fredag 25. mai 2012


LITT OM LIVET MITT I NKHOMA

Omtrent 4 veker sidan eg kom hit til Malawi. Virkar mykje lenger. Er truleg dei mange inntrykka som gjer at opplevinga av tid er endra. Er ferdig med deler av orienteringsperioden. Dette inneber at vi må jobbe ei viss tid på fleire avdelingar for å få arbeidstillatelse. Er idag ferdig med nokre dagar på ein kirurgisk avdeling. Medisinsk er i første omgang «unnagjort». Har vore nokre travle dagar på avdelinga sjølv om det har vore mange flinke sjukepleiarstudentar til hjelp. Eg greier ikkje forestille meg korleis de vil vere når det berre er 4 på jobb med ca 50 pasienter, mange nyopererte. På kirurgisk avdeling er det på kvinnesida mest keisersnitt , det vil seie at der er mange nyfødde barn som også krev oppfølging. På mannssida er det mykje prostataoperasjonar. Det er også ein avdeling for brannskadde, der det for tida er tre barn innlagt.
Der inga oppvakningsavdeling. Dei nyopererte kjem rett på avdelinga. Det er dermed mykje å passe på dei første timane. Ellers er det forskjellige diagnosar: Mykje kompliserte sår. Ei ung kvinner som er innlagt hadde slåst med eine søstera si. Søstera hadde bete henne gjennom huda på kinnet , noko som resulterte i eit stort betent sår. Deler av kjaken måtte fjernast. Som regel drøyer pasientane det med å komme til sjukehuset. Mange bur langt borte og det er ikkje minst dyrt. Til alle sår-stella krevst det utstyr. Bla bandasjer, og noko så enkelt som plaster. Det er mangel på absolutt ALT. Ein dag gjenstod fleire sår-stell. Eg undra meg på kvifor, for den dagen hadde vi god tid? Årsaka var at det var slutt på kompressar... Vi er konstant på leit etter noko.

Det er rart å sjå på kva som er tilgjengeleg her. Det er lite av alt. Det blir fylt på litt og litt for lageret er lite, og dei er sikkert redd vi skal sløse . Mykje er gåver. Alt er ikkje så praktisk. På det sentrale lageret på sjukehuset står kasser som er donert frå utlandet. Ein farmasøyt frå England har ansvaret der. Virkar som om helsevesenet her er TOTALT avhengig av gåver frå utlandet.

                                                       På kirugisk avdeling.

KROKODILLAR OG HUNDAR.

Sår av bitt er ikkje uvanleg her. Mest vanleg er bitt av dyr. Hundar og krokodiller. Var ikkje klar over at det er krokodiller i elva her i Nkhoma. Ikkje skal eg stikke føtene uti den elva om det blir aldri så varmt... I forrige veke døde ei ung kvinne av rabies her på sjukehuset. Ho kom for seint til behandling.
Det kryr av hundar her. Lysebrune,mellomstore og slanke. Pene hundar. Ser ut som dei er i familie. Dei er fredelege og vandrar rundt på leit etter mat. Saman med geiter og høner utgjer dei eit frodig dyreliv rundt husa i landsbyen. Er mykje lyd til tider.

For meg er det ikkje muleg å sove frampå. Vaknar som regel i femtida, og er stuptrøtt klokka ni om kvelden. Når straumen blir borte i 6 tida og er vekke eit par timar kunne glatt ha lagt meg. Dette skjer fleire gongar i veka. Lyset av hodelykt, stearinlys ol. begrensar kva ein kan ta seg til. Gjer meg tankar om at det må vere passiviserande for alle dei ca 92 prosent av folket som ikkje har innlagt strøm. Det kan ikkje anna enn begrense kva dei kan finne på i sine mørke små hus. Batteri er dyrt, det same med stearinlys og oljelampar. Korleis kan feks ungane få gjort lekser. Tatt med i rekneskapet at dei har vore oppe før hanen galar og kanskje jobba nokre timar før dei gjekk på skulen.
Eg har tydelegvis adoptert døgnrytmen til lokalbefolkninga. Når eg går min morgon tur i 6 tida er det full aktivitet i landsbyen. Vinter her. Skumrar ca 17.30, og er ikkje skikkeleg lyst før 6 om morgonen.

Har stort sett halde meg i landsbyen, bortsett frå nokre ærend til byen. Går greitt å ta seg fram her i landet berre ein har tid. I guideboka mi blir Malawi kalla for afrika for nybegynnarar. Kan seie meg einig ut i frå det eg har sett. Det virkar relativt fredeleg her.



                                             Morgonstemning


17 MAI OG OPPHALDSTILLATING

Vart feira i regi av ambassaden i Lilongwe. Ein kjekk dag . Først på dagen var det tog frå ambassadøren sitt hus til eit anna hus i nabolaget. Vi var omlag 30- 40 vaksne og barn . Tale av ein ungdom. Det vart servert norsk 17. mai mat og lekar for barna. Nett som heime, og veret var fint.....
Vaksne var invitert til ambassadøren om kvelden frå kl. 18. Eg hadde det for med at vi skulle til middag og ville bli ein liten gjeng. Slik vart det ikkje. Det var hageselskap med 200- 300 menneske. Mange politikarar frå Malawi, ansatte i andre ambassadar , Kirkens nødhjelp o.l. Pressa var der også og dekka arrangementet og gav referat av ambassadøren si tale. Eit av tema i talen var toleranse generelt, og ikkje minst i forhold til homofile i Malawi som er ei diskriminert gruppe. Vi vart servert « moderne kanapear» av servitørar som vandra rundt mellom oss under den afrikanske stjernehimmelen med fin musikk i bakgrunnen. Var heldig å treffe på fleire som hadde kjente landet godt og var villig til å fortelje.

Før feiringa av dagen var vi på immigrasjonskontoret for å formalisere opphaldet i landet.Ein tjukk bunke med pengar hadde vi med for å betale for dette. Vi møtte ein hyggeleg ung mann som raskt gav oss dei nødvendige stempel i passa, og ønska oss velkommen til landet. Til koordinatoren vår Sam hadde han sagt på Chichewa, at vi ikkje skulle betale noko. Når dette gjekk opp for oss utanfor kontoret, gjekk eg inn igjen, takka, og gav han eit lite norsk flagg ( slike vi har på bla kransekaker ) Kunne sjå han vart rørt, og det var eg også.







                                   Mike, Linn Kristin ( var her i fjor, er no i Lilongwe),nordmann frå                                                                                            Etiopia, Frøydis og eg.

NKOMA FJELLET OG MANNEN UTEN SKO

I dag fredag har eg endeleg bestege Nkhoma fjellet. Noko eg har sett fram til sidan eg kom hit. Fjellpartiet ruvar opp frå slettelandet rundt. I februar når eg var på veg hit for første gong, beundra eg desse fjella på avstand. Visste ikkje før vi nærma oss landsbyen at det var Nkhoma fjella.

Landsbyen ligg på ca 1200 m.o.h. fjellet på i underkant av 1800. Ettersom dagane er korte har eg ikkje hatt anledning tidlegare. Hadde håpa gartnaren vår Wilfred kunne guide meg. Dessverre er han sjuk for tida, og eg la i veg på eiga han. Etter litt famling fann eg stien og traska oppover. Ved foten av sjølve fjellet har misjonstasjonen ei bemanna hytte viste det seg. Bestyraren der tilbaud seg å vise veg. Eg hadde ikkje pengar med, men det var greitt eg betalte ein annan gong.

Er verkeleg glad for guidinga. Etter regntida er graset på begge sider av stien så høgt at det ikkje alltid var lett å sjå stien. Guiden hadde med seg ein slags ljå som han rydda veg med her og der. Det var også til tider mykje klatring. Var godt å ha med ein som visste kor ein skulle komme lettast opp.
Han vandra lett som ingenting oppover utan sko på føtene. Eg trong pause no og då for å få pusten igjen.

At han ikkje hadde sko på føtene kom av at han rett og slett ikkje hadde sko. Tente for lite til å halda seg med sko, samstundes som han skulle brødfø ein familie på 7. Og eg med alle mine sko.......dei fleste bruker eg knapt. Han synest det var kald om nettene for tida. Det synest eg også. Eg har kjøpt meg ei tynn dyne. Har også ekstra tepper, og til og med pyjamas. Han hadde berre ei t-skjorte og ei vanleg bukse på seg. Ingenting ekstra til å ta på seg på kveld/ natt. Brukte å tenne bål for å halde varmen. Det kunne eg lukte. Fortalte dei hadde eit teppe heime.

Berre eit teppe til ein familie på 7 ?
Kvifor betaler ikkje misjonstasjonen han meir i lønn slik at han har både til mat og klede?

Mykje av det eg observerer og høyrer, utløyser mange spørsmål, og få svar. 


