstundes som han er open for
å tenke nytt. På museet i landsbyen er det eit skinn av leopard og
ein elefant-fot. Begge etter dyr som er felt i området her for ca
50 år sidan.
Er ikkje mange eksotiske
dyr igjen. Den sky hyenen kan eg av og til høyre ule om kveldane.
Har berre sett ein, og den var skoten. Låg til offentleg skue bak
politistasjonen. Ein slange har vi hatt besøk besøk av i hagen.
Slangen var stålgrå, gjekk nesten i eit med vatn-renna rett
nedanfor terrassen der Marit og eg sat og hadde lunch. Fotoappatat
vart funnen fram i ein fei, og Wilfred gartnaren vår alarmert. Vi
rakk å fotografere den med ei firfisle i munnen før Wilfred tok den
av dage.
I følgje han var slangen
ufarleg. Det er få giftige slangar i landet, men dei fins. Også
her i nærleiken. I forrige veke var det to pasientar med slange bitt
innlagt på sjukhuset. Den eine, ei 5 år gamal jente, døde. Er
uvisst om det var slangebittet eller andre årsaker som malaria på
hjernen,eventuelt hjernehinnebetennelse som førte til dødsfallet.
Den andre pasienten kom frå det med livet. Der hadde slangen lagt i
sengetøyet..... Avdelingssjukepleiar fortalte i dag at i går vart
ein slange, black mambo avliva av gartnaren deira. Det er ein SVÆRT
giftig slange. Gifta vil ta livet av eit menneske på ca to timar.
Det var sagt at det var denne type slange som hadde bite den 5 år
gamle jenta. Det at ho døde meir enn 12 timar etter bitet, gjer det
mindre truleg at det var det som var årsaka til at ho stoppa å
puste. Skjønar eg må vere oppmerksam når eg er ute i hagen. Det er
dessutan gliper både under og rundt dørene som det er mogeleg for
all slags kryp å komme inn gjennom!
STRIKKING OG LANGE TIMAR
UTAN NOKO Å GJERE
Kona til landsbyhøvdingen
ville gjerne eg skulle lære henne å strikke. Høvdingen, som var
den som førte ordet og gav henne beskjeder, foreslo ho kunne bruke
tida til å strikke når ho i timevis kvar dag sat ved den lille
salsboda dei har. Dei sel forbruksvarer som såpe og sukker bla.
Landsbyen er liten og eg kan ikkje tenke meg det er særleg mange
kundar innom i løpet av ein dag. Han formidla her tankar eg også
har tenkt. Om det å bruke tida når ein set og venter på at kanskje
ein kunde dukkar opp. Har dessverre enno ikkje får anledning til
det, no når eg endeleg har funne ei som verkeleg ser ut som ho
ønsker å lære. Ettermiddagane her er korte. Mørkt alt i
sekstida. Er ikkje mykje eg rekk etter eg er ferdig på jobb klokka
4. Er ikkje tilrådeleg å gå ute etter mørket, dessutan er det
dårleg med lys i husa. Kveldstid er ikkje egna verken til handarbeid
og lesing. Dei fleste et middag i 7 tida, etter det er det til sengs.
PEOPLES PARTY
Heldigvis er ikkje folk
berre resignerte. Eg vart invitert med på politisk møte i ein
nabolandsby av Mr. Chicuse som jobber på laboratoriet.Nysgjerrig som eg
er på å lære landet litt betre å kjenne, takka eg ja. Reiste dit
saman med sjukepleiar Anne Marit og lege Guntram frå Bergen. Dei
ville heller ikkje gå glipp av dette. Veldig kjekt for meg å ha lag med andre
norske å dele opplevelsar med. Framme ved folkemøtet vart vi straks møtt av Mr. Chicuse, og geleida inn på VIP paviljongen. Der sat det stort sett
eldre menn, flest høvdingar fekk eg seinare vite. Der var taler og
sang, og regelmessige rop av slagordet PP. I det fredelege Malawi var til og med livvakter på møtet, kledd i mørk dress og med mørke solbriller..... Møtet varte og rakk.
Ikkje mogeleg å forlate plassane våre utan å vekke oppsikt. I
respekt for han eg kjenner ville vi vente til han var ferdig med si
tale. Det var berre å smørje seg med tolmod. Var ikkje mykje av
bodskapen eg fekk med meg. Talane forgjekk i rask tempo på
Chichewa. Men enkelte ord gav meg innblikk i tema. Kollegaen min
håper på å bli folkevalt frå området ved neste val. Peoples
party er dei som sit med regjeringsmakta i dag. Ei kvinne, Joyce Banda, overtok som president etter at den forrige døde brått i april i år. Ho har lova mange positive endringar, utan at det har vist seg i handling enno. Det som folk merkar på kroppen er at alt er blitt mykje dyrare. Det vart foretatt ei devaluering på 49 % i sommar. Skal vere nytt val i
2014. Då er det 20 år sidan landet fekk demokratisk styre, noko som
ikkje har redusert fattigdommen. Tvert imot. Barnedøden har rett nok
blitt redusert. Men familiane får like mange barn som tidlegare. Når
fleire lever opp på grunn av større fokus på barn si helse blir
det fleire munnar å mette. Hjartesakene til kollegaen min er fleire
vann-postar i området, og eit opplæringssenter for foreldrelause
barn. Slik at barn som no gjerne ligg den utvida familien til byrde,
kan etter nokre år på barneskulen få ei handverksutdanning. Etter
mi meining er begge deler gode saker å kjempe for. Det var mykje
folk samla,både barn og vaksne. Oppmuntrande å sjå politisk
engasjement i dette landet der så mykje virkar å stå stille.
Mr. Chikuse held sitt innlegg.