torsdag 28. februar 2013

FARVEL OG TAKK


FARVEL OG TAKK TIL MALAWI

I midten av mars er eg tilbake på Brattholmen. Noko eg ser fram til. Tenk å komme heim når det begynner å bli vår og lysare dagar!
På tampen av opphaldet sit eg igjen med ei kjensle av takksemd over å ha fått denne muligheten til å arbeide og bu her i dette landet i nærmare eit år. Vil nok for alltid vere prega av all den openheit, tillit og varme eg er blitt møtt med hos folk her. Det overskuggar det som ikkje alltid har vore så lett.









STOR TAKK


Eg og personalet på kirurgisk avdeling retter ein stor takk til familie, venner, kjente, Bugøynes omsorgs-senter, Bugøynes helselag, og andre som har sendt pengebidrag til kirurgisk avdeling. Trudde ikkje når eg kom hit at eg skulle komme til spørje nokon heime om pengar. Veit at stort sett alle har sine prosjekt og saker dei støttar.
Behovet for grunnleggande utstyr og ei skrapa kasse hos Fredskorpset, gjorde at eg ikkje kunne la det vere. Til mi og andre si glede har eg fått tilsendt pengar som eg trur gjer ein forskjell på avdelinga på fleire hald. Pengane er brukt til å kjøpe trillebord og diverse utstyr til kirurgisk avdeling. Noko av dette er kostbare her. Dette vil venteleg vere med å redusere både infeksjonar og feilbehandling.




INFORMASJON OG DEKORASJON


Den minste summen er brukt på det som er mest synleg, og ikkje minst viktig. Ein heller trist avdeling er blitt penare med maleri på fleire rom. Mange pasientar ligg i vekevis til sengs og kan ha glede av noko pent å sjå på. Folket her i det store og heile tradisjonsbundne. Midt opp i all elendigheten er dei fleste paradoksalt nok svært stolte av sin kultur. Landsbyen dei kjem frå søker dei gjerne tilbake til. Om dei bur og jobbar andre stader, gjerne heile sitt vaksne liv, er draumen der om ein gong å reise heim. Røtene til heimstaden er sterke. Bilete som beskriv daglegliv er folk glade i. Og kanskje litt stolte over at landsbylivet, som er det mest vanlege, er verd å illustrere ?
Dei uttrykker iallefall glede over bileta.





På avdelinga er plasterlappar på dører med informasjon på det lokale språket, bytta ut med skilt som har ein illustrasjon og kort tekst på chichewa. At nokon i si tid har valt å henge opp plaster med tekst på chicewa er prisverdig. Det såg etter mi meining midlertidig og sjabby ut. Språk er ein del av ein person sin identitet. Sjølv om engelsk er det offisielle språket, er chichewa morsmålet. Dei med minst skulegang kan gjerne berre det, og dei utan skulegang har bruk for illustrasjonar. Ein sjukehusverden kan vere framand nok som den er om ikkje språk og mangel på forståeleg informasjon skal gjere det verre.



















 


I dusjromma er det måla illustrasjon om korleis bruke dusjen. Pasientar frå landsbyane som ser ein dusj for første gong veit ikkje kva der er. Nokon trur holet i golvet er til å tisse i. Kan du ikkje lese veit du ikkje kva shower er. Eg synest kunstnaren Rashid Banda har greidd å illustrere det godt, og pent. 



 

Ein lokal snikkar har laga rammer til å ha diverse prosedyre i. Desse heng lett tilgjengeleg, og sikrar i større grad at pasientar får behandling i tråd med faglege retningsliner.





KORLEIS HJELPE ANDRE TIL Å HJELPE SEG SJØLV ?

Har meir spørsmål enn svar til det. Det er slåande i kulturen på sjukehuset her i Nkhoma at dei er vane med å FÅ. Og at det er dei kvite som set i gang med forbetringar. Sjukehuset eksisterer på grunn av donasjonar frå ulike land, både i form av pengar og utstyr og personell. Legar, anna helsepersonell, og mange studentar kjem for kortare eller lengre periodar. Nokre legar har vore her over mange år og styrer det medisinske og økonomiske. Det er berre ein ung utdanna malawisk lege på sjukehuset. Resten av legane, har ei kort medisinsk utdanning. Mange gjer etter mitt inntrykk ein imponerande innsats. Dei fleste virkar å vere oppriktig engasjerte i yrket sitt, og glade for å hjelpe folket sitt. DET er oppmuntrande å sjå. Fleire er i gang med å undersøke faglege spørsmål og nokre vil utarbeide nye rutinar. Utruleg kjekt å sjå nokon av dei lokale tek tak i ting det kan gjerast noko med.

At sjukehuset manglar mykje det er rett. Mi meining er at dei har - eller kan utvikle, det VIKTIGASTE. Og det med heller små midlar. Det eine er å forbetre dei hygieniske forholda. Det kostar svært lite. Både vatn og klorin som er desinfeksjonsmiddelet dei brukar, er nesten gratis. Det andre er å følgje opp pasientane på ein meir omsorgsfull måte. Her krevst ikkje anna enn menneske med gode haldningar. At pasientane og pårørande opplever å bli godt behandla når dei er i kontakt med sjukehuset er avgjerande for at dei skal få tillit til helsevesenet. Får ein folk si tillit kan dei i kanskje i større grad bli mottakeleg for helseopplysning, og sjølvsagt til å oppsøke helsevesenet ved behov. Ikkje i så stor grad ty til alle desse heksedoktorane som ofte gjer meir skade enn gagn.

Helseopplysning er det i høgste grad bruk for: om familieplanlegging, hygiene, kosthald, og HIV, for å nemne noko.

Kunnskap må til for at folk kan ta eigne val, ikkje berre eksistere frå dag til dag. Men først av alt må dei ut av fattigdommen, som aukar frå år til år.

Løysinga på det, sit ikkje eg med. Måten vår å hjelpe på har så langt ikkje har ført til betring i levekåra for dei som treng det mest.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar