søndag 10. februar 2013

SNART HEIMREISE

LITT OM Å ARBEIDE I EIN ANNA KULTUR OG ØVELSE I TÅLMODIGHET

Målet for opphaldet her var å forbetre forholda på kirurgisk avdeling. Både før under og etter operasjonar. Noko har vi har fått gjort i. Vi har jobba saman med ei gruppe malawiske sjukepleiarar og legar. Har blant anna laga nokre nye rutinar og revidert nokre i tråd med dagens retningslinjer. Ei sjekkliste har definitivt forbetra pleia før operasjonar. Med denne lista sikrar vi i større grad at det som skal gjerast før operasjonar blir gjort. Sist veke var det seminar der ulike tema vart undervist i. Påfyll av kunnskap for personalet.



                                        Chatrine Msosa, som nyleg er tilbake frå Norge underviser



Fleire ting ser ut til å måtte ligge, eller bli noko å ta tak i for dei lokale sjukepleiarane, nokre er særdeles dugande.Eller dei fredskorpsdeltakarane som kjem hit etter oss ? Begge deler er mogeleg.


Har lese og høyrt at det er ikkje vanleg for malawiarar generelt å reflektere over ting. Dei gjer som dei blir fortalt eller har alltid gjort. Det gjeld sjølvsagt ikkje for alle. Denne haldinga kan eg sjå. For meg har det vore, og er ei kjelde til frustrasjon, det å ikkje ha så mange å drøfte faglege spørsmål med. Ikkje alltid lett å sjå på praksis som med fordel kunne vore endra. Har fått øving i å sjå på, og måtte la ting ligge. Til tida kanskje er moden. Eg som liker å ha rasjonelle grunnar for det eg gjer reint fagleg, har fått røynt min tålmodighet. Men for all del eg har også hatt stjernestunder med gode diskusjonar med kollegaer og andre.



                                           Prat i sola med gode kollegaer.




Å komme frå eit norsk helsevesen og standaren der, og hit, var på mange måtar eit kultursjokk. Eg trudde rett nok det var verre. Å få innpass med nye haldningar tek tid. Trur at no når det nærmar seg slutten på opphaldet, kanskje kunne vere tida for å jobbe vidare med mange ting. No begynner vi å få tillit. Som er fundamentet for eit konstruktivt samarbeid. All erfaring tilseier at det tek tid å få innpass i eit nytt miljø. Dessverre er det snart tid å avslutte her. Prosjektperioden er utvida til slutten av april. Forhold der heime gjer at eg truleg kjem heim i midten av mars. Om ikkje før dersom far min blir verre. Det er absolutt oppgåver eg skulle gjerne ha jobba vidare med, og prosjekt utafor sjukehuset eg kunne tenke meg å få meir kjennskap til. På same tid er det heldigvis ikkje lenge før eg er heime igjen.

LATE AFRIKANARAR ?

Er einig med landsbyhøvdingen Katungu med fleire som seier at skal landet sjå ei betre framtid i møte krevst det initiativ frå lokalbefolkninga. Og hardt arbeidd. Ei vanleg oppfatning av afrikanarar er at dei er lite arbeidsame. Bøndene Malawi som er omlag 85 prosent av befolkninga ser ut til å jobbe jamnt og trutt. Strever for å få mat til seg og sine. Å seie at dei ikkje er hardt- arbeidande kan ikkje stemme. Grytidleg startar dei med arbeidet på jordene, eller i hagen som dei kallar. Reiskapane dei bruker er hakker og ein slags ljå. Ingen plog, traktor eller andre hjelpemiddel. Dei har ein pause midt på dagen. Då er det rader av folk over alt langs vegane i dette tett befolka landet. På veg heim for å lage lunch,. Det vil seie kvinnene lager mat medan mennene kviler.....Deretter er dei atter igang med diverse arbeid.







                                                         Dette gjer seg ikkje sjølv.
                                                          

Ikkje berre bøndene arbeider mykje. Å vere vitne til fiskarane sitt arbeid, har gjort meg imponert! I arbeid nærast døgnet rundt. Fiske om natta eller tidleg på morgonen,og klargjering av båtar og utstyr på dagtid. Av og til har eg sett dei ha seg ein blund på stranda. Ikkje nett moderne utstyr dei heller har å hjelpe seg med. Undrar med over når tid desse søv skikkeleg. Og fangsten kan vere mager.




                                             Fiske ved Malawisjøen


Ser at det er masse menneskelege ressursar. Mange evnerike som ikkje har mulighet til verken utdanning eller jobb utan om gardsbruket eller fiskebåten. Dei lever i eit slags natur-hushald. Har nesten ikkje pengar. Det det dei dyrkar eller fiskar har dei store familiane ofte bruk for sjølv. Å selje nokre få grønsaker i løpet av ein dag gir ikkje mange kroner i kassa. Sjølv for dei som har vore så heldig å ha ei høgare utdanning, er arbeidsmulighetane få. Utdanning utover helseyrka garanterer på ingen måte for arbeid. Om ikkje ein då har kontakter. Kjennskap og vennskap er porten til det meste. Korrupsjon på eit eller anna nivå gjennomsyrer samfunnet.

Dessverre for helseyrka sin del, ser det ut som mange søker seg dit av den enkle grunn at ein er sikra arbeid. Ikkje fordi dei ønsker det. Det bær særskilt sjukepleiaryrke preg av. Dessverre.



                                                           Rosalind på vaktrommet



På Nkhoma sjukehus, der eg har mi erfaring, er det i periodar mange frå vestlege land. Det er mest legar og studentar i sjukepleie eller medisin. Dette er hender som tar i eit tak. Er dette med å gjere at det lokale personalet får anledning til å gå inn i, eller forbli i ei passiv rolle?


Nokre vestlege legar er her over år, men dei fleste nokre veker. Studentane kan vere i veker eller månader. Dei kjem gjerne med pene klede, moderne mobiltelefonar, laptopar og anna misunnelsesverdig. Har sine turar til Malawisjøen i helgane. Og skal snart heim til velstanden dei kjem frå, med ei eksotisk oppleving i bagasjen.

Dette er gode folk her berre kan drøyme om. Kva sit så dei lokale igjen med mon tru? Nokre av personalet har vore bla i Norge og SETT forskjellane. Andre har fantasiar om korleis det er. Av desse trur dei fleste vi er steinrike alle saman.


Mange kan virke underdanige i enkelte samanhangar. Pasientar og pårørande som går ned på kne når dei kjem for å spørje om noko. Eg ber dei alltid reise seg. Prøver å finne ein stol eller benk slik at vi kan sitje ansikt til ansikt. Veit at det er vanleg at kvinner og jenter kneler når dei mottek noko frå ektefelle eller ein eldre bror. Som teikn på sin lågare posisjon. To unge damer lo når eg spurte om det var slik i deira familie. Det er kulturen vår svara dei. Virka fjernt for dei å tenke at det kunne vore på noko anna måte. Ein tidleg morgon eg vandra langs stranda ved Malawi-sjøen, traff eg nokre menn som venta fiskebåtar inn. Vi kom i prat og eg bestilte fisk til middag av ein av desse. Mannen virka på alle måtar trygg på ein utadvent måte som er vanleg for dei fleste malawiarar. Seinare på dagen kom han til hytta vi leigde med fisk i eit knippe. Eg kjente han først ikkje igjen, der han stod med bøygd nakke med ærendet sitt. No var han tydelegvis ikkje lenger på trygg grunn saman med kameratane, men i hagen til nokre musunguer. Her kjente han seg tydeleg underdanig, heime er kvinnene i den posisjonen.

Eg har mange gongar undra meg over kva som kan ligge under overflata på alle desse vennlegsinna i dette lille landet der over 50 % lever under fattigdomsgrensa.

EIT VAKKERT LAND.

Ikkje minst etter ha feriert langs langs Malawi- sjøen frå sør til langt nord er eg slått over kor vakkert dette landet er. Spesielt no i regntida når det er grønt over alt. Maisårar og anna veks så fort ein nærmast kan sjå det frå dag til dag Vakkert både langs sjøen og oppe i fjella. Og overalt, menneske kneisande i fargerike klede blant alt dette grøne. Folketalet har auka drastisk på tross av AIDS epidemien. Frå 3 millionar til over 15 millionar menneske i løpet av 40- 50 år.



Dessverre at landet, som har ein innsjø som strekk seg langs store delar av landet, få vatningsanlegg. Det kunne ha auka jordbruks- produksjonen betydeleg.




                                     Vilfred ved ei av dei paradisiske strendene utan andre turistar.


Like etter ferien helste eg for første gong på ein av mine nye naboar. Kona han er sjukepleiar. Sjølv skulle han om nokre veker flytte til eit naboland for å jobbe. Han synest det var tungt å forlate kona og dottera som berre er ca ein månad gammal. Han såg ikkje andre muligheter. Han spurte meg kva eg synest om Malawi. Med alle inntrykka frå ferien på netthinna sa eg at eg synest landet var svært vakkert. Fortalte han kor vi hadde vore.

Han sa noko slikt som ; var det berre dette du såg? Kva med alle dei fattige menneska? Han gav uttrykk for sterk harme over situasjonen landet og folket hans er i. Eg vart nesten litt brydd. Samstundes glad over å treffe eitt menneske med engasjement.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar