fredag 7. desember 2012

LANDSBYAR OG HØVDINGAR


Det er vel 330 landsbyar rundt Nkhoma Mission. Innbyggarane i ein landsby er stort sett i familie med kvarandre. Talet på hus i ein landsby varierer. Ikkje uvanleg med 150 til 250 små hus. Gruppert med gjerne 5-6 hus med næraste familie. Familiane er barnerike, så det kan bu ein heil del menneske i ein landsby. Husa står tett i tett. I nokre landsbyar er husa av ubehandla murstein, andre igjen har dekka mursteinane med sement. Nokre få har mala denne sementen, vanlegast med ein brunraud farge øvst og koksgrå nederst. Taka er dekka av bølgjeblikk eller strå. Kor mykje dei «pynta» på husa sine avheng av økonomi. Nokre har vindauger, andre berre plater dei set føre gluggane om kvelden for å halde kulde, regn og mygg ute, alt etter årstida. Varmen er umogeleg å halde ute. I dei fleste landsbyane eg har vore i er det velstelt og pent utanfor husa. Dei kostar bort lauv og anna rusk med små kostar som gjer at arbeidsstillinga er ryggen i 90 graders vinkel. Få om ingen klager over ryggplager. Eg spurte Wilfred ( gartnaren) om han fekk vondt i ryggen av denne arbeidsstillinga? Det fekk han av og til fortalte han. Han vart glad når eg gav han pengar til eit skaft han kunne feste kosten på.



                                             Typisk landsby



Om det ofte er pent rundt husa skal ein ikkje langt bort før bosset ligg strødd. Plastposar og rusk og rask overalt. Ser ikkje pent ut. I dette går geiter, hundar og høner på kontinuerleg jakt etter mat. Er ikkje uvanleg at geiter dør av tarmslyng etter å ha ete plastposar. Ei grop i hagen er vår bossplass. Gartnaren brenn det no og då.



                                           Bestemor som har mista alle sine 7 barn


Ingen i landsbyane har strøm. Nokre har radio som går på batteri, som ofte sprakar og skurrar. Lyttarane har likevel sett svært så tilfredse ut. Gjerne benka på ein stol utanfor huset. Er sikkert ein luksusartikkel dei er stolt av å vise fram. Tenker med skrekk og gru om alle skulle ha radio eller musikkanlegg i landsbyane. Om husa har veggar, dei totalt utan lydisolasjon. Det gjeld også vårt hus. To av våre næraste naboar har gode musikkanlegg og er svært glad i å spele høg musikk. Her står folk opp med sola. Det manglar er ikkje uvanleg at då startar lyd- uhyret. Gjerne i 5-6 tida om morgonen, Musikken trengjer seg gjennom veggar og øyreproppar. Basslyden høgg tak i kroppen. Då er berre å riste søvnen av meg å starte dagen. Nokre vil vel lure på om ikkje det er mogeleg å gi beskjed. Har gjort det på ulikt vis utan å lukkast. Morgonen er dessutan ei fin tid på dagen. Ideelt for ein liten tur før arbeidsdagen begynner klokka 7. Og før det blir for varmt for den slags aktivitet.



                                            Landsbyfamilie ( nokre av barna er på skulen)


Kvar landsby har ein sjef/ høvding; village headman blir det kalla. Dei er ein slag ordførar som er sentral i alle viktige avgjerder, samt seremoniar som bryllaup og gravferd. Dei har posisjonen på livstid etter dei er valt.

