tirsdag 14. august 2012

MALAWISJØEN OG SMÅFISKANE OG MYGGNETT OG IDEALISME

Malawi-sjøen som er den tredje største innsjøen i Afrika, utgjer heile 20 prosent av landet. Er ein lang og smal sjø som strekker seg frå heilt nord i landet til ganske langt sør. Deler av sjøen er også ein del av Mosambik. Ettersom grenser er vanskeleg å sjå i vatn vatn og utan GPS, har eg høyrt om folk som har fått tildels store problem når dei intetanande har kommen over grensa til Mosambik. Avstanden er mange stader ikkje stor.

Denne helga har eg vore på ein hyggeleg stad som heiter Senga Bay, like ved innsjøen. Ca 12 mil frå Lilongwe. Som igjen er 6 mil frå her vi bur. Staden vi budde på er driven av Sam, ei engelsk, idealistisk sjukepleiar på omlag min alder. I tillegg til å drive denne overnattingsstaden, har ho fleire prosjekt på gang for å hjelpe lokalbefolkninga til å hjelpe seg sjølv. Ho gjer ein imponerande innsats.

Var herleg å vere nær sjø. Som balsam for sjela å høyre bølgjene slå mot stranda og kjenne lukta av sjø og tørka fisk. 
 

Dei driv mykje fiske på sjøen. Omlag 840 ulike fisketypar lever der, både små og store. I Senga Bayer det omlag 40 motordrivne fiskebåtar. Dei fiskar med garn nattestid. Ettersom det er bekmørkt her på natta, har kvar båt med seg 4 kanoar med lanterner på. Kanoane er uthola trestammer. Fisken kjem opp mot lyset. Garn blir kasta ut og fangar dei.
For å få mest mulig fisk bruker mange ulovleg maskestorleik på garna. Ikkje berre ordinære garn blir brukt. Mange klipper opp myggnett som dei brukar. 

 
                                            Følgebåter med laterner


Myggnett er verdifullt på fleire vis. Det er ikkje lett å kjøpe for det er kostbart. Eitt nett kostar mykje meir enn ei månadslønn. Fleire uhjelps-organisasjonar gir myggnett. Her i landet får alle gravide som møter til svangerskapskontroll eitt nett. Mange sel det . Dette på tross av at myggnett er den beste førebygginga mot malaria. I tillegg til å ta mange liv, fører malaria til mykje liding. Folk kan i lengre periodar ha nedsett arbeidsevne fordi dei er sjuke og slappe. Det er naturleg nok eit problem i eit land der dei treng folk som er opplagte og kan ta i eit tak.


                                           Myggnett blir klypt opp. Tørke av småfisk i bakgrunnen.

Mesteparten av fisken eg såg var bitteliten. Nokre er ein sardin-liknande fisk. Av fisk på denne storleiken blir mykje tørka. Den minste treng ein dag i dette klima for å bli tørr. Den litt større, på 10- 15 cm, blir tørka to dagar før den blir sendt for sal i lokalområdet og lenger innover i landet. Fisken som treng to dagars tørk vart av mange dekka til med opp-klipte myggnett! Fint at ikkje floge forureinar fisken, men synd at myggnett ikkje blir brukt til det det er tenkt til!

Småfisken ville, om den ikkje vart fiska, med tid og stunder vekse seg stor, bli kjønnsmoden, og opphav til enno fleire fisk.
No er det mange som frykter korleis det vil bli med fisk i sjøen framover. Rovfisket reduserer fiskebestanden. Dette overfiske meiner ein også er årsak til den store førekomsten av parasitten bilharzia.
Men folk treng mat og pengar i dag. Det er nok ikkje lett å tenke framover, å vere fornuftig i ein slik situasjon. Afrikanarar er dessutan kjent for å ha hovudfokus på dagen i dag. Det skulle heller ikkje vere ukjent for nokon av oss denne tenkemåten. At pengar og mat i dag,får oss til å lukke augene for eventuelle problem lenger framme i tid. Har ikkje fått med meg korleis det blir med oljeleiting utanfor Lofoten.

Det er reglar også i dette landet for maskestorleiken på garn. Og det er politi som skal ha kontroll med det. Politiet ved innsjøen ser mellom fingrane på det ulovlege fisket så lenge dei får litt pengar dei kan stikke i eiga lomme.

Også andre fordeler har politiet i landsbyen der. For gratis drikke på puben, overser dei at musikken i lokalet er for høg og sjenerer folk som oppheld seg i nærleiken. For mitt vedkommande må eg nok ein gong lovprise oppfinninga av øyreproppane «Sov i ro»

Sam vertinna der vi budde, kjempar med nebb og klør for å stoppe rovfiske og for å redusere korrupsjonen hos politiet. Ho er med i «kommunestyret». Fisk kjøper ho på Mosambik-sida av sjøen. På den måten markerer ho sin motstand til overfisket.

Chambo er « nasjonalfisken « i Malawi. Er på omlag 1 – 2 kilo. To kveldar på rad hadde eg det til middag. Hadde eg vore der fleire dagar ville menyen vore den same. Er noko av den beste fisken eg har ete. Beklager Vilfred, og Finnmark og Norge. Det er sant. Sjølv om eg har ete MYKJE førsteklasses fisk, mest frå frå Varangerfjorden; Eg trur ikkje det berre har med at det var mine første fiskemåltid på fleire månader. Fisken var verkeleg god, og godt tillaga.