 

onsdag 9. mai 2012



NKHOMA MALAWI

Lørdag 5. mai ; 17 MAI OG JULAFTA


Har vore her ei veke. Litt over 7 i dag tidleg la eg i veg på ein tur langs vegen mot ei elv litt lenger inn i dalen. Tenkte eg skulle få meg ein roleg tur før sola vart for varm. Visste det var marknadsdag, men ante ikkje at eg kom til å møte den folkevandringa på vegen. Det er nærast å samanlikne det med 17. mai tog heime. Det kom folk i strie straumar mot meg til fots eller på sykkel. Med geiter i band, eller surra fast på bagasjebrett på syklar. Eller diverse plastbaljar ol til å bere varer med seg heim igjen. Mange helste og nokon ville prate. Mange av dei som kjem frå bygdene litt utanfor landsbyen kan lite eller ikkje engelsk. Mange har måtte slutte tidleg på skulen for å hjelpe til heime på gardane.

Det er fine turmuligheter, både langs vegen og på nokre høge fjell. Sjølve landbyen ligg 1200 meter over havet. Det høgaste fjellet er nærmare 1800 meter høgt. Har ikkje våga meg ut på det enno. Vil leige guide på min første tur.



                                                              Nkhomafjellet.


Ut på dagen var Frøydis og eg og handla på marknaden. Utvalget av grønsaker var lite i forhold til i februar. Var mest poteter, søtpoteteter og irske poteter( som er som våre) Ellers rikeleg med store flotte, gode tomatar. Vi kjøpte oss også Chitenje som er eitt to meter langt tøystykke som blir brukt som skjørt. Eit behageleg plagg. Luftig og passer alle «storleikar» Gjer ingenting om ein går litt inn eller ut. Og det gjer ein no....


                                     Salg av geiter på marknaden.



Blitt vel motteken overalt. Dei fleste er blide og lette og omgås. På tross av at mange er fattige virkar det ikkje som om det alltid går ut over humøret.

Har hatt to arbeidsdagar på sjukehuset. Ellers har vi blitt vist rundt på sjukehuset, som har ca 220 pasientar, og nokre poliklinikkar. Hatt ein tur til byen for å ordne med arbeids og opphaldstilatelse. Må tilbake på mandag . Eit kontor hadde møte og etter det, utan forvarsel,stengte for dagen. Vi fekk heldigvis gjort nokre andre ærend. Var forskjellig som vi har bruk for, feks nattbord og stoler til terrassen. Kjøpet av nattbord ( på størrelse med eit salongbord) skjedde fort og gale. Sam, koordinatoren vår stoppa bilen i vegkanten,i rushtida, i skumringa . Der var det salg av møbler langs vegen så langt auga rakk. Han kjøpte bord før vi fekk sukk for oss. Vi fekk det så vidt pressa det inn i bilen i baksetet der Frøydis sat. Ho fekk bordet opp i fanget. Bordet var ikkje skikkeleg pussa og malinga ikkje tørr.... Både ho og baksetet fekk maling på seg.... No er det tørt,og om det ikkje er særleg forseggjort er det funksjonelt. Eg er vel fornøgd.

Vi har eit greit hus og ein herleg overbygd terrasse på hagesida av huset. Der sit vi usjenert. Finn dessutan alltid skygge der. Det er godt når det er på det varmaste på dagen. Gartnar og hushjelp har vi også. Dei er glade for å ha jobb og vi ruinerer oss ikkje på det. Gartnar har vi bruk for. Vi kunne klart oss utan hushjelp.



                                               Frøydis på terrassen

Dagane på arbeid har vore slitsomme, som det alltid er når ein er ny. Nye folk og rutinar. Og språket då. Eg er ikkje stø i medisinsk terminologi på engelsk, som er arbeidsspråket. Bruker ein del krefter på det. Dei ansatte er flinke i engelsk, men snakkar med ein aksent som det vil ta tid å venne seg til.
Sjukepleieoppgåvene er å gå legevisitt og dele ut medisinar, ta blodprøver o.l. Diagnosane på medisinsk avdeling (der vi skal vere dei to første vekene) er for det meste; malaria, tuberkolose og ulike infeksjonar, feks lungebetennelse. Mange av infeksjonane er knytta til at pasientane har HIV i ulike stadie. Dessverre kjem mange altfor seint til behandling. Dei har forskjellige medisinar her og dei er gratis til pasientar med HIV. Eg synest det har vore vondt å sjå unge småbarnsmødrer som er svært sjuke. Her er det normalt. Mellom 50 og 60 prosent av pasientane har HIV. Familiestrukturen her med storfamiliar, gjer at barn blir tatt hand om av besteforeldre, eller tanter og onkler om foreldra fell bort. Det virker det som det kan gi den sjuke ein slags trygghet for at barna blir ivaretekne.