Når ein village headman/ høvding dør må det velgast ny. Den blir valt av dei eldre i landsbyen. Valkomiteen er eldre menn og kvinner frå kvar familie. Dei samlar seg i eit hus ved midnatt og valet skal vere klart på morgonkvisten. Wilfred, gartnaren vår sin høvding døde i sommar. Det var ei eldre kvinne som hadde styrt landsbyen i over 20 år. Den nye vart valt like etter. Denne gongen ein mann på ca 50 år. Wilfred fortel han trur det var eit godt val. Seier den nye er ein roleg mann med ein omsorgsfull personlegheit. Noko han han trur er viktige eigenskapar for den som skal ha den posisjonen. 
Er ein for grådig også på denne posisjonen er det mogeleg å "karre" til seg pengar. Mange av oppgåvene til høvdingen blir han betalt for. Eit grelt eksempel på dette viser noko som skjedde tidlegare i haust. Området til fiskarane i ein landsby ved Malawi sjøen vart selt. Høvdingen hadde selt område til indarar som skulle bygge hotell. Ideelt for hotell, men kvar skulle då fiskarane på dei 70 båtane med opp til eit mannskap på 9 på kvar båt gjere av seg? Salget vart etter massive protestar omgjort i slutten av oktober. Optimismen hos fiskarane var tilbake sist eg besøkte landsbyen.

                                     Fiskarar klargjer båt og utstyr



 
Eg har blitt litt kjent med ein av desse landsby-høvdinagane i nabolaget. Han heiter Katungu. Vi kom i prat på ein av mine morgonturar. Han arbeidde på åkerern. Var meir enn villig til å ta ein pause i arbeidet for å slå av ein prat. Med engasjement fortalte han meg brotstykke av landet sin nyare historie og personlege erfaringar med det. Eg hadde seinare ei hyggeleg stund ein søndag ettermiddag i heimen hans, saman med Marit, noverande koordinator for prosjektet her. Han fortalte om arbeidd for å få fleire vannpostar til landsbyen og midlar til vedlikehald av desse. Han ivrar også for å ikkje hogge ned for mykje skog, og stimulerer til at barn får skulegang. Han hadde ein boge på veggen i stova. Har laga den for å vise barnebarn og oldebarn reiskap som i ei ikkje fjern fortid var brukt for å jakte.


                                                Katungo viser kordan bruke pil og boge

Som seg hør og bør, etter det han fortalte, fekk eg gåve med når eg skulle til å gå. Ein stor pose peanøtter frå eigen hage. Kan lage mykje godt av det. Har fått smaken på nokre Malawiske rettar der ein brukar mjøl av peanøtter. Mjølet får ein ved å knuse reinsa nøtter i ein stor mortar. Dette er matrettar eg heilt sikkert også kjem til å lage også etter eg kjem heim.


LEOPARD OG ELEFANT, HYENER OG SLANGAR


Ettersom fjellet er blitt avskoga, har mange dyr blitt borte. For landsbyhøvdingen er det viktig å halde halde historia i hevd, samstundes som han er open for å tenke nytt. På museet i landsbyen er det eit skinn av leopard og ein elefant-fot. Begge etter dyr som er felt i området her for ca 50 år sidan.



                                                    Marit med elefantfot og leopardskinn



Er ikkje mange eksotiske dyr igjen. Den sky hyenen kan eg av og til høyre ule om kveldane. Har berre sett ein, og den var skoten. Låg til offentleg skue bak politistasjonen. Ein slange har vi hatt besøk besøk av i hagen. Slangen var stålgrå, gjekk nesten i eit med vatn-renna rett nedanfor terrassen der Marit og eg sat og hadde lunch. Fotoappatat vart funnen fram i ein fei, og Wilfred gartnaren vår alarmert. Vi rakk å fotografere den med ei firfisle i munnen før Wilfred tok den av dage.






I følgje han var slangen ufarleg. Det er få giftige slangar i landet, men dei fins. Også her i nærleiken. I forrige veke var det to pasientar med slange bitt innlagt på sjukhuset. Den eine, ei 5 år gamal jente, døde. Er uvisst om det var slangebittet eller andre årsaker som malaria på hjernen,eventuelt hjernehinnebetennelse som førte til dødsfallet. Den andre pasienten kom frå det med livet. Der hadde slangen lagt i sengetøyet..... Avdelingssjukepleiar fortalte i dag at i går vart ein slange, black mambo avliva av gartnaren deira. Det er ein SVÆRT giftig slange. Gifta vil ta livet av eit menneske på ca to timar. Det var sagt at det var denne type slange som hadde bite den 5 år gamle jenta. Det at ho døde meir enn 12 timar etter bitet, gjer det mindre truleg at det var det som var årsaka til at ho stoppa å puste. Skjønar eg må vere oppmerksam når eg er ute i hagen. Det er dessutan gliper både under og rundt dørene som det er mogeleg for all slags kryp å komme inn gjennom!