VASK OG LEIK OG LEITING ETTER OLJE OG FRED

Dei driv ikkje berre fiske i sjøen . Sjøen er vaskeplass for klede, kjørler og folk.

Og ikkje minst tumleplass for leikande barn, og turistar.


Las for ikkje lenge sidan at det er planer om å bore etter olje i Malawi-sjøen. Korleis det då blir for livet under vatnet veit ikkje eg. Og korleis vil nabolandet Tanzania i nord ta det? Tanzania har byrja å sjå på gamle grenser og meiner dei har hevd på deler av sjøen. Her i landet snakkar dei mykje om at på tross av mykje elendigheit har dei i det minste fred. Både innan i landet og eit godt forhold til nabostatane...

                                                        I vegbana.  Kan noko slikt ha inspirert Walt Disney mon tru?

torsdag 2. august 2012



STRIKKING OG KULTURRELATIVISME

Når eg var her i februar hadde eg med mange strikka baby huer frå Bergen. Tenkte både då og når eg kom heim igjen; Kvifor ikkje lære kvinner i Malawi å strikke? Tenkte på det kinesiske ordtaket om at gir du ein mann ein fisk har han mat for ein dag. Dersom du lærer han å fiske, har han mat for resten av livet. Mange, både kvinner og menn, sit heile dagane og sel for eksempel tomater og bananer, med hendene i fanget ,og har ein kunde no og då. Kvifor ikkje nytte denne tida. Kanskje dei til og med ville få meir å selge og dermed større inntekt,?

Eg tok med strikkepinnar og garn frå Norge. Ruth, søstera mi har sendt meir. Har hatt planer om å få til eit strikke- kurs.

Etter ei stund gjekk eg på utkikk etter strikkepinnar og garn. Ikkje lett å få tak i. Men nokre få butikkar i landsbyen hadde eit lite utval av strikkegarn, nokre få pinnar fann eg etter å ha leita lenge. Eg kjøpte eit garnnøste til eige bruk, men for ein pris! Eg rekna fort ut at å strikke feks ein gensar sjølv var mange gongar dyrare enn å kjøpe ferdige klede.

Tenker at så lett det er å ønske å overføre eigne måtar å sjå ting på utan å ta omsyn til at kulturane er ulike.

Det er truleg mykje vi kvite har ville overføre, og har overført til folk her i Afrika utan omsyn til at folk og levevilkår er forskjellig frå heime. Og ikkje av den grunn dårlegare.


Forsøkte å lære to småjenter på sjukehuset å strikke. Om dei kanskje ikkje fortset med det, hadde vi det i det minste kjekt nokre timar. Dessverre, for strikkinga sin del, vart dei utskrivne like etter. 

Handarbeid  av ulikt slag er ikkje berre for å spare eller tjene pengar. For mange vil det vere ei tilfredstilling i å skape noko. Det blir laga mykje flott trearbeid her i landet. Både figurar og bruksting som skåler, sleiver og lignande. Det er i hovudsak menn som driv med trearbeid.

" Misjonstanken" min om å lære fattige kvinner i Malawi å strikke er førebels skrinlagt!




 
Maleni var ivrig med strikketøyet


Trearbeid


På laurdagsmarknaden her i landsbyen og i Lilongwe er det utsalg av brukte klær. Som sagt er prisen MYKJE lavare enn om ein strikkar eller syr sjølve. I byen er marknadsområdet stort. Frimarknaden blir det kalla. Vi vart råda til å halde oss unna det området når vi kom ned hit. Lommetjuvar er visst ivrige der. Kvar kleda kjem i frå veit ikkje eg. Om det er klede som blir sendt som uhjelp? Det er i følge det eg har fått greie på der dei fleste ansatte på sjukehuset handlar. Sjølv kjøpte eg meg ein finkjole i forbifarten til vel 50 kroner. Prislappen var på så den var ikkje brukt ein gong.




HJELP OG PASSIVITET


Har tenkt på om vår iver etter å hjelpe kan dempe initiativ hos lokalbefolkninga. I mai i var ei gruppe på omlag 10 personar frå USA her og gjorde  diverse målararbeid på sjukehuset. Tre rom for nye sjukepleiarar vart måla og inngangspartiet til sjukehuset dekorert. Dei som var her, er her årleg, og er tydeleg stolte over arbeidet dei gjer for å hjelpe.

Reisa frå USA og hit er relativ kostbar og dei betaler turen sjølv. Det ei reise kostar er enorme summar i Malawisk målestokk. Kva om berre 5 hadde reist hit? Og andre hadde gitt pengar? Om desse som var her hadde betalt nokon frå landsbyen til å vere med male ? Og lært dei opp om det var nødvendig.Det er mest ikkje lønna arbeid å få her. Og mange er svært fattige. Eg veit blant anna det er biletkunstnarar her i landsbyen. Eg tenker det måtte vore godt for dei som bur her at ein av dei hadde dekorert inngangspartiet.
Trur at for stor grad av veldedigheit gjer noko med kjensla av verdighet til mottakaren. Den som gir kan kjenne seg snill. Men korleis hjelper ein folk fram og ikkje til å bli verande i passivitet? 

Eg ser at det må vere vanskeleg å takke nei til hjelp. Sjukehuset er  avhengig av økonomisk hjelp frå givarar. Det gjeld dermed å halde seg på god for med dei som av godt hjartelag vil hjelpe. Men det er noko som heiter at vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar.


                                    Dekorasjon av inngangspartiet til sjukehuset