Har enno ikkje fått prata noko særleg med pasientane. Må i dei fleste tilfelle ha tolk. Det er ikkje vanleg her at sjukepleiarane pratar særleg med pasientane utan det som er høgst nødvendig. Og dei er ganske bestemt kan det virke som......Ein litt anna kultur enn eg er vant med heime. Dette er sjølvsagt berre eit første inntrykk. Har berre hatt to dagar å gjere observasjonar på.

Vi har hatt innrykk av diverse seljarar på døra dei siste dagane. Dei hiv seg truleg rundt for å vere først... Det har ryktast at vi er nye. Kom til og med ein heilt frå Lilongve i lunchen fredag.( 6 mil) Det var den same eg har handla med når eg var der sist og det var ikkje noko eg ville ha. Ikkje lett å skuffe folk, men slik må det bli., ellers blir huset fort fullt av ting ein ikkje ønsker..Har likevel fått kjøpt meg eit bilete til å ha på veggen og diverse småting vi hadde bruk for.

Ellers var det litt som julaftan her i dag. Fekk installert eit noko ustabilt mobilt breiband. Endeleg i kontakt med omverda igjen. Fekk snakka med fleire der heime på Skype. Det kjentes godt. Litt uvant å ikkje ha den muligheten. Blir truleg ein vane det også.

Mandag 7 mai. BYTUR ,

Har i dag vore i byen for å søke om godkjenning som sjukepleiar og dermed arbeidstillatelse. Det er eit eige kontor for det. Dama på kontoret var både mistenksam og uvillig. At vi hadde godkjente kopiar med heimifrå og at Nkhoma sjukehus gjekk god for oss var ikkje godt nok. Vi skulle hatt orginaler med. Noko som ligg heime på Brattholmen... Sam, koordinatoren her hadde fått oss til å betale ein advokat for å stemple papirene våre som godkjendt. I følge han vil då heile prossessen gå som smurt. Dama på kontoret spurte med rette korleis det hadde gått føre seg... Ser no i ettertid at ikkje det var så lurt. Med den type praksis kan dei nok tru at slik går an heime også.... At papirene våre ikkje er til å stole på. Kor som er, etter mange timar har vi fått midlertidig lisens. Vi må innom ulike avdelingar på sjukehuset for å nødvendig praksis før ny søknad om 4 veker.
Fekk heldigvis handla litt ting vi fortsatt mangla og varer vi ikkje får tak i her i landsbyen

DEVALUERING OG BENSINKØ

Er spennande tider i landet. I dag er pengane devaluert med 48 prosent. Prisane vil gå opp. Folk generelt her har ikkje så mykje å rutte med frå før. Men heldigvis har nok ikkje folk flest særleg med lån. Det har vore nokre veker med optimisme her. Den forrige presidenten som var svært upopulær døde brått og visepresidenten, ei kvinne, vart sett inn fram til valget neste haust. Ho starta si gjerning med å kjøpe inn rikeleg med bensin. Dette har ført til at bensinkøane som tidlegare kunne vere fleire kilometer lange vart borte. Det vart dermed mulig for folk med bilar å kunne planlegge. Idag var det lange køar igjen. Lageret av bensin er i ferd med å gå tomt. Etter ein opptur virkar pessimismen å bre seg.
Når vi kom heim idag var dessutan straumen borte. Første gong vi opplever det. Når eg var her i februar var den borte nokre timar kvar dag. Vi har utstyrt oss med diverse lykter og solcellelamper og gasskokar . Vi er dermed hjelpne om det skjer igjen.

INTERNETT 

Den største utfordringa for meg for tida er den ustabile innternetttilgangen. Best etter elleve om kvelden. Då er eg i sengs for lengst og dei fleste der heime også. Gir meg ei kjensle av å vere isolert. Nett no er klokka vel seks om morgonen, Og intenett fungerer sjølv om det går seint.Det er truleg få der heime som er våken eller har tid til ein prat på denne tida.... Om det går litt tid mellom kvar gong eg gjer lyd frå meg, veit de årsaken. Det går seg nok til.