STRIKKING OG LANGE TIMAR UTAN NOKO Å GJERE

Kona til landsbyhøvdingen ville gjerne eg skulle lære henne å strikke. Høvdingen, som var den som førte ordet og gav henne beskjeder, foreslo ho kunne bruke tida til å strikke når ho i timevis kvar dag sat ved den lille salsboda dei har. Dei sel forbruksvarer som såpe og sukker bla. Landsbyen er liten og eg kan ikkje tenke meg det er særleg mange kundar innom i løpet av ein dag. Han formidla her tankar eg også har tenkt. Om det å bruke tida når ein set og venter på at kanskje ein kunde dukkar opp. Har dessverre enno ikkje får anledning til det, no når eg endeleg har funne ei som verkeleg ser ut som ho ønsker å lære. Ettermiddagane her er korte. Mørkt alt i sekstida. Er ikkje mykje eg rekk etter eg er ferdig på jobb klokka 4. Er ikkje tilrådeleg å gå ute etter mørket, dessutan er det dårleg med lys i husa. Kveldstid er ikkje egna verken til handarbeid og lesing. Dei fleste et middag i 7 tida, etter det er det til sengs.


                                             Kvinne på bussen som lærte å strikke på "norsk" måte



                                           
                                         PEOPLES PARTY










Heldigvis er ikkje folk berre resignerte. Eg vart invitert med på politisk møte i ein nabolandsby av Mr. Chicuse som jobber på laboratoriet.Nysgjerrig som eg er på å lære landet litt betre å kjenne, takka eg ja. Reiste dit saman med sjukepleiar Anne Marit og lege Guntram frå Bergen. Dei ville heller ikkje gå glipp av dette. Veldig kjekt for meg å ha lag med andre norske å dele opplevelsar med. Framme ved folkemøtet vart vi straks møtt av Mr. Chicuse, og geleida inn på VIP paviljongen. Der sat det stort sett eldre menn, flest høvdingar fekk eg seinare vite. Der var taler og sang, og regelmessige rop av slagordet PP. I det fredelege Malawi var til og med livvakter på møtet, kledd i mørk dress og med mørke solbriller..... Møtet varte og rakk. Ikkje mogeleg å forlate plassane våre utan å vekke oppsikt. I respekt for han eg kjenner ville vi vente til han var ferdig med si tale. Det var berre å smørje seg med tolmod. Var ikkje mykje av bodskapen eg fekk med meg. Talane forgjekk i rask tempo på Chichewa. Men enkelte ord gav meg innblikk i tema. Kollegaen min håper på å bli folkevalt frå området ved neste val. Peoples party er dei som sit med regjeringsmakta i dag. Ei kvinne, Joyce Banda, overtok som president etter at den forrige døde brått i april i år. Ho har lova mange positive endringar, utan at det har vist seg i handling enno. Det som folk merkar på kroppen er at alt er blitt mykje dyrare. Det vart foretatt ei devaluering på 49 % i sommar. Skal vere nytt val i 2014. Då er det 20 år sidan landet fekk demokratisk styre, noko som ikkje har redusert fattigdommen. Tvert imot. Barnedøden har rett nok blitt redusert. Men familiane får like mange barn som tidlegare. Når fleire lever opp på grunn av større fokus på barn si helse blir det fleire munnar å mette. Hjartesakene til kollegaen min er fleire vann-postar i området, og eit opplæringssenter for foreldrelause barn. Slik at barn som no gjerne ligg den utvida familien til byrde, kan etter nokre år på barneskulen få ei handverksutdanning. Etter mi meining er begge deler gode saker å kjempe for. Det var mykje folk samla,både barn og vaksne. Oppmuntrande å sjå politisk engasjement i dette landet der så mykje virkar å stå stille.





                                              Mr. Chikuse held sitt innlegg.
                                                  